NRK Meny
Normal

Måtte ty til tysk for å skildra tilstanden til Breivik

SAL 250 (NRK.no): Rettspsykiatrane Agnar Aspaas og Terje Tørrissen måtte oppsøkja tysk faglitteratur for å finna eit dekkjande omgrep på tilstanden til Anders Behring Breivik.

Aspaas og Tørrissen

Breiviks pompøse grandiositet er ikkje eit uttrykk for psykose, men for 'ideologisk svermeri', meiner Agnar Aspaas og Terje Tørrissen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Under vitnemålet sitt måndag kom dei to stadig tilbake til Breiviks grandiositet – hangen til å gje seg sjølv ei overdriven viktig rolle og betyding i eit større perspektiv.

– Det er ikkje tvil om at observanden har høge tankar om eiga rolle. Vurderingane hans av eiga betyding for landet og for Vest-Europa er overdriven gloriøs, forklarar Aspaas framfor dommarane i rettssal 250.

Men Tørrissen og Aspaas tolkar denne grandiositeten som eit uttrykk for noko anna enn psykose.

LES OGSÅ: Aspaas og Tørrissen argumenterte for sin rapport i retten

«Ideologisk svermeri»

Dei to rettspsykiatrane omtalar Breivik som eit «særtilfelle».

– Han skil seg frå noko dei sakkunnige har sett tidlegare. Han utfordrar diagnosesystemet, sa Aspaas under vitnemålet måndag.

I mangel på eit dekkjande og godt omgrep i norsk faglitteratur, fann dei skildringar av tilsvarande former for sjølvsuggesjon i eit tysk verk. Omgrepet som var nytta der, var «ideologisk svermeri».

– Det karakteristiske er at denne typen forteljingar blir tona ned ved konfrontasjon. Det finn me ikkje hjå personar med psykose, fortel Aspaas i retten.

«Han har trekt seg sjølv inn i ein urealistisk framtidsdraum basert på totalitær og militant ideologisk svermeri», skriv dei i den rettspsykiatriske erklæringa.

Andre ting som vitnar om betydeleg grandiositet i Breivik sitt tilfelle, er skryt av eigen økonomisk suksess og uniformer og titlar han har gitt seg sjølv som ridderjustitiarius. Dei sakkunnige nemner også at han har tildelt seg Krigskorset med tre sverd, den høgaste utmerkinga i krig som ein kan få i Noreg.

– I framstillinga blir hendinga fantastisk utforma, og i gjentakingar blir dei stadig meir overdrivne. Til slutt trur dei på det sjølv, utdjupar psykiater Aspaas.

Held fast ved at Breivik er tilrekneleg

Sjølv etter å ha observert Breivik i retten i ni veker og høyrt vitnemålet til dei to andre sakkunnige, som meiner tiltalte er utilrekneleg, står Aspaas og Tørrissen fast ved at dei ikkje ser teikn til psykose.

Metodisk og grundig gjorde greie for psykiater Agnar Aspaas ut om kvifor dei ulike kriteria for psykose ikkje er innfridde hjå Breivik.

– Om pasienten lir av paranoid schizofreni, må det vera ein atypisk versjon underteikna ikkje har kjennskap til, sa Aspaas.

LES OGSÅ: Dette er de sakkunnige ueinige om

Han og kollega Tørrissen går så langt som å konkludera med at det på den tida dei undersøkte han er heilt usannsynleg at observanden hadde ei psykoseliding. Dei finn heller ikkje grunnlag for å konkludera med psykose på gjerningstidspunktet – 22. juli 2011.

Dei avviser også Asperger, Tourettes og ADHD, som andre psykiatrivitne har vore innom, og meiner bestemt at Breivik lir av ei narsissistisk og dyssosial personlegdomsforstyrring (sjå faktaboksar til høgre).

Det er ei psykisk liding som ikkje går under psykoseomgrepet i rettspsykiatrisk forstand.

– Ikkje lura av Breivik

Aspaas slo også tilbake mot Den rettsmedisinske kommisjon og andre som meiner dei kan ha blitt lura av Breivik, som så gjerne vil bli erklært strafferettsleg tilrekneleg og difor har tilpassa framferda si.

I retten understreka den sakkunnige at dei heile tida har lagt til grunn at Breivik tilpassar forklaringane sine for å stå fram som frisk. Dei har også teke høgde for at det er fare for underdiagnostisering.

– Me veit at dersom me einsidig legg hans strategiske svar til grunn, hadde det blitt ein underdiagnostisering, sa Aspaas den 39. rettsdagen.

Tysdag startar rettsaktørane si utspørjing av Aspaas og Tørrissen.