Hopp til innhold

– Ukultur, samrøre og feilslutningar

Psykiatrirapporten som erklærer Anders Behring Breivik paranoid schizofren og utilrekneleg får ei stadig større slagside. Både rettspykiatrane, tingretten og Den rettsmedisinske kommisjonen har svikta, meiner schizofreni-forskar.

Anne-Kari Torgalsbøen meiner Breivik-rapport er feil

– Hadde Husby og Sørheim levert sine diagnostiske vurderingar av Breivik til meg, så hadde eg gitt dei strykkarakter, seier førsteamanuensis ved institutt for psykologi ved Universitetet i Oslo, Anne-Kari Torgalsbøen.

Foto: NRK

I dag vitnar Svenn Torgersen i rettssaka mot Anders Behring Breivik.

Han er psykologspesialist med personlegdomsforstyrringar som spesialfelt, og ein sterk kritikar av den første sakkunnig-rapporten.

Torgersen og yrkesfelle Anne-Kari Torgalsbøen var blant dei aller første frå fagmiljøet som gjekk ut i media med ei kritisk røyst mot utilreknelegheitskonklusjonen, då denne blei offentleg 29.november i fjor.

– Som schizofreni-forskar oppfatta eg raskt at schizofreni-diagnosen av Breivik måtte vera feil, seier Torgalsbøen.

NETTMØTE: Still spørsmål til Torgalsbøen i NRKs nettmøte fredag frå kl.11.30

Sju månader etter at dei sådde den første tvilen, står dei framleis fast ved kritikken: argumentasjonen til rettspsykiatrane Torgeir Husby og Synne Sørheim lek som ei sil.

Det er også bodskapen som vitnet Torgersen truleg kjem til å presentera for dommarane i 22. juli-saka i dag.

LES OGSÅ: Torgersen: - Breivik driver et spill med retten

– Unison semje i fagmiljøet

Ifølgje dei to psykologspesialistane er det i dag ei unison semje blant fagfolka om at den første Breivik-rapporten ikkje held mål.

– I starten var mange psykologar og psykiatrar tilbakehaldne med kritikk. I våre yrkesgrupper har me for vane å vera kollegiale og rettar sjeldan kritikk mot kvarandre offentleg. Men eg vurderte det som riktig å gå ut tidleg med mistru i ei så viktig og alvorleg sak, og er glad for at andre frå fagmiljøet etterkvart har fylgt etter, seier Torgalsbøen.

LES OGSÅ: Torgalsbøen krever sakkyndig-revolusjon etter Breivik-saken

Torgalsbøen arbeider ved psykologisk institutt på Universitetet i Oslo og har mange års klinisk og forskingsrelatert erfaring med schizofreni-pasientar.

Ho meiner både rettspsykiatrane Husby og Sørheim, tingretten og Den rettsmedisinske kommisjonen er skuldige i unnlatingssynder og feilsteg i samband med den første vurderinga av sinnstilstanden til massedrapsmannen bak 22. juli.

LES OGSÅ: Dette er Breivik-psykiaterne uenige om

Breivik og dei sakkunnige rettspsykiatrane i sal 250

Alle dei fire sakkunnige rettspsykiatrane er til stades under den ti veker lange rettssaka mot Anders Behring Breivik. Neste veke skal dei forklara seg for dommarane om sine motstridande konklusjonar om Breiviks psyke.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Makt og hovmod

Tingretten oppnemnde blant anna to sakkunnige frå same fagmiljø. Den rettsmedisinske kommisjonen er prega av samrøre, kneblar dissens og let det gå prestisje i Breivik-saka, meiner psykologen.

Ho viser til at DRK har hamna i ei knipe etter at dei utan vidare godkjende rapport nummer éin, for så å få ein rapport nummer to med motstridande konklusjon på bordet.

– Menneske som sit i maktposisjonar må ikkje få lov til å bidra til feil konklusjon for å redda eiga truverd og omdøme, seier ho.

LES OGSÅ: Hysjet ned uenighet om Breivik-rapport

– Husby og Sørheim ville fått stryk på eksamen

Førsteamanuensis Torgalsbøen er jamnleg sensor når UiO-studentar på profesjonsstudiet i psykologi har eksamen i faget diagnostikk. Eksamensoppgåvene går ut på at studentane skal finna fram til den diagnosen som passar best på ein oppdikta case, og underbyggja sin konklusjon.

– Hadde Husby og Sørheim levert sine diagnostiske vurderingar av Breivik til meg, så hadde eg gitt dei strykkarakter. Dei nyttar kriteria feil og har ikkje dokumentasjon for den slutninga dei trekkjer, fortel psykologspesialisten.

Ho meiner det er høgst usannsynleg at Breivik har paranoid schizofreni og urimeleg å tru at han var psykotisk både før, under og etter ugjerningane.

– Personlegdomsforstyrringar er truleg meir dekkjande for å skildra psyken til Breivik, meiner ho.

LES OGSÅ: Breivik angrip psykiatri-rapport

Kunstgjødselsekker på Anders Behring Breiviks gård utenfor Rena

Fleire fagpersonar meiner det skurrar at Breivik skal ha vore psykotisk under den lange og grundige planlegginga av terroråtaka 22. juli 2011. Garden på Rena leigde han som eit skalkeskjul under produksjonen av den 900 kilo tunge kunstgjødselbomba.

Foto: Brenden, Jo E. / Scanpix

Schizofrene hugsar dårleg

Førsteamanuensisen utdjupar synet sitt på følgjande måte: personar som lir av schizofreni har ofte ein svekt kognitiv funksjon. Det medfører dårleg hugs, konsentrasjonsvanskar og problem med å planleggja.

– Dette er typiske symptom for denne gruppa. Men Breivik har lese mykje, skrive eit omfattande kompendium, planlagt, produsert bomber og fått til ein logistikk som er heilt eksepsjonell. Dette rimar veldig dårleg med å ha alvorlege psykotiske symptom, utdjupar Torgalsbøen.

Bisarre vrangførestellingar er også sentralt hjå personar som lir av schizofreni.

– Breivik har ikkje slike bisarre vrangførestellingar. Husby og Sørheim har i tilfelle ikkje klart å dokumentera dette godt nok, seier Torgalsbøen.

Ho meiner mykje av årsaka til at dei to erfarne rettspsykiatrane har feila i denne saka, er at dei har jobba for tett og at dei ikkje har teke omsyn til den politiske subkulturen som Breivik høyrer heime i.

Husby og Sørheim har tidlegare gjort det klart at dei ikkje kan kommentera innhaldet i den rettspsykiatriske rapporten under rettssaka.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.