NRK Meny
Normal

– Som bilete frå ein konsentrasjonsleir

UTVIKA (NRK.no) Angstskrika frå ungdomen som overlevde Utøya-massakren går framleis som eit ekko gjennom hovudet hans. Joar Tolpinrud var leiar for helsearbeidarane ved Utvika kai 22. juli. I dag startar den lange gjennomgangen av udåden i Oslo tingrett.

Video Gløymer aldri angstskrika i Utvika

Gløymer aldri angstskrika i Utvika

– Dei fleste skreik og var redde i blikket. Då me tok på dei «knekte» dei saman. Nokre svima av og andre var berre heilt utmatta frå symjinga. Nokon kjende seg trygge, andre var veldig mistenksame og var redde me også skulle ta dei, seier Joar Tolpinrud, som var operativ leiar for helsearbeidarane ved Utvika kai den 22. juli i fjor.

Mai blir om mogleg ein enda tyngre månad i 22. juli-rettssaka. Frå og med i dag blir fokuset i rettssaka mot terroristen Anders Behring Breivik flytta frå Regjeringskvartalet til Utøya, der 69 uskuldige menneske på brutalt vis blei tekne av dage.

I tida som kjem skal overlevande ungdomar og folk frå naudetatanefortelja dommarane om alt det grusomme dei såg og opplevde på og ved Utøya den 22. juli i fjor.

– Som bilete frå ein konsentrasjonsleir

Ambulansearbeidar Joar Tolpinrud (35) var ein av to operative leiarar for helsemannskapet som tok imot overlevande AUF-ungdomar på landsida.

Han oppretta mottaksstad på Utvika kai, og dirigerte ned ambulansane. Der stoppa dei blødningar, fekk varme i nedkjølte kroppar og skaffa luftambulansar eller bilar som raskt kunne frakta alvorleg såra til sjukehus.

I løpet av sine 16 år i ambulansetenesta har han aldri sett slike skadar som ungdomane frå Utøya hadde.

– Det var som på gamle krigsfilmar eller bilete frå ein konsentrasjonsleir. Ungdomane var bleike og dregne i andleta, mange var skotne fleire gonger. Det var sterke inntrykk dei bar med seg i land her, seier Tolpinrud i det han skodar ut mot Utøya frå Utvika kai denne april-føremiddagen.

Uhyggelege minne

Joar Tolpinrud, operativ leiar for helse 22. juli

Joar Tolpinrud var operativ leiar for helsearbeidarane som tok imot overlevande Utøya-ungdom ved Utvika kai den 22.juli.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Angstskrika frå livredde og skotsåra ungdomar er no erstatta med stille på den vesle kaien ved Tyrifjorden i Hole kommune. Ambulansane og bandasjane er borte. Årstidene har for lengst vaska vekk blodet som rann i strie straumar over naken ungdomshud, grus og jord.

Men denne torsdagen i april har tåke og regn atter ein gong lagt seg som eit dystert teppe over fjorden som skil Utøya frå landsida. Det kallar fram uhyggelege minne for mannen som stod midt i kaoset

– Det var faktisk ganske likt her den dagen som det er no. Kaldt og regntungt, vått og grått. Men heldigvis er alle skrika og folka borte no, seier Tolpinrud medan han skodar tankefullt utover fjorden.

– Angra på rolla mi den dagen

Han var akkurat ferdig med eit ordinært transportoppdrag, og stod i garasjeanlegget ved Ringerike sjukehus på Hønefoss saman med makkeren sin då dei to blei kalla ut til Utøya klokka 17.24. På det tidspunktet kunne dei berre ana konturane av den oppgåva dei hadde fått i hendene.

– Då me var på veg ut dit, tenkte me at det kanskje var mellom 70 og 100 på AUF-leiren. Først då me var framme på landsida fekk me beskjed om at det kunne vera så mange som 750 ungdomar på øya. Då forstod me at dette kunne det bli dimensjonar av.

Kor mange som var såra og drepne visste dei då ingenting om. Men dei hadde høyrt dei hyppige skota frå vegen, heile tre kilometer unna. Med så mange kuler og ein horde personar på øya, begynte det sakte men sikkert å gå opp for ambulansearbeidarane at dei stod overfor etterkigstidas største redningsaksjon.

– Der og då angra eg veldig på den rolla eg hadde fått som operativ leiar. Me har ikkje øvd på så store ting. Det me har kalla stort før, har til dømes vore ein bussvelt.

Roser på Utvika kai.

Ein blomebukett står i regnet på Utvika, saman med ord til omtanke for alle som vart råka av udåden den 22. juli.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Frykta sprengstoff på kaien

Fleire AUFar kom symjande i det 14 grader kalde vatnet. Andre blei frakta til land av frivillige båtfolk. I møte med redningsmannskapet på kaien, oppstod det alle slags reaksjonar: skriking, tomme blikk, til og med latter.

I tillegg dukka det opp nye, uventa hindringar undervegs. Gjerningsmannen skaut mot Utvika kai. Politiet vurderte det difor som utrygt å senda ambulansefolka dit. Først etter at Breivik var pågripen, fekk redningsarbeidarane sleppa ned til kaien, der sjøvegen til Utøya er desidert kortast.

Problem nummer to oppstod då dei blei merksame på at bilen til gjerningsmannen stod parkert like ved. Tolpinrud måtte evakuera både mannskap og pasientar, i frykt for at denne kunne vera rigga med eksplosiv.

– Redningsmannskapet stod overfor omfattande og krevjande dilemma den dagen. Likevel gjekk arbeidet utruleg bra, seier Tolpinrud og rosar alle som bidrog til redningsarbeidet den tragiske kvelden.

Skal gjennomgå Utøya i 32 dagar

Tolpinrud trekk pusten djupt og set seg ned på huk framfor ein stor bukett med kvite roser som nokon sett frå seg på kaien.

«Våre aller varmeste tanker går til alle etterlatte og til alle skadde og involverte…», står det på det på den provisoriske vasen, ei regnvåt plastbøtte. Beskjeden er datert 16.april 2012, same dagen som rettssaka mot massedrapsmannen starta i Oslo tingrett.

Tolpinrud skal ikkje vitna, men tenkjer i desse dagar mykje på dei blodige og traumatiserte ungdomane han og dei andre helsearbeidarane tok imot på landsida den 22. juli.

– Det er mange lagnadar. Eg tenkjer på det dei såg der ute, alle dei som overlevde. Det må vera tøft for dei.

Når Utøya blir tema i Oslo tinghus i dag, skal først AUF-vakten på landsida og kapteinen på ferja MS Thorbjørn forklara seg. Deretter blir det gjennomgang av kriminaltekniske undersøkingar og obduksjonsrapportar.

I åtte dagar skal rettsmedisinarane leggja fram dødsårsakene til alle dei 69 som vart drepne av Breivik på Utøya. Deretter skal i overkant av 40 overlevande forklara seg om korleis massedrapsmannen jakta på dei, lokka dei fram, skaut mot dei og drap mange av venene deira.

Etter planen skal Utøya vera tema i retten i 32 dagar, fram til 4.juni.