NRK Meny
Normal

– Skammeleg forskjellsbehandling av Utøya-hjelparar

– Det er skammeleg å skilje mellom hjelparane ute på Tyrifjorden og dei som hjelpte til på brygga i Utvika. Alle var i livsfare, seier advokat Sjak Haaheim.

Sjak Haaheim

Sjak Haaheim er bistandsadvokat for fleire av dei som deltok i redningsarbeidet på brygga i Utvika.

Foto: NRK

Sjak Haaheim, som er bistandsadvokat for fleire av dei som deltok i hjelpearbeidet etter 22. juli-massakren, reagerer sterkt på det han oppfattar som at staten har laga eit skilje mellom dei av hjelparane som var ute i båt, og dei som var på brygga i Utvika.

I dag fekk 19 av dei frivillige som deltok i redningsarbeidet etter massakren på Utøya tildelt Medaljen for edel dåd.

– I livsfare på brygga

– Politiet har slått fast at Anders Behring Breivik også skaut mot brygga i Utvika. Då var dei som deltok i redningsarbeidet der også i livsfare, og dermed fortener dei også denne medaljen, seier Sjak Haaheim til NRK.no.

Han fortel at han har bede om innsyn i grunngjevinga for utdelingane, men at han ikkje har fått det.

Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

– Dag Inge Aarhus er kommunikasjonsrådgjevar i Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Sjøfartsdirektoratet

– Staten bør ikkje vere kjip ved utdeling av heider i denne saka, seier Haaheim. Han presiserer at alle som har fått medaljen verkeleg fortener utmerkinga. Det han reagerer på er at dei andre hjelparane ikkje har fått.

Fekk hjelp av Kripos

Det er Sjøfartsdirektoratet som har innstillingsrett når det gjeld Edelt Dåd-medaljen. Kommunikasjonsrådgjevar Dag Inge Aarhus fortel at dei har vurdert nøye dei forslaga direktoratet har fått inn opp mot dei statuttane som gjeld for denne medaljen.

Eit viktig moment er at ein person som skal ha gjort seg fortent til medaljen, skal frivillig ha utsett seg for livsfare for å hjelpe andre. Aarhus seier at dei har støtta seg på Kripos sine vurderingar av kven som har sett liva sine i fare for å hjelpe.

– Vi driv sjølvsagt ikkje med eiga etterforsking, seier han.

Strenge kriterium

Vurderingane enda med at dei 19 som deltok i redningsarbeidet ute på Tyrifjorden oppfylte dei strenge kriteria som gjeld for Medaljen for edel dåd.

Les pressemeldinga frå Sjøfartsdirektoratet

Les meir om Medaljen for edel dåd