Hopp til innhold
Kronikk

Valordninga bør skrotast

Når politikarar skal bestemme kvar ein skule eller ein sjukeheim skal ligge, kan det vere avgjerande kvar dei kjem frå sjølv. Derfor er det problematisk at område på størrelse med Bodø og Moss kan stå utan representantar etter valet i haust.

Valglokale

Geografi kan bety meir enn partifarge når politikarar til dømes skal finn ut kvar ein skule skal plasserast, skriver kronikkforfatteren.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Geografi betyr ofte meir enn partifarge når politikarar skal finne ut kvar ein skule, ein sjukeheim eller eit idrettsanlegg skal plasserast. I kommuneval er det likevel på ingen måte sikra at alle område vert representert. Bergen og Oslo har bydelar på størrelse med andre byar i Noreg: Åsane er på størrelse med Bodø, medan Alna bydel er større enn Moss. Og det er nær umoglig å få til ei jamn fordeling av bydelar i eit kommunestyre.

Betre valordning

Representasjon har både ei geografisk og ei partipolitisk linje. Det bør vere eit mål å oppnå høgast mogleg representasjon langs begge aksane. Det hjelper ikkje om heile spekteret av politiske meiningar er representerte i ein kommune, viss partirepresentantane berre er frå ein del av kommunen.

Det hjelper ikkje om heile spekteret av politiske meiningar er representerte i ein kommune, viss partirepresentantane berre er frå ein del av kommunen.

Morten Myksvoll, uavhengig representant i Bergen bystyre

Før sommaren leverte eg eit forslag til ny valordning i Bergen. Eg vil dele Bergen inn i fire distrikt som får sine mandat ut frå folketal. Kvart parti må stille liste i kvart valdistrikt for å kjempe om mandata, som til saman vil utgjere eit nytt bystyre i Bergen. Prinsippet er det same som ved valordninga til Stortinget: Det politiske organet vert sett saman frå ulike valdistrikt.

Denne måten å tenkje på kan vere aktuell for mange fleire kommunar, både på grunn av at storbyane veks, og fordi kommunereforma vil skape mange nye og større kommunar.

Spill NRKs kommunesammenslåingsspill!

Ein politikar som jobbar for deg

Når me no står midt i arbeidet med kommunereform, bør me tenkje på kva som skal skje innanfor grensene på dei mange – til no – ikkje namngitte kommunane. Korleis me skal sikre dei ulike delane av dei nye kommunane politisk representasjon, er eit spørsmål knapt nokon har stilt i denne prosessen.

Ved kommunesamanslåingar er det ekstra viktig å sikre at dei ulike delane av kommunen vert representert, sidan innbyggarane vil vere ekstra vare på kvar representantane deira kjem frå. Det er nok mange som fryktar den neste debatten om skulestruktur viss brorparten av det nye kommunestyret kjem frå dagens nabokommune.

Den openbere fordelen med forslaget er at det sikrar at alle har politikarar i kommunestyret som jobbar for deira nærområde. Ordninga kan i teorien gå på bekostning av partimangfaldet, men det kan me unngå ved å justere dagens reknemetode for mandatfordeling slik at det blir lettare enn før for små parti å få inn sitt første mandat.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Twitter.

Oslo og Fedje er ikkje like

Med ei valordning som denne kan ein behalde dagens kommunegrenser når ein set saman det nye kommunestyret. Då sikrar ein representasjon frå heile den nye kommunen. Det kan sjølvsagt vere ulemper med dette, som at gamle kommunegrenser aldri vert utvaska.

Dette er ei vurdering som kommunane burde ta eit meir aktivt standpunkt til enn i dag. Valordninga – korleis stemmer vert omgjort til politiske mandat – vert tatt for gitt i Noreg. Det er det ingen grunn til. Det er heller ingen grunn til at Bergen og Oslo må ha den same valordninga som Utsira og Fedje. Det viktigaste er eit bevisst forhold til valordninga når ein no skipar mange nye kommunar.

Det er nok mange som fryktar den neste debatten om skulestruktur viss brorparten av det nye kommunestyret kjem frå dagens nabokommune.

Morten Myksvoll, uavhengig representant i Bergen bystyre

I Bergen foreslo eg denne ordninga fordi mange parti går til val på å innføre bydelsstyrer. Sjølv er eg bekymra for at det vil føre til ei ansvarspulverisering. Denne ordninga kan gi bydelsbenkar som både kan gis noko ansvar for bydelen dei representerer, men som samtidig står ansvarleg for heilskapen i bystyret. Kommunane har ikkje for mykje sjølvråderett, slik at me har råd til å splitte den politiske styringa opp i mindre einingar.

Eit demokratisk problem

I tillegg har eg sett at den geografiske representasjonen har vore mangelfull. Då Bergensavisen gjekk gjennom Bergen bystyre i 2014 fann dei berre ein representant frå Laksevåg bydel og berre tre frå Fyllingsdalen – av 67 totalt. Desse to bydelane har omlag 70 000 innbyggarar og deira underrepresentasjon kan vere eit demokratisk problem.

Ei geografisk betinga valordning har òg noko for seg ved oppretting av eit regionalt forvaltningsnivå. Dette vil vere politiske organ som vil råde over svært store område. Dagens valordning kan føre til at eit slikt regionsting blir dominert av folk frå eitt fylke. Ei desentralisert valordning vil hindre det.

Valordninga – korleis stemmer vert omgjort til politiske mandat – vert tatt for gitt i Noreg. Det er det ingen grunn til.

Morten Myksvoll, uavhengig representant i Bergen bystyre

Ei valordning som deler kommunen eller regionen opp i fleire distrikt, ikkje så veldig ulikt val til Stortinget, vil innføre eit nytt strategisk element i valet. Partia vil måtte prioritere, og det vil bety meir kvar ein får stemmer frå. Dette tvingar partia – og meiningsmålarane – ut i bydelane og ut i distrikta. Det har den positive effekten at innbyggarane vil få politikarane nærare seg, både før og etter valet.

Dei positive sidene ved ei ny valordning er så store at det er verdt å forsøke dette.