Hopp til innhold

Frp: Vil ha slutt på at Noreg sender meir straum ut av landet enn det vi får inn

Med så lite vatn som det no er i kraftmagasina, må norsk energipolitikk endrast drastisk, meiner Frp-nestleiar Ketil Solvik-Olsen.

Ketil Solvik-Olsen og strømpriser

VIL ENDRE POLITIKKEN: Frp-nestleiar Ketil Solvik-Olsen vil ha slutt på at Noreg har netto eksport av straum når vi har lite vatn i kraftmagasina våre.

Foto: NTB

Han tek no til orde for ein solid endring av norsk kraftpolitikk. Han vil ha slutt på vi sel meir enn straum ut enn det vi hentar inn via dei store kraftkablane til Europa.

– Når det er lite vatn så skal vi aldri selje meir enn det vi får kjøpt tilbake i løpet av same døgn eller same veka, meiner Solvik-Olsen.

Onsdag la Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) fram statistikken for kor mykje – eller kor lite vatn det er i dei store kraftmagasina i landet.

Dette blir kalla fyllingsgraden:

  • No er den på nær 58 prosent, noko som er ein nedgang på nær 3 prosent frå sist veke.
  • Normalen for tilsvarande periode frå 2001 til 2020 er på 70,7 prosent.

Vil ikkje kutte kablane

– Dette er urovekkande. Når vi ser kva straumprisar folk må leve med, så meiner eg at vi burde endre kraftpolitikken i Noreg, seier Ketil Solvik-Olsen.

Han meiner det vil gagne både folk og industri.

Noreg er i utgangspunkt sjølvforsynt med energi, anten det gjeld olje, gass eller vasskraft.

– Når naboland har gjort seg avhengige av norsk vasskraft, fordi dei sjølv legg ned kjernekraft, kolkraft og gasskraft, då skal ikkje vere Noreg sitt problem, seier han.

Mange har sett fram krav om at Noreg skal slutte og eksportere straum via utanlandskablane. Så langt vil ikkje Frp gå.

– Vi meiner jo ikkje at vi skal kutte kablane, for vi ser jo at vi av og til treng effekten. Dersom vi har mykje vatn i magasina så skal vi for all del kunne selje det framfor å tappe utan å produsere straum.

– Akutt situasjon

I heile haust har det vore strid og debatt om dei stadig høgare straumprisane.

Noko som i stor grad har råka vanlege folk, sidan industrien i stor grad har langtidsavtalar med betydeleg lågare prisar.

Statssekretær Amund Vik (Ap)

Statssekretær Amund Vik

Men å kutte eksport av straum ved låg vasstand i magasina, vil ikkje regjeringa vere med på.

Sjølv om statssekretær Amund Vik i Olje- og energidepartementet er samd i at låg magasinfylling ikkje er bra.

– Nett no er det viktigaste vi kan gjere å handtere den akutte situasjonen i straummarknaden, seier Vik.

Han syner då til dei tiltaka som regjeringa fekk vedtatt i Stortinget like før jul: Auka bustøtte, tilskot til studentar, redusert elevavgift og sikringsordninga for straumpris til husholdningene, der staten dekker 55 prosent av rekninga over snittpris på 70 øre.

– Oase for billeg energi

Men Solvik-Olsen i Frp meiner at det slett ikkje er nok for å få gjort noko med dei høge straumprisane som syner seg svart på kvitt på folk sine rekningar.

Ei av løysingane då er ikkje selje meir straum ut av landet enn det vi kjøper inn.

– Vi må sikre at Noreg er ein oase for billeg energi og bli attraktive for industri som vil etablere seg her, framfor at vi må ha negative konsekvensar på grunn av tysk energipolitikk, seier han.

AKTUELT NÅ