Hopp til innhold

Flyttar NM-starten: Henrik Ingebrigtsen har bestemt seg for å delta likevel

WIEN/OSLO (NRK): Henrik Ingebrigtsen opnar likevel for å delta i NM i terrengløp mot Didrik Tønseth i helga. Arrangøren har no flytta starttidspunktet for at brørne skal rekke heim frå «hare-jobben» i Wien.

Henrik og Jakob Ingebrigtsen

STILLER: Henrik Ingebrigtsen seier han vil stiller til NM i terrengløp, medan veslebror Jakob stiller ikkje.

Foto: Harald Thingnes / NRK

– Eg føler eg ikkje har konkurrert nok i år. Det kjem an på korleis kroppen kjennest etter løpet på laurdag. Men eg satsar på at det går fint, seier Henrik Ingebrigtsen til NRK fredag.

Langrennsløpar Didrik Tønseth, som i fjor utklassa friidrettseliten da han tok gull i NM i terrengløp, har i år ønska seg ein duell mot dei tre brørne frå Sandnes søndag i Frognerparken.

Toppidrettssjef Erlend Slokvik har tidlegare utelukka at det kom til å skje.

Laurdag stiller nemleg dei tre brørne som harar for Eliud Kipchoge, i hans forsøk på å bli første menneske til å springe ein maraton på under to timar i Wien.

Denne veka valte imidlertid NM-arrangørane SK Vidar å utsette starten i Frognerparken søndag med ein og ein halv time. Det gjere at brørne likevel kan rekke heim frå Wien.

– Det har Gjert ansvar for, så det legg ikkje eg meg opp i, svarar Henrik på spørsmålet om logistikken.

Filip har derimot andre planar. Han skal køyre bil heim frå Wien, noko som gjere at han er uaktuell. Minstemann Jakob stiller heller ikkje til start.

– Det har eg aldri vurdert, seier han til NRK.

Har usett starten

Då vi kontakta dagleg leiar May Britt Dørum-Persen i SK Vidar fredag visste ho ingenting om at Henrik har planar om å stille til start. Men ho stadfestar at starten er utsett.

Jakob Ingebrigtsen

UAKTUELT: Jakob Ingebrigtsen seier det blir uaktuelt for han å stille til start i NM i terrengløp.

Foto: Harald Thingnes / NRK

Og dermed tyder altså alt på at Tønseth får duellen med eldstemann Ingebrigtsen. Kravet frå Jakob til storebror Henrik er krystallklart. Han må slå langrennstjerna.

– Viss ikkje får han ikkje kome heim.

Og om mogelegheitene til storebror seier han følgjande.

– Ingen av oss som er nokon terrengløparar, men vi trenar mykje på å springe. Så kan jo vere vi er gode i litt av kvart som har med springing å gjere, seier han med eit smil.

Krev at Didrik spring utan drikkebelte

Henrik som lenge har slite med skade i tåa og sprang inn til ein 13-plass på den historiske 5000 meteren i VM er likevel optimistisk.

Henrik Ingebrigtsen

SKADE: Henrik Ingebrigtsen slit framleis med ei vond tå og seier han ikkje er i veldig god form.

Foto: Harald Thingnes / NRK

– Eg er ikkje i veldig god form. Men bør jo kunne plassere meg greitt i NM.

Og med duellen mot langrennsstjerne er det gjerne ein ting han vil ha avklart før start.

– Må jo ta ein diskusjon med han, at han ikkje spring med drikkebeltet og slike ting. Elles blir det spanande det.

Ordkrig

Emil Iversen som er lagkompis med Tønseth kom før VM i Doha med eit stikk mot brørne frå Sandnes, då dei den gong avviste deltaking i NM.

– Eg er overraska over at dei ikkje tør å ta opp joggeskoa mot ein veldig godt trent skiløpar. Er det som dei seier, at dei har tatt ferie, då er eg skuffa. Da er det fordi dei ikkje tørr og er redd for å bli slått. For Didrik er i kjempeform, har eg høyrt, sa Iversen og smilte godt.

Det fekk Gjert Ingebrigtsen til å slå knallhardt tilbake. På ein SMS til NRK var han svært tydleg på utfordringa frå langrennsgutane:

«Get real. Om alle på landslaget (i langrenn) fekk løpe valfri stafett mot gutane, ville de likevel blitt slått med god margin. Da meiner eg alle mot éin».

Og på spørsmål frå NRK om han trur ein slik duell mot ein av hans søner kunne blitt spanande, svare han slik:

– Nei. Det ville aldri blitt spanande.

Gjert Ingebrigtsen

ORDKRIG: Gjert Ingebrigtsen meiner Didrik Tønseth har liten sjanse i terrengløp mot sine søner.

Foto: Lise Åserud

O-løparar startar også

Fleire av dei landslagsaktuelle orienteringsløparane står også på startstreken søndag. Mellom dei er VM-komét Kasper Fosser, saman med Einar Melsom og Trond Einar Pedersli, og Andrine Benjaminsen og Sigrid Alexandersen.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal