Hopp til innhold

Så elendig du er, Noreg

Takk og lov at Kina tok opp det vi alle har venta på: For eit elendig land Noreg er, skriv Foreign Policy.

I går kom nyhenda om at Kina lempar på visumreglane for alle europeiske land, bortsett frå Noreg. Til og med Sveits og Island får vere med i det gode selskap.

Ifølgje Financial Times er dette Kinas måte å straffe Noreg på, etter utdelinga av fredsprisen i 2010 til Liu Xiaobo.

When asked why Norway was left off the list, Wang Qin, a senior official at the Beijing government travel administration, did not respond directly but said that some countries were not eligible because their citizens or government were of «low-quality» and «badly behaved».

Den norske regjeringa skal altså vere av dårleg kvalitet og har «oppført seg ille».

Utanrikskommentator Daniel W. Drezner i Foreign Policy sablar ned denne kommentaren frå kinesiske myndigheiter.

Yeah!! I've taught a few Norwegians in my day, and the whole lot of them are low quality and badly behaved, with their inscrutable fjords and smug blondness and their vague association with herring and their very specific association with lutefisk!!

Han held fram med å seie at han er glad Wang Qin tok dette opp, for det har kome ein heil haug med lister i det siste som viser at nettopp dette stemmer....ikkje.

Og avsluttar:

But if China thinks Norway is a country of low quality and bad behavior, then China would be what happened if Lindsay Lohan hooked up with Kid Rock at 4 AM after a two-day coke bender and three bottles of Patron.

LES: Is Norway a low quality, badly behaved country? av Daniel W. Drezner

LES: Kulden fra Kina tiner ikke så lett av Anders Magnus