NRK Meny
Normal

Breivik samanlikna Knights Templar med speidaren

SAL 250 (NRK.no): Anders Behring Breivik samanlikna det påståtte terrornettverket sitt Knights Templar med speidarrørsla i ein av samtalane med det andre sakkunnigparet.

Anders Behring Breivik smiler i rettssal 250

Anders Behring Breivik smiler ofte løyndomsfullt når det er snakk om Knights Templar. Han trekte fleire gonger på smilebandet under vitnemålet til rettspsykiatrane Agnar Aspaas og Terje Tørrissen måndag.

Foto: NRK

– Han vil ikkje trekkja inn andre, og samanliknar rørsla med speidarrørsla. Han viser til at Lord Baden Powell utforma sine eigne uniformer og helsingar, fortel den sakkunnige rettspsykiateren Agnar Aspaas i retten måndag.

Han viser til ein fire timar lang samtale han og kollega Terje Tørrissen hadde med Breivik på Ila den 5. mars i år.

Tilskipinga av nettverket i London i 2002 fann stad, understreka då tiltalte.

– Men han erkjenner at utgangspunktet var stussleg, og at han ville knytte organisasjonen til ei konkret terrorhandling, fortel Aspaas.

Kjernepunkt i spørsmålet om psykose

Breiviks såkalte manifest

I det om lag 1500 sider lange kompendiet sitt, skriv Breivik utførleg om terrornettverket Knights Templar, som han hevdar å vera ein del av.

Foto: HO / Reuters

Knights Templar har vore eitt av kjernepunkta i rettssaka mot 22. juli-terroristen.

Breivik hevdar hardnakka at han representerer det påståtte terrornettverket, men etter omfattande etterforsking har politiet konkludert med at Knights Templar ikkje eksisterer, i alle fall ikkje i den forma som Breivik har hevda.

Politiet si vurdering av Knights Templar som eit fantasiprodukt er også eit berande argument for dei første sakkunnige, som ikkje er i tvil om at Breivik er utilrekneleg og psykotisk.

Etter at Breivik fekk tilgang til deira rapport har han moderert seg kraftig i si framstilling av Knights Templar. Han held fast ved at det eksisterer, men i ei langt lausare og mindre «pompøs» form enn det han tidlegare har gitt inntrykk av.

Breivik skisserte ulike scenario for korleis Knights Templar kan stå fram overfor dei to sakkunnige: som ei vrangførestelling, noko han har blåst opp for å få det til å sjå ut som om det er større enn det er, eller at den pompøse framstillinga er riktig.

– Han seier at det andre scenarioet er riktig. Det må sjåast på som eit forslag frå hans side som utviklast vidare, refererer Aspaas frå samtalen.

LES OGSÅ: Dette er de sakkyndige ueinige om

Breivik viste kjærleiksbrev til dei sakkunnige

Breivik har hatt med seg fleire av breva han har fått under tida i varetekt til samtalane med Tørrissen.

Tørrissen skreiv ned innhaldet for å dokumentera responsen Breivik har fått. Eit brev var ei kjærleikserklæring frå ei 16 år gammal jente.

I brevbunka låg det også friarbrev, førespurnader frå religiøse som ønskte å omvenda han og støtteerklæringar frå ein familie i Sverige

– Dei skriv «skøta om dig». Det er fleire som støttar ideologien og handlingane hans, seier Tørrissen.

Framtidsvisjonane til Breivik har også vore tema under samtalane med dei to rettspsykiatrane.

Då kom det fram at den terrortiltalte føler seg trygg på at han får det som han vil – tilreknelegheitskonklusjon og fengselsstraff.

– Han kjende seg sikker på at dommaren kom til å vurdera han som tilrekneleg og at han difor ville sitja på isolat i uoverskueleg framtid, seier Aspaas.

Tida bak murane vil Breivik bruk på å skriva ideologiske tematekstar og til å byggja vidare på kompendiet.

– Han er sterkt motivert og gler seg til å ta fatt på skrivinga etter rettssaka, fortel Aspaas.

Frykta torturordre frå Stoltenberg

Andre ting som kom fram under dei totalt 11 samtalane, var at Breivik let mobilen liggja heime då han spana på Utøya i forkant av massakren. Han frykta at politiet spana på han via basestasjonane.

Breivik har også forklart kvifor han var redd for å bli torturert etter arrestasjonen 22. juli: han frykta at statsminister Jens Stoltenberg ville pressa på for å «få noko ut av den jævelen», eller at politiet ville handla irrasjonelt på grunn av det han grufulle han hadde gjort.

Både frykta for å bli oppdaga under planlegginga og frykta for å bli torturert har blitt trekt fram i tolkingane til begge sakkunnigpara.