Utøya-overlevande: – Trudde eg var i Irak

SAL 250 (NRK.no): Mohamad Hadi Hamed (21) måtte amputera ein fot og ein arm etter å ha blitt treft av kulene til Anders Behring Breivik. Det var som om lufta eg pusta inn gjekk ut gjennom skadane, fortalde AUF-aren då han vitna i Oslo tingrett torsdag.

Mohamad Hady Hamed

Mohamad Hadi Hamed (21) låg i koma i to månader etter Utøya-massakren. Då han vakna var han ein fot og ein arm fattigare. I dag vitna han i Oslo tingrett.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Hamid var blant dei få ungdomane på Utøya som overlevde massakren ved Pumpehuset.

Då Breivik forstod at Hamed framleis var i live etter to skot med rifla, kom han tilbake og skaut han ein gong til i magen med pistolen.

– Etter at eg blei treft i armen og foten hadde eg vanskeleg for å pusta, og pusta høglytt. Då forstod Breivik at eg framleis var i live. Eg høyrde lyden av skoa hans i det han kom gåande. Brått stod han ved sida av meg. Så kom det tredje skotet. Det trefte meg i magen, fortalde 21 år gamle Hamed i rettssal 250 torsdag.

– Trudde eg var i Irak

Det var ei sterk historie retten fekk høyra frå den unge irakaren frå Brummunddal.

Torsdag kom han til Oslo tingrett i rullestol for å vitna mot gjerningsmannen.Tiltalte blei flytta inn i eit bakrom medan Hamed forklarte seg om drapa ved Pumpehuset på Utøya.

14 unge vart drepne der. Hamed var sikker på at han skulle døy, men overlevde.

– Eg heldt pusten for at han skulle tru at eg var død, seier Hamed.

Medan han låg på bakken og forsøkte å halda seg vaken, var han i sjokk over det grufulle som skjedde.

– På eit tidspunkt trudde eg at eg var i Irak. Det var jo heilt umogleg at noko slikt skulle skje i Noreg, seier 21-åringen som er medlem i Hamar AUF.

Rundt Hamed låg det mange døde og døyande ungdomar.

– Eg hugsar at eg høyrde ein slags snorkelyd, ein lyd like før ein døyr hørte en slags snorkelyd. Den lyden høyrer eg framleis, fortel vitnet.

– Eg lever eit betre liv enn Breivik

Etter Utøya-massakren blei Hamed liggjande to månader i koma. Då han vakna var både venstrearmen og venstrefoten borte. I dag sit han i rullestol.

– Tida på sjukehus var den vanskelegaste perioden i livet mitt. Eg kan ikkje seia at eg har det heilt bra i dag heller. Men eg har begynt å kunne stå på eigahand og greier å reisa meg sjølv.

Det har vore vanskeleg å venda tilbake til livet, fortel Hamed:

– I starten var det veldig vanskeleg å forstå den personen eg har blitt. Eg var forvandla frå ein heil til ein halv person etter å ha mista ein arm og ein fot. Familien min måtte mata meg.

Sjølv om tida etter 22. juli har vore vond, både fysisk og psykisk, prøver Hamed å sjå lyst på livet. Han har sett seg små mål og teke ein dag om gongen. Eitt av desse måla var å greia å møta opp i retten for å vitna mot gjerningsmannen.

Mot slutten av vitneforklaringa si kunne Hamed konstatera at han hadde oppnådd dette målet, og at han ikkje lenger fryktar Breivik.

– Eg tenkjer på kvar gjerningsmannen er i dag, og kvar eg er. Eg lever eit betre liv enn han.

Pumpehuset

Ved Pumpehuset på Utøya drap Anders Behring Breivik 14 unge.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Symde ein kilometer med kuler i beina

Mathias Eckhoff frå Hellvik i Egersund vitna også om drapa ved Pumpehuset i Oslo tingrett torsdag føremiddag.

22-åringen var den første alvorleg såra som blei frakta til landsida.

Styremedlemmet i Dalane AUF både såg og høyrde Breivik på Utøya.

– Tonefallet hans var ganske roleg, ein mørk og kraftig stemme. Han verka roleg og beherska, fortalde Eckhoff frå vitneboksen.

Saman med mange andre søkte han tilflukt ved det vesle Pumpehuset nær grottene på vestsida av øya. Der vart han skoten to gonger, i beina og i lysken.

I dag fortalde egersundaren om korleis Breivik forsøkte å lokka ungdomane fram frå Pumpehuset, før han skaut dei, ein etter ein. 14 blei drepne der, og tre hardt såra.

Eckhoff symde i over ein kilometer utan å kunne bruka dei skadde beina, før han vart redda om bord i ein båt. Den unge AUFaren måtte gjennom 11 operasjonar på ni dagar.

– Eg har vore i ei slags boble

Den tredje Utøya-overlevande som inntok vitneboksen torsdag, var 16 år gamle Einar Bardal.

Den unge AUF-aren frå Oslo er ein av dei 33 hardt såra frå Utøya som er tekne med i tiltalen mot Breivik.

Kulene til gjerningsmannen slo ned i ein stein like ved der Bardal gøymde seg nær Vestspissen. Han har operert vekk om lag 150 prosjektilfragment som trefte han i hovudet og halsen.

Video 861664c4-f4d8-4fc1-816c-77b2303fcb4d.jpg

VIDEO: Sjå intervjuet med Einar Bardal like etter at han vitna mot Anders Behring Breivik.

– Eg trudde eg var død. Eg hugsar at eg tulla litt med dei andre som hadde sett korleis eg såg ut i andletet, og viste Peace-teikn og tommel opp. Også tenkte eg at det var bra at eg hadde sett ferdig alle Harry Potter-filmane. Det var veldig rart fordi eg er ikkje spesielt stor Harry Potter-fan, sa 16-åringen.

Skadane i andletet er knapt synlege og han har ikkje store fysiske plager. Dei ti første månadene gjekk det fint med han psykisk også. Men då rettssaken nærma seg, fekk han det brått verre .

– Eg har vore i ei slags boble. Ein dag eg vakna gjekk det opp for meg. Eg gjekk frå å vera ein veldig sosial person til å berre liggja inne på rommet mitt. Eg greidde ikkje å sova. Det einaste sosiale livet mitt var når eg møtte kjentfolk her i retten. Eg hadde ikkje overskot.

Det er no to månader sidan han har vore på skulen, Men den siste halve månaden har Bardal fått mykje av livsgnisten tilbake.

– I dag går det ganske bra, eg er tilbake til den personen eg var, seier han.

Einar Bardal etter vitnemålet

Einar Bardal vitnet torsdag. - Det er deilig å være ferdig, sa han etterpå.

Foto: Siv Sandvik / NRK