Hopp til innhold

Vil ha fleire omvende valdsalarmar

Eit fleirtal på Stortinget vil no gjere det lettare å bruke omvendt valdsalarm.

Omvendt voldsalarm.

OMVENDT ALARM: Valdsdømde skal oftare måtte gå med ein alarm som fortel offeret når dei bryt besøksforbodet, dersom fleirtalet på Stortinget får det som dei vil.

Foto: Morten Uglum / Aftenposten

I eit forslag som blir lagt fram tysdag, er det også lagt føringar for at offer for overgrep og vald skal få vite ein valdsdømd blir sleppt fri.

Forslaget vil gjere kvardagen for valdsutsette kvinner og menn langt lettare.

Det meiner i alle fall Sveinung Stensland frå Høgre. Han står bak forslaget som no får brei støtte.

– Vi veit at dette vil bety mykje for mange. Dette vil styrke vernet for dei som er utsett for trugande oppførsel og vald. Dei vil få ein tryggare kvardag, seier Stensland til NRK.

Omvendt valdsalarm vil seie at det er overgriparen som må gå med ei fotlenke, ikkje offeret som skal løyse ut ein alarm.

Den alarmerer politiet dersom vedkomande kjem for nær nokon han eller ho har besøksforbod mot.

Stortinget behandler bioteknologiloven

Sveinung Stensland får fleirtal for forslaget han legg fram for Stortinget komande tysdag.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Skal legge press

Men sidan innføringa i 2013, har berre om lag 70 personar blitt pålagt å gå med slik omvendt valdsalarm.

Dette, og varsling ved lauslating, vil Stensland i Høgre ha med seg heile det politiske Noreg på.

– Vi veit at det stadig er dei som bryt reglane for besøksforbod. Det er dei vi vil ta, seier Stensland.

Dermed vil Stortinget legge press på regjeringa i høve å få fortgang på eit vedtak om dette som blei gjort alt i 2021.

Justisdepartementet opplyser til NRK at dei har hatt problematikken ute på høyring, men at dei sjølvsagt vil lytte til dei signala som kjem frå Stortinget.

Justisminister Emilie Enger Mehl har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Kine Pedersen Aamodt er voldsoffer

Kine Pedersen Aamodt er sjølv valdsoffer, men har vald å vere heilt open om sine opplevingar.

Foto: Line Hødnebø / NRK

Stod ope fram

Ei av dei som har kjempa lenge for å få fokus over på offeret sin tryggleik, er Kine Pedersen Aamodt frå Nesbyen.

Særleg gjennom sosiale medium har ho blitt eit ansikt overfor omverda for dei mange som kvart år blir utsett for vald.

Ho levde med ein valdeleg sambuar, men klarte til slutt å bryte ut.

No krev ho at Stortinget og regjeringa får fortgang i arbeidet.

– Vi såg det seinast fredag då ei kvinne blei knivstukken av ein mann som hadde besøksforbod, seier Aamodt.

Ho trur at politikarane på Stortinget har forstått alvoret.

– Det er viktig at det er overgriparen som skal ta ansvaret for sine handlingar, ikkje offeret som må kike seg over skuldra dagleg, seier ho.

Les også Tre personer skadet i knivstikking i Numedal

Knivstikking i Nore og Uvdal

– Inngripande tiltak

Sveinung Stensland frå Høgre seier at det er sjølvsagt at det framover skal vere offeret sin tryggleik som skal vere i fokus.

– Men kvifor har omvendt valdsalarm blitt brukt så lite?

– Det er jo fordi det er eit inngripande tiltak og Stortinget har kanskje ikkje vore tydelege nok på at vi vil at det skal brukast meir.

Men både valdsofferet Aamodt og Høgre-mannen Stensland er tydelege på at det no må kome ei endring.

– Her er det offeret vi skal ta omsyn til, ikkje overgriparen.

Eit skritt i rett retning

Dagleg leiar for Krisesentersekretariatet (KSS) Ane Fossum, seier at omvendt valdsalarm har i den avgrensa bruken vist seg å vere eit effektivt tiltak.

– KSS er også svært opptekne av dei valdsutsattes rettar, og vi ynskjer at samfunnet skal gjere sitt ytste for at dei valdsutsette ikkje retraumatiseras. Forslaget om varslinga er eit skritt i rett retning, seier Fossum.

AKTUELT NÅ