NRK Meny
Normal

- Hugsar steinandletet til Breivik

SAL 250 (NRK.no) Han var vitne til massedrapet ved pumpehuset på Utøya, og gløymer ikkje steinandletet til Anders Behring Breivik. I dag vitna Lars Henrik Rytter Øberg i Oslo tingrett.

Video 9d086cc1-4ceb-41d0-9b22-2e264f43592d.jpg

- Det var godt å bli ferdig med å vitna mot Anders Behring Breivik, seier Lars Henrik Rytter Øberg. Nå ser han fram til resten av russetida.

– Eg hugsar at han hadde blå auge, var nybarbert og hadde eit steinandlet som var veldig vanskeleg å lesa, fortalde Lars Henrik Rytter Øberg (17) i retten torsdag.

Saman med om lag 20 andre ungdomar, gøymde den unge AUFaren seg ved pumpehuset på Utøya medan Breivik skaut og drap den eine leirdeltakaren etter den andre.

LES OGSÅ: Reddet livet til Utøya-jente mens de gjemte seg i teltet

Trudde redninga var komen

14 personar blei drepne ved pumpehuset, som ligg nær vasskanten på vestsida av den vesle hjarteforma øya i Tyrifjorden.

Det var trongt om plassen, og dei trøsta kvarandre medan dei høyrde gjerningsmannen skyta, gong etter gong.

– Då me høyrde lyden av eit nytt våpen, trudde me redninga var komen, fortel Øberg.

Men det var framleis Breivik som skaut - han veksla mellom pistolen og rifla. Politiet var framleis på fastlandssida.

Pumpehuset

Anders Behring Breivik lokka fram, skaut og drap 14 ungdomar ved pumpehuset på vestsida av Utøya.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Roleg, autoritær stemme

Då gjerningsmannen kom fram til pumpehuset, prøvde han å lokka fram ungdomane med løgner om at han var politi, og at dei var trygge.

– Eg hugsar at han hadde ein roleg, autoritær stemme. Han høyrdes ut som ein typisk politimann, minnast Øberg.

Med det rolege stemmeleiet greidde Breivik å vinna tilliten til ungdomane. Så skaut han dei. Vatnet blei raudt av blod då ei jente vart skoten og datt i vatnet, hugsar Øberg.

SE OGSÅ: NRKs interaktive kart over Utøya

Ungguten frå Eidsvoll redda livet ved kasta seg ut i det 14 grader kalde vatnet. Han dykka under vassflata og symde 20-30 meter utover,

Der ute i vatnet ser Øberg igjen gjerningsmannen, som rettar våpenet mot han. Men mannen med steinandletet skyt ikkje. Han snur seg i staden mot land, mot dei drepne som ligg oppå kvarandre ved pumpehuset.

– Har lurt på kvifor han ikkje skaut meg

– Så ser eg ein gut som held seg på hovudet. Gjerningspersonen går bort til han og skyt han i hovudet. Eg ser guten falle ned på bakken.

Øberg symjer det kan kan utover, vekk frå grusomheitene. Han høyrer smell på smell, og fortstår at dette er avrettingsskot.

Ein person klamrar seg til eit tre i skrenten ved pumpehuset. Klamrar seg til livet. Breivik skyt henne også. Ødeberg skimtar også den no urørlege, raude genseren til ei såra jente som han flykta frå Kafébygget med.

– Då forstod eg at alle som låg der truleg ikkje var i live lenger, fortel Øberg.

17-åringen trur tilfeldighetene avgjorde at Breivik ikkje tok hans liv også.

– Eg har lenge lurt på kvifor han ikkje skaut meg der i vatnet. Det må ha vore ein lyd eller noko som distraherte han, seier Øberg.

Tunge dagar etter 22. juli

No er Øberg avgangselev ved Jessheim Vidaregåande skule og midt i russefeiringa. Han seier det har gått opp og ned med han etter 22. juli.

– Det var godt å bli ferdig med å vitna mot Breivik. Eg har eit lite om å koma inn på jus til hausten, men det ser dårleg ut med det snittet eg ligg an til å få no, seier han.

Med skulearbeidet og med sitt engasjement både i skulestyret, som representant i kommunestyret på Eidsvoll og i AUF, prøver Øberg så godt han kan å tenkja positivt og framtidsretta.

– Eg har det så greit som eg kan ha det. Det kjem ofte tunge dagar. Den 1.mai skulle ein av mine beste vener som vart drepen på Utøya ha feira 18-års dagen sin. Det var ein veldig tung dag.

«Please, please, ikkje gjer det»

Etter vitnemålet til Lars Henrik Rytter Øberg, entra Muhammed Abdulrahman Muhammed vitneboksen.

20-åringen frå Hamar var ein av dei som slapp unna Breivik ved Stoltenberget på Utøya.

Med roleg, låg stemme fortalde han retten korleis han unngjekk kulene ved å dukka hovudet under vatnet. Medan han kjempa for sitt eige liv, blei han vitne til at Breivik skaut og drap tre menneske på kloss hald.

– Eg høyrer at den eine seier: «please, please, ikkje gjer det».

Men Breivik held fram med å skyta.

Mohammed Abdulrahman

Muhammed Abdulrahman Muhammed gleda seg til å bli ferdig med å vitna då han snakka med NRK på tinghuset torsdag føremiddag.

– Eg trur han går tom for skot, han tek ut det eg i ettertid har fått høyra er glocken, rettar den mot den siste, og skyt.

Muhammed Abdulrahman Muhammed blei også vitne til at Breivik drap ei jente ved Kafébygget. Muhammed fortalde retten at han såg at Breivik gjekk bort til jenta og sparka henne etter at ho fall.

Breivik bad om ordet - igjen

Då Muhammed var ferdig med vitneforklaringa si, bad Breivik om å få ordet.

– Eg har ikkje på nokon som helst måte rørt ved nokon på øya, utanom ein som eg handhelste på, hevda Breivik.

Den terrortiltalte tok også ordet i retten i går. Han gjorde det klart at han eigentleg ønskte å stilla spørsmål om AUF sin politikk, men at han er klar over at han som tiltalt ikkje kan stilla spørsmål direkte til vitnet.

Anders Behring Breivik i rettssal 250, 10.mai 2012

Anders Behring Breivik tok torsdag ordet etter nye vitneforklaringar i rettssal 250.

Foto: POOL / Reuters