Hopp til innhold
Kronikk

Redd fjorden, redd Noreg

Er «den nye oljen» å erstatte fisk med industriskapt fiskepudding, å erstatte fjordar med gruveslam?

Førdefjorden/Engebøfjellet

Førdefjorden sett frå lufta. Regjeringa vedtok nyleg at Nordic Mining kan sette i gang mineralutvinning i Engebøfjellet og dumpe avfallet i eit sjødeponi i Førdefjorden. Det er det største planlagde mineralprosjektet i Noreg.

Foto: Simon Solheim / NRK

Fredag 17.04.2015 kjem til å verte hugsa i noregshistoria som ein «annleis» fredag. Det var dagen då Høgre- og Frp-regjeringa annonserte at Førdefjorden i Sogn og Fjordane skulle nyttast til avfallsplass for gruveslam. Ein rein, urørt og eksepsjonelt artsrik fjord med innslag av fleire raudlista fiske- og dyreslag. Ein fjord plassert midt i «The West Norwegian Fjords», som ligg på verdsarvlista. Korleis kunne dette skje? Kva får ei regjering til å gjere eit slikt vedtak?

Koste kva det koste vil

Vi går attende til 11.05.2011, og til møtet i Naustdal kommunestyre, der saka vart handsama. Eg har sete i kommunestyret for SV sidan 2003, og var sjølv til stade på møtet.

Dette er den største saka kommunestyret nokon sinne har hatt på bordet, og det merkast. Debatten er tydeleg prega av uvisse, enorme dokumentmengder, hestehandlar og dårleg stemning. Det som derimot er heilt openlyst, er at dette vedtaket skal ordføraren ha på plass, koste kva det koste vil. Kva er det som har skjedd med denne kommunen? Kvifor vert sjødeponi og ope dagbrot framstilt som eit «vere eller ikkje vere»?

Dette vedtaket skal ordføraren ha på plass, koste kva det koste vil.

Ole Erik Thingnes

Naustdal er ingen stor, rik eller «robust» kommune etter dagens «målestokk». Men ein tradisjonell landbrukskommune, som strekk seg frå hav til snaufjellet, spekka med verneverdig natur. Naustdal kommune skryt av at dei skal ha «verdas beste villaksforvalting». Arbeidsløysa er på botnen i høve til landssnittet, og trivselsfaktoren høg. Folk lever lenger i Naustdal enn elles i landet. Men noko lurer under overflata. Nokon vil gjere pengar, store pengar, og det skal skje so fort og enkelt som mogleg. Politikarane er i høg aktivitet, og konsulentane og lobbyistane spring frå eine leiren til den andre.

LES: Flagga på halv stong etter gruvevedtaket

Maktesløyse

Saka starta eigentleg på 80-talet, då eit lite selskap byrja uttak av stein på Engebø. I 2006 vart Nordic Mining skipa. Dei overtok rettane etter at eit anna selskap hadde trekt seg ut på grunn av at dei fann at miljøkonsekvensane vart for store. Sidan har det vore ein dragkamp i Naustdal kommune mellom gruvespekulantar, innbyggarar, politikarar og ulike faginstansar.

Det er no so stor avstand mellom innbyggarane i Vevring og partia som styrer kommunen at forsoning verkar vanskeleg.

Ole Erik Thingnes

I kunst- og kulturbygda Vevring ved foten av Engebøfjellet har dette vore ein lang og tidvis makteslaus kamp. Ein kamp for å bevare viktige naturkvalitetar, raudlista dyre- og fiskeslag og for eigen eksistens. Men denne litle bygda har ikkje ville late seg kue, «krafta er sterk» i Vevring. Det er no so stor avstand mellom innbyggarane i Vevring og partia som styrer kommunen at forsoning verkar vanskeleg.

Råd frå deponiforkjemparane

«Ein må vere villig til å risikere litt for å skape arbeidsplassar og utvikling». «No må de ikkje snakke ned omdømet, og øydelegge for dykk sjølv». «Det går ofte betre enn ein kunne frykte». Alt dette er «gode råd» frå deponiforkjemparane, adressert til forsvararane av fjorden.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Forkjemparane har ikkje ville høyre på miljøfaglege råd, sjølv om dei har kome i rikeleg mon frå landets fremste fagmiljø. «Svartmåling og dommedagsprofetiar», «tendensiøse forskarar» og «kjenslebasert miljøfanatisme» er merkelappar kritikarane fekk hengt på seg. Politisk leiing i kommunen gjekk i rette med Havforskingsinstituttet, Klif (no Miljødirektoratet) og Fiskeridirektoratet, for å nemne nokre. Planane sette rekord i høyringssvar når dei vart handsama i 2011, med god margin. Dei fleste gjekk imot.

Kor mange arbeidsplassar?

Korleis kunne kommunen oversjå dette? Korleis kan ein kommune vedta å øydelegge ein fjord, rasere ei bygd og tvinge folk frå gard og grunn på denne måten? Kva tener kommunen på dette? Arbeidsplassar? Kva med arbeidsplassane som er avhengig av ein rein fjord? Fornybare arbeidsplassar innan reiseliv, fiske og havbruk som i verste fall vil gå tapt. 60 selskap innan reiseliv, fiske og havbruk som omset for 16 milliardar årleg, langt meir enn ei gruve nokon sinne vil gjere, har signert eit opprop imot sjødeponiet.

Kva med arbeidsplassane som er avhengig av ein rein fjord?

Ole Erik Thingnes

Ein liten kommune som Naustdal er ikkje rusta til å handtere eit slikt prosjekt, verken før eller etter 2011. Dei hadde trengt hjelp, mykje hjelp, men det ville dei ikkje ha.

Og ikkje minst: Korleis kan regjeringa gå med på dette? Blir dette den nye standarden?

«Den nye oljen»

Noreg leitar etter «den nye oljen», industrieventyret som skal redde oss når oljen tek slutt. Men skal vi verkeleg byte ut matproduksjon med mineralproduksjon? Skal vi erstatte fisk med kvitare industriskapt fiskepudding? Skal vi bygge landet over nedlagde gardar og fråflytta hus i små hjelpelause bygder, der nasjonale laksefjordar er bytta ut med gigantiske slamhaugar? Mange fjordar er under press, og fleire skal bli det, ifylgje Norsk Bergindustri. Noreg er eit av fem land i verda som driv med slike deponi. Noreg ynskjer fleire, dei andre arbeider med å avskaffe. Er det slik vi skal utvikle framtidas «grøne næringar»? Er det eit slikt Noreg vi vil ha?

Det eg har skrive til no høyrest ikkje ut som det er i ferd med å skje i Noreg anno 2015, men det er det. Førdefjorden er ein av mange norske fjordar som treng hjelp, og det hastar!