Hopp til innhold

Nye tal: 35 milliardar i kraftinvesteringar i fare etter skattenyheit

Kraftselskapa protesterer mot nytt skattesystem. Fleire og fleire investeringar som ville gitt meir kraft, blir stoppa. Men professor meiner trugsmålet ikkje er truverdig.

Kraftverka Blåfalli

LAGT VEKK: Sunnhordland Kraftlag (SKL) skrinlegg oppgradering av kraftverka Blåfalli i Kvinnherad.

Foto: Olav Røli / NRK

– Me tør ikkje å investera, og håpar styresmaktene tek til vit, seier John Martin Mjånes, som er administrerande direktør i Sunnhordland kraftlag AS (SKL).

I førre sa regjeringa at ho vil henta 33 milliardar kroner ved å auka skattane på oppdrett og kraft.

Grunnrenteskatten på vasskraft stig frå 37 til 45 prosent. Samtidig blir det føreslått ei ekstraordinær avgift på vass- og vindkraft på grunn av dei svært høge straumprisane.

Kraftbransjen svarer med å droppa investeringar.

Desse prosjekta ryk eller står i fare, viser tal NRK og Energi Norge har samla inn:

  • Lyse Energi – Oppgradering av vasskraftverka i Røldal-Suldal blir lagde vekk. Kostnadsramme på inntil 5 milliardar kroner. Skulle dobla kapasiteten i anlegga til 600 MW. Den årlege produksjonen skulle auka med minst 0,2 terawattimar (TWh).
  • Hafslund Eco – Ti moglege utbyggingsprosjekt i Sør-Noreg står i fare og kan i verste fall ryka. Kostnadsramme på 10 milliardar kroner. Ville gitt auka effekt på 600 MW og auka energi på 700 GWh.
  • Agder Energi – Eit planlagt pumpekraftverk i Bykle blir skrinlagt. Det gjeld også fleire prosjekt som skulle gi auka produksjon. Kostnadsramme på minst 11 milliardar kroner.
  • Eviny – Eviny har fem prosjekt som inneber utviding av fleire vasskraftverk i Vestland. No spøker det for prosjekta, ifølgje selskapet. Ville gitt auka energi på om lag 80 - 85 GWh.
  • Statkraft – Vurderer utvidinga av kraftverket Mauranger 2 i Hardanger. Kostnadsramme på 5 milliardar kroner. Ville gitt auka effekt på 630 MW og auka energi på 80 GWh.
  • Sunnhordland Kraftlag (SKL) – Legg vekk prosjektet Blåfalli Fjellhaugen, som skulle auka evna til å produsera mykje kraft på kort tid i Blådalsvassdraget i Kvinnherad. Kostnadsramme på 1 milliard kroner. Ville gitt auka effekt på 160 MW og auka energi på 70 GWh .
  • Hydro – Illvatn pumpekraftverk i Luster i Sogn er i fare. Kostnadsramme på 1,2 milliardar kroner.
  • Sognekraft – Reknar no om på planlagde investeringar knytte til kraftverka Feios og Offerdal. Kostnadsramme på 1,4 milliardar kroner. Ville gitt auka energi på 200 GWh
  • Tafjord Kraft – Vurderer investeringar knytte til to prosjekt på Sunnmøre til 100 millionar kroner.

Samla utgjer dette investeringar for 34,7 milliardar kroner.

Vasskraftanlegga til Lyse i Røldal og Suldal.

LYSE STOPPAR PROSJEKT: Vasskraftverka i Røldal og Suldal skulle oppgraderast for fem milliardar kroner. Her frå inntak i Blåbergdalen.

Foto: Lyse Kraft

– Kan gjera straumprisane endå høgare

– Me har ei energikrise, og då treng me meir fornybar kraft. Med dei auka skattane som er føreslåtte, ser me ikkje korleis me skal kunna klara å realisera nye fornybar-prosjekt, seier Kristin Lian, som er administrerande direktør i Hafslund Eco Vannkraft.

Ho meiner forbrukarane også taper på skattegrepet.

– Dette vil gjera det vanskeleg å få ned straumprisen. Viss me ikkje bygger ut meir kraft, vil me ha eit underskot av energi i Noreg.

Adm. dir. Kristin Lian i Hafslund Eco Vasskraft

TI PROSJEKT I FARE: Kristin Lian i Hafslund Eco Vannkraft seier fleire kraftverk og oppgraderingar kan bli skrinlagde.

Foto: Bård Siem / NRK

– Regjeringa set det grøne skiftet til side for å saldera eige budsjett. Det er ekstremt kortsiktig tenkt, meiner Eivind Heløe, som er direktør for fornybar og miljø i Energi Norge.

Han viser til at me styrer mot eit kraftunderskot i 2025 dersom me ikkje får tilgang på meir rein kraft.

NRK har forsøkt å komme i kontakt med finansminister Trygve Slagsvold Vedum for ein kommentar i denne saka, men har ikkje fått svar.

Usemje blant ekspertane

Professor Stein-Erik Fleten ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing på NTNU er skeptisk til om kraftselskapa faktisk kjem til å stoppa prosjekta.

– Det er ikkje særleg truverdig at kraftselskapa kjem til å legga investeringar på is.

– Årsaka er at denne grunnrenteskatten er såkalla nøytral. Den er utforma til å verka slik at tiltak og investeringar som var lønsame før skatteauken, er like lønsame etter skatteauken, forklarer han.

Han presiserer at føresetnaden er at den såkalla høgprisskatten på vasskraft berre blir mellombels.

AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

PUMPEKRAFTVERK: Aurland 3 er eit pumpekraftverk, der vatnet blir brukt fleire gonger. Energi Norge seier slike kraftverk blir særleg ramma av høprisskatten.

Foto: Hafslund Eco

Seniorøkonom Åsmund Sunde Valseth i Vista Analyse seier det framleis er uklart om ordninga med høgprisskatt blir innført permanent.

– Men så lenge selskapa forventar at avgifta blir relativt varig, eller at liknande avgifter blir innførte på nytt viss straumprisen aukar, vil høgprisbidraget klart påverka investeringar negativt, seier Valseth.

– I beste fall får me ei utsetjing og ikkje ei skrinlegging av prosjekt, seier Espen Moe, som er professor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU.

Økonom og professor i fornybar energi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Kristin Linnerud, meiner også at høgprisskatten kan få konsekvensar for investeringslysta.

– Men nokre av truslane er nok berre det, altså truslar.