«Fjordman» vil blogge frå rettssaka

ÅLESUND (NRK.no) Den islamkritiske bloggaren «Fjordman» vil blogge frå rettssaka mot Anders Behring Breivik. – Eg har ein plan om å skrive frå dette mediesirkuset, skriv han i eit nytt blogginnlegg.

Rettssaken Anders Behring Breivik

«Fjordman» meiner rettssaka mot Anders Behring Breivik utviklar seg til eit mediesirkus. Sjølv varslar han at han vil blogge frå rettssaka.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

«Fjordman», eller Peder Nøstvold Jensen som han heiter, blei dregen fram som ein viktig inspirator for Anders Behring Breivik kort tid etter terroraksjonen 22. juli. I manifestet sitt siterte Anders Behring Breivik «Fjordman» 111 gonger. No er «Fjordman» kalla inn som vitne, noko han reagerer sterkt på, ifølgje det siste blogginnlegget hans på nettstaden EuropeNews.

– Eg skulle gjerne ha hatt høve til å gå inn i ei Breivikfri sone. Men dessverre har eg ikkje noko val. Eg må følgje saka i eit par dagar, i og med at eg blei dregen inn i denne forferdelege saka mot min vilje. Eg er blitt spurt av forsvararane til Breivik om å vitne i saka, skriv Nøstvold Jensen.

– Bloggar om rettssaka

I det siste blogginnlegget sitt siterer Nøstvold Jensen ei rekkje personar som har uttalt seg om saka. I hovudsak er dette sitat som byggjer opp under ein konklusjon om at rettssaka er konstruert som eit mediesirkus. Han varslar at han kjem til å skrive om det han kallar eit mediesirkus på internett.

– Eg har ein plan om å skrive om dette mediesirkuset som kjem ut av denne forferdelege saka, inkludert informasjon om dei andre vitna og om den politiske bakgrunnen i den vesle nasjonen min og i den vestlege verda, skriv bloggaren.

Vil ikkje svare NRK

NRK har i dag forsøkt å få ytterlegare kommentarar frå «Fjordman». Han ønskjer imidlertid ikkje å svare på spørsmål frå NRK.

– Jeg har dessverre ikke tid til å svare alle journalister akkurat nå og misliker dessuten sterkt den uhederlige politiske kampanjejournalistikken NRK som institusjon har vist i denne saken, og ofte i andre sammenhenger også, skriv «Fjordman» i ein e-post til NRK.

– Ein av dei viktigaste ideologane

«Fjordman» er av mange peika på som ein av dei viktigaste ideologane i den anti-islamske rørsla i Europa. I eit oversyn som er utarbeidd av ein antirasistisk britisk organisasjon, blir «Fjordman» rangert som ein av dei tolv mest innflytelsesrike ideologane i denne samanhengen.

– På grunn av internett organiserer dei seg på ein annan måte enn tidlegare. Meiningane til «Fjordman» dukkar opp over alt. Han har skrive på Gates of Vienna-bloggen og på English Defence League sin blogg, seier ekspert på det høgreekstreme miljøet i Europa, Nick Lowles til NTB.

– Påminning om smerte og sorg

I innlegget sitt har Peder Nøstvold Jensen fleire kritiske merknader til vitnelista. Han skriv at lista kan vere med på å gjere rettssaka til ei mellomting mellom eit sirkus og politisk underhaldning.

– Bak denne mediehendinga treng vi ei påminning om at der er smerte og sorg i dusinvis av familiar som aldri meir kjem til å få sjå sine kjære att på grunn av dei vonde handlingane til Anders Behring Breivik i juli 2011, avsluttar Peder Nøstvold Jensen i innlegget sitt på nettstaden EuropeNews.