Hopp til innhold

Her er skuleguten berre sekund frå å bli påkøyrd

Med berre centimeter til gode klarar tungtransportsjåføren så vidt å unngå ei alvorleg ulukke.

Her krysser han veien like foran lastebilen.

– Då eg såg kva som var i ferd med å skje vart eg heilt heit i hovudet. Eg blinka med lysa og fløyta det eg kunne for å varsle møtande trafikk og ungane, seier sjåfør Tor-Bjørn Kyrkjebø.

Han køyrer for selskapet Transferd AS og den 19. juni i år var langtransportsjåføren frå Kyrkjebø i Høyanger på veg austover. Ved Herad rett sør for Gol må han stogge bak ein buss. Fem born går av bussen. To av borna prøver å krysse den tungt trafikkerte vegen rett bak bussen, og ser ikkje semi-traileren som kjem imot i det andre køyrefeltet.

– Eg såg på ungane kva som var i ferd med å skje, men hadde lite eg kunne gjere. Eg såg over taket på bussen at her kjem det ein lastebil i mot i stor fart, seier Kyrkjebø.

Nestenulukke

NÆRE PÅ: Her har skuleborna englevakt, føraren av den store semitraileren klarer akkurat å stogge før det skjer ei ulukke.

Foto: Tor-Bjørn Kyrkjebø

Til alt hell ser sjåføren i den møtande semitraileren signala frå Kyrkjebø, og klarar i siste liten å stogge den tunge semitraileren.

Glad det gjekk bra

– Vi er svært glade for at dette gjekk bra. Det ser ikkje ut som eit stopp på ein haldeplass, og vi tar dette vidare så raskt som mogleg med busselskapet. Vi oppfordrar publikum til å melde slike hendingar raskt til oss med tid, stad og rutenummer slik at vi kan ta det vidare og gjere naudsynte tiltak, seier Terje Sundfjord, som er dagleg leiar i Brakar.

Brakar er selskapet som eig bussane, medan det er Nettbuss som køyrer rutene. Der kommenterer kommunikasjonssjef Dag Bones hendinga slik:

– Så vidt vi kan sjå stoppar bussen utanfor ein godkjent haldeplass. Det er skremmande, men vi er svært glade for at det gjekk så bra som det gjorde.

Han seier Nettbuss no vil kartlegge kvar og når dette skjedde og følge saka opp på måndag.

– Vi må få alle kort på bordet og snakke med sjåføren. Vi er og i dialog med Brakar om saka for unngå liknande uheldige episodar i framtida, seier Bones.

– Har griseflaks

– Dette viser kor små marginar det er før det kan skje ei alvorleg ulukke. Dette er rett og slett griseflaks. Det er bere tilfeldigheiter som gjer at dette ikkje fekk eit katastrofalt utfall, seier Ann-Kathrin Årøen, som er kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk.

Årøen meiner det er fleire ting i saka om er tilfeldigheiter. Bussen stoggar ikkje på ein haldeplass. Barn får beskjed om at dei skal gå over vegen bak bussen. I dette tilfelle klarar heldigvis traileren å stogge.

– Eg veit ikkje om det betyr så mykje at bussen ikkje stoggar på ein haldeplass. Dette kunne skjedd uansett. Dette handlar om oversiktlege situasjonar, når folk går over vegen bussen kan det kome bil i mot uansett, seier Årøen.

Har vist filmen til barneborna

Heile hendinga vart tatt opp av kameraet som Kyrkjebø har i lastebilen sin. Han er sjølv bestefar til to 1.-klassingar, og hendinga gjorde sterkt inntrykk på den erfarne langtransportsjåføren.

– Det var heilt grufullt å sjå på, heilt til eg så deg gjekk bra. Det gjekk ei stund før det sank heilt inn at det hadde gått bra.

Tor-Bjørn Kyrkjebø

FILMA NESTENULUKKA: Tor-Bjørn Kyrkjebø er sjåfør i Transferd AS.

Foto: Privat

Kyrkjebø fortel at han har vist videoen fleire gonger til barneborna.

– Eg viste dei filmen då eg kom heim og har prøvd å forklare dei kor farleg dette kan vere. Dei var også sjokkerte over kor gale det kunne ha gått. Så eg håpar dei har lært.

Brukt i undervising

– Det er utruleg at det går bra, seier Nils Huus, som er dagleg leiar i Transferd AS.

Nils Huus, dagleg leiar i Transferd AS

BRUKAR HENDINGA I UNDERVISNING: Nils Huus er dagleg leiar i Transferd AS

Foto: Privat

Han synte nyleg fram videoen i eit sjåførmøte, og filmen gjorde eit sterk inntrykk på alle som såg den.

– Det går eit søkk i alle som ser den. Eg brukar den for å syne kor viktig det er å ha fokus på rett plass når vi er ute på vegane, seier Huus.