Hopp til innhold

Draumekatten frå Sibir

Mange allergikarar kan sjå langt etter kjæledyr, men har du høyrt om Sibirkatten?

Sibirkattunge
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Dei aller fleste som er allergiske mot kattar reagerer nemleg ikkje på denne nesten ukjente kattetypen.

Testbesøk for andre gang

Roy-Arild Hansen

Roy-Arild Hansen er allergisk mot kattar. For andre gong 'testar' han Sibirkatten og viser ingen teikn på allergi.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Roy Arild Hansen er allergisk mot kattar. NRK Hordaland blei med han på testbesøk til familien May Britt Nordeide i Bergen Vest, for å sjå om han reagerer på Sibirkattane dei har.

-Må sei eg var litt skeptisk til om det kunne gå, nå er det andre gangen vi er her og fortsatt ingen reaksjon, seier ein lykkeleg Roy Arild Hansen som ynskjer seg katt.

Manglar protein i spyttet 

Sibirkatten manglar nemleg eit protein i spyttet som mange allergikarar reagerar på. Dermed er den russiske skogkatten blitt redninga for dyreelskarar med allergi, 75 prosent av dei som er testa tålar Sibirkatten.

-Vi skulle bare ha eit kosedyr, så blei det ein katt og to kattar og så blei det oppdrett, fortel May- Britt Nordeide.

No er familien hennar testheim for sibirkattar og allergikarar.

Entusiastane i Norsk Sibirkatt har eigen nettstad og oversikt over dei rundt 200 kattane i landet. Dei fleste er eigd av allergikarar, som ikkje er skremt avprisen på 8 til 10 tusen kroner.

Anbefalar Sibirkatten til allergikarar

-Då eg las om den norske Sibirkatten så sette eg himmel og jord i bevegelse for å få meg en sånn katt, seier Anne Line Gjerde.

Både ho og barna er allergiske mot katt og mange andre dyr, men har endeleg fått seg eit kjæledyr i hus. No anbefalar ho Sibirkatten til andre.

-Hvis dei er dyreglad og har eit brennande ynskje, slik vi hadde, om å få katt, så må dei koma og teste seg hjå oss eller andre i Den norske sibirkatt, og så kan dei jo sette seg på venteliste for å få katt, fortel Gjerde.

Meir informasjon: www.norsksibirkatt.com