NRK Meny
Normal

Breivik på plass i tingretten for å få den historiske dommen

Anders Behring Breivik har kome til tinghuset i Oslo sentrum. Klokka 10 får den terror-tiltalte dommen sin.

Bilen med Anders Behring Breivik ankom tinghuset kl. 9.20.

SJÅ VIDEO: Før domsavseiinga fredag, køyrde fangetransporten med Anders Behring Breivik som vanleg inn i garasjen under tinghuset i Oslo.

Kortesjen som frakta Breivik frå Ila fengsels- og forvaringsanstalt i Bærum var framme ved tinghuset i Oslo klokka 9.20, 40 minutt før dommen fell i rettssal 250.

Med blinkande lykter køyrde den kvite fangetransporten ut gjennom fengselsportane til Ila fengsel, med følgjebilar både framforbi og bak seg.

Eit politihelikopter fylgde også fangetransporten frå lufta. Ved tingretts-garasjen blei kortesjen møtt av fleire politibilar og tungt væpna politibetjentar.

Anders Behring Breivik mottar dommen kl. 10 i Oslo tingrett

SJÅ VIDEO: Anders Behring Breivik forlet Ila fengsel.

Dom for 77 drap

Den terror-tiltalte blei kvar rettsdag under den ti veker lange hovudforhandlinga frakta ulike ruter frå fengselet til tinghuset.

Når Breivik i dag kjem inn i rettssal 250, er det for å ta imot dommen for å ha drepe 77 menneske den 22. juli i fjor.

Klokka 10 startar fagdommer Wenche Arntzen opplesinga av dommen i det største rettsoppgjeret i Noreg sidan andre verdskrigen.

Fleire hundre menneske frå inn- og utland har teke vegen til Oslo tingrett for å følgja domsavseiinga direkte.

Politi med hundar i garasjen under Oslo tinghus

Politimenn med hundar held fredag vakt i garasjen under Oslo tingrett, der fangetransporten med Breivik køyrer inn.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Stor spenning

Det knyttar seg blant anna stor spenning til om dommarane går gode for aktoratet sin påstand om at 33-åringen ikkje kan få fengselsstraff fordi det er tvil om han er frisk nok, eller om dommarane vel å sjå vekk frå tidlegare rettspraksis.

– Det viktigaste for oss er at me får ein god, grundig dom. Det håpar eg blir resultatet, seier statsadvokat og aktor Svein Holden til NRK kort tid før domsavseiinga fredag.

– Til sjuande og sist er det riksadvokaten som avgjer ankespørsmålet, seier Holden.

Breivik har sjølv varsla at han kjem til å anka tingrettsdommen dersom han blir dømd utilrekneleg og overførd til tvunge psykisk helsevern for behandling. Ei eventuell ankesak vil gå for høgare rettsinnstansar frå januar 2013.

Tingretten har varsla at det vil ta fem-seks timar å lesa opp heile dommen, inkludert pausar. I motsetning til normal prosedyre, vil dommarane starta med å lesa opp slutninga, for så å gå over til ei detaljert grunngjeving.

Breivik på veg frå Ila til tingretten.

Fangetransporten med Anders Behring Breivik er på veg til Oslo tingrett, der 33-åringen i dag vil få sin dom.

Foto: NRK