NRK Meny
Normal

– Eg introduserte ordet «pompøs»

SAL 250 (NRK.no): Rettspsykiater Terje Tørrissen trur Anders Behring Breivik kopierte ordet «pompøs» frå han. Det er relevant for psykose-vurderinga, ifølgje den sakkunnige.

Anders Behring Breivik og Terje Tørrissen i rettssal 250

Terje Tørrissen poengterte adopsjonen av ordet 'pompøs' i rettem for å gje døme på at Breivik er i stand til å korrigera seg sjølv, noko psykotiske personar har vanskeleg for å gjera.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

I løpet av rettssaka har ordet «pompøs» blitt ein farsott i språket til Anders Behring Breivik.

Tredje dagen av rettssaka nytta Breivik ordet «pompøs» heile 33 gonger. Ordet blir rekna for å stå litt utanfor daglegdags tale, men har etterkvart blitt eit hyppig innslag i Breiviks talemåte.

Breivik nyttar ordet om måten han sjølv har framstått på, i kompendiet sitt, i politiavhøyr og i samtalane med dei første sakkunnige.

I starten av rettssaka, sa 33-åringen at han angrar på at han har framstilt seg sjølv og ideologien sin på ein «pompøs» måte, og tek sjølvkritikk for å ha blitt erkjent tilrekneleg.

Brukte ordet i samtale på Ila

Under vitnemålet til det andre sakkunnig-paret, gjekk Terje Tørrissen langt i å stadfesta at Breivik har adoptert ordet frå han.

– Eg trur det var eg som lanserte uttrykket, som me no har høyrt trøyttande mange gonger, seier Tørrissen.

I ein av samtalane han hadde med Breivik på Ila i vår, meiner Tørrissen å hugsa at at han konfronterte Breivik med å spørja «er ikkje dette litt pompøst?»

– Og då sa han «jo, det er det», fortel Tørrissen og legg inn eit lite atterhald:

– Eg skal ikkje seia det for sikkert, for då må eg først høyra på lydopptaket.

Knights Templar skrumpar inn

Tørrissen poengterte adopsjonen av dette ordet under vitnemålet sitt for å gje eit døme på at Breivik er i stand til å korrigera seg sjølv og ta til seg ting.

Dette er eitt av hovudargumenta til Tørrissen og Aspaas mot paranoid schizofreni og psykose.

– Eg trur han har ei veldig sterk evne til å ta til seg ting, men det blir gjerne i omskrivingar, utdjupar den sakkunnige.

Også Aspaas understrekar at hans vilje til å moderera seg ikkje passar inn i eit psykotisk bilete.

Aspaas viser til den storslagne, gloriøse skildringa av det påståtte terrornettverket Knights Templar i kompendiet, som ein etablert organisasjon med formaliserte strukturar og mange medlemmer.

LES OGSÅ: Slik har Breivik tonet ned Knights Templar

Tiltalte erkjenner no at dette var ei pompøs framstilling og «ein feislegen marnadsføringsteknikk».

Han held fast ved at Knights Templar eksisterer, men i ei langt lausare form enn det han har hevda. - Det er eit forslag frå hans side.

– Når han blir konfrontert med denne kjempekonstruksjonen, så skrumpar den inn. Det er ikkje typisk for vrangførestellingar. Dei vil ikkje skrumpa inn på den måten.

LES OGSÅ: Husby og Sørheim holder fast ved psykose

Harald Stanghelle mener begge psykiatriparene har hatt vansker med å plassere en diagnose på Anders Behring Breivik.

SJÅ VIDEO: Politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, meiner begge psykiatripara har hatt vanskar med å plassera ein diagnose på Anders Behring Breivik.

Kan skifta form - ikkje bleikna

Tysdag bad aktor Inga Bejer Engh dei to om å forklara retten kva som skil narsissistisk personlegdomsforstyrring frå ei grandios vrangførestelling inn under diagnosen paranoid schizofreni.

Vrangførestellingslidingar er vanlegvis stabile og ukorrigerbare overfor argument og konfontasjon med røynda. Personlegdomsforstyrringar er ikkje like rigide.

– Grandiose idear vil vanlegvis bleikna når dei blir utsette for konfrontasjon. Det er ein veldig typisk forskjel. Vrangførestellingar vil ofte bobla over og utløysa vanskelege situasjonar som samfunnet reagerer på. Helsevesenet vil tenkja at her er det noko gale, opplyser Aspaas.

Kollega Tørrissen supplerer med at vrangførestellingar kan skifta form, men at hovudinnhaldet likevel vil vera det same.

– Når vrangførestellingar blir litt korrigerte, kan dei gå over til ei ny vrangførestelling. Førestellinga inntek ein ny dimensjon fordi ein forsøkjer å forklara dette her for andre, seier psykiateren.

LES OGSÅ: Dette er de sakkyndige uenige om

Let seg ikkje overbevisa

På den måten kan vrangførestellingar inn under paranoid schizofreni nyansera seg - til ei viss grad.

– Men over tid er vrangførestellingar meir eller mindre konsistente. Ein greier ikkje overbevisa personen om at røynda er annleis, slår Tørrissen fast.

Breivik har moderert seg og tilpassa forklaringa si på fleire område etter at medieforbodet blei oppheva i desember og han fekk tilgang på fjernsyn, radio og aviser.

Han erkjenner også at han har korrigert framferd og uttrykksmåte etter å ha lese psykiatrierklæringa til Torgeir Husby og Synne Sørheim, som konkluderte med at Breivik er psykotisk og utilrekneleg.

LES OGSÅ: Husby: – Breivik er drevet av sykelige drapsfantasier