Hopp til innhold

Fritt Ord-direktør ber om gransking av politiet i Nygaard-saka

Knut Olav Åmås er sterkt kritisk til politiets innsats etter drapsforsøket på forlagsdirektør William Nygaard for 28 år sidan. No vil direktøren i Fritt Ord ha ein uavhengig granskingskommisjon til å vurdere arbeidet politiet har gjort.

Direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås

KRITISK: Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås meiner Nygaard-saka har utvikla seg til å bli eit nasjonalt traume. No meiner han det er på tide med ein offentleg gjennomgang av politiets innsats i saka.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I oktober 1993 blei forlagsdirektør William Nygaard i Aschehoug skoten og forsøkt drepen utanfor huset sitt i Oslo. Saka er framleis ikkje oppklart, men i 2018 blei to personar sikta for drapsforsøk eller medverknad til drapsforsøk.

NRK har avslørt at ein av dei som er sikta for attentatet var ein høgståande tidlegare diplomat ved den iranske ambassaden i Oslo. Medan den andre er ein libanesisk statsborgar.

Mannen nektar for å ha hatt noko med attentatet å gjere. Det gjer også den iranske ambassaden.

Vil ha ein grundig gjennomgang

Få år før drapsforsøket på William Nygaard hadde Aschehoug gjeve ut boka «Sataniske vers» av Salman Rushdie. Boka var kontroversiell, og det iranske regimet hadde avsagt ein dødsdom over alle som var involvert i publiseringa av boka.

Men norsk politi kopla ikkje dette til attentatet i byrjinga, seier direktør Knut Olav Åmås i stiftinga Fritt Ord, som meiner saka er den største politiskandalen i norsk historie. Han meiner politiet brukte for lang tid å kople hendinga til dødsdommen.

– Det skar seg frå starten av fordi politiet ikkje såg den openberre koplinga mellom attentatet på William Nygaard, utgjevinga av Salman Rushdies bok og fatwaen som regimet i Iran hadde avsagt mot alle som var involvert i utgjevinga av boka, meiner Åmås.

Salman Rushdie og William Nygaard snakker sammen på Aschehougs hagefest i 1992.

Aschehoug gav ut Salman Rushdies omstridde bok «Sataniske vers» i 1989, same år som det iranske regimet avsa ein dødsdom mot alle som bidrog til å gi ut boka. Her er Rushdie i samtale med William Nygaard under Aschehougs hagefest i 1992.

Foto: Morten Holm / NTB

Åmås har følgd saka tett, blant anna frå tida som kulturredaktør i Aftenposten. Han meiner saka har blitt eit nasjonalt traume, og at det er på tide at vi får ein grundig gjennomgang av innsatsen til politiet gjennom desse 28 åra.

– Eg meiner regjeringa må sette ned ein uavhengig granskingskommisjon for å gå gjennom alt som har skjedd i etterforskinga i Nygaard-saka, både i Oslo-politiet og i Kripos. Eit alternativ er at Stortinget ber om ei omfattande utgreiing av saka.

NRK har vore i kontakt med politiet i Oslo og Kripos for ein kommentar, men dei ønsker ikkje å seie noko om saka no.

Dusør for avgjerande tips

I 2010 blei det lova ein dusør til den eller dei som hadde informasjon som kunne føre til ei oppklaring av Nygaard-saka. I 2015 gjekk Fritt Ord, Aschehoug og Forleggerforeningen saman i eit spleiselag for å auke dusøren til 2 millionar kroner.

Leder i Den norske forleggerforening Heidi Austlid

Leiaren i Forleggerforeningen, Heidi Austlid, håper framleis dei kan få betale ut den lova dusøren på 2 millionar kroner for avgjerande tips i Nygaard-saka.

Foto: Kristin Hefte / Den norske forleggerforening

Få veker etter at dusøren auka, sa Kripos at det hadde kome inn ti nye tips, utan at dei ville seie noko om kor gode desse var. Seks år seinare står dusøren framleis på bok.

– Vi har i dag ikkje informasjon som gjer at vi kan utbetale dusøren, seier Heidi Austlid, som leiar Forleggerforeningen.

Sjølv om det no har gått nesten 30 år sidan drapsforsøket mot Nygaard, har Austlid eit håp om at nokon kan løyse ut millionane dei har lova.

– Eg håper at det skal kome avgjerande informasjon, og at vi kan få ei oppklaring og ei avslutning av denne saka.

AKTUELT NÅ