Hopp til innhold
Kronikk

Ole Brumm-konferansen

Problemet er sjeldan ein del av løysinga. Sjølv om regjeringa og NHO vil ha oss til å tru det, stoppar vi ikkje klimaendringane ved å skru opp tempoet på norsk oljeutvinning, skriv leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn.

Borten Moe slips bunadsslips

Vi har blitt rike av oljen. Så rike at olje- og energiministeren kunne gå rundt på NHO-konferansen ikledd eit bunadsslips til 2.290 kroner. Suksessen vår som oljenasjon kan likevel ikkje hindre oss i å sjå kritisk på vår eiga rolle som ein av verdas største bidragsytarar til verdas største problem, skriv leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Brumm likte alltid å spise litt ved elleve-tiden om formiddagen, og han ble svært glad da han så at Sprett dekket på bordet med tallerkener og krus. Og da Sprett spurte: «Vil du ha honning eller melk?» ble Brumm så glad at han svarte «Tusen takk, begge deler»

Bodskapen frå Ole Brumm vart også bodskapen frå NHOs årskonferanse. Temaet var energi, og som konferansedeltakar vart eg gjennom foredrag etter foredrag forsøkt overbevist om at det slett ikkje er nokon motsetnad mellom fornybar energiproduksjon og fossil energiproduksjon.

Å ta opp så mykje olje og gass som mogleg er noko av det viktigaste Noreg kan gjere for å stoppe klimaendringane. I alle fall om ein skal tru Ola Borten Moe, Jens Stoltenberg eller NHO-sjef Kristin Skogen Lund.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Tvert om er det å ta opp så mykje olje og gass som mogleg noko av det viktigaste Noreg kan gjere for å stoppe dei menneskeskapte klimaendringane. I alle fall om ein skal tru olje- og energiminister Ola Borten Moe. Og statsminister Jens Stoltenberg. Og NHO-sjef Kristin Skogen Lund.

Eller som Borten Moe skriv i ein kronikk på NRK Ytring: «Norsk olje er løsningen, ikke problemet».

Mon det.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Tidenes julegåve

Oljen har gjort oss rike. Så rike at olje- og energiministeren kunne gå rundt på NHO-konferansen ikledd eit bunadsslips til 2.290 kroner.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Eg har ingen problem med å forstå at petroleumssektoren er viktig for Noreg. Det er vår klart største næring. Og sidan Noreg fekk tidenes julegåve då vi fann olje på Ekofisk-feltet vesle julaftan 1969, har vi sanneleg vore med på eit eventyr. Ikkje minst gjeld det min eigen region, Vestlandet. Og vi har blitt rike. Så rike at olje- og energiministeren kunne gå rundt på NHO-konferansen ikledd eit bunadsslips til 2.290 kroner.

Suksessen vår som oljenasjon kan likevel ikkje hindre oss i å sjå kritisk på vår eiga rolle som ein av verdas største bidragsytarar til verdas største problem: Menneskeskapte klimaendringar.

Alle produsentar av fossil energi kan peike på nokon som tilbyr eit verre produkt. Men ingen fossile energikjelder er reine, og ingen av dei kan hjelpe oss med å bremse klimaendringane.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

For då Jens Stoltenberg i sitt hovudinlegg skrytte av alle dei nye områda den raudgrøne regjeringa har opna opp for petroleumsverksemd, sat eg med ei uggen kjensle i magen. Kan nokon med handa på hjartet seie at dette er måten å hindre irreversible klimaendringar? Og kanskje meir relevant: Er dette måten vi ønskjer at også andre land skal tilnærme seg klimaproblema?

LES OGSÅ: Jens Stoltenberg: – Ikke aktuelt med frislipp av krafteksport

«Naboen er verre»

Ja, gass er meir miljøvenleg enn olje. Ja, olje er meir miljøvenleg enn kol. Ja, «clean coal», som er i vinden i USA, er sikkert meir miljøvenleg enn det som måtte vere endå verre – utan at eg heilt kjem på kva det skulle vere. Alle produsentar av fossil energi kan peike på ein annan produsent som tilbyr eit verre produkt. Men ingen fossile energikjelder er reine, og ingen av dei kan hjelpe oss med å bremse klimaendringane.

Dersom det skal vere mogleg å nå togradersmålet, må to tredelar av verdas oppdaga fossilressursar bli liggjande i bakken. Dette veit produsentane utmerka godt.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Det er brei semje om at vi ikkje kan tillate at den globale gjennomsnittstemperaturen stig meir enn to grader i forhold til før-industriell tid. Noko meir enn dette vil kunne medføre irreversible og katastrofale konsekvensar for livet på jorda. Dersom det skal vere mogleg å nå togradersmålet, må to tredelar av verdas oppdaga fossilressursar bli liggjande i bakken.

Dette veit produsentane utmerka godt, og spørsmålet blir dermed kven som får lov til å hente opp det vesle vi faktisk kan brenne av utan at temperaturen på jorda stig til eit fullstendig uforsvarleg nivå.

LES OGSÅ: Erna Solberg: Hva vil vi med Norge som energinasjon?

Kappløp om tida

Det som i realiteten foregår er eit desperat kappløp om tida. Produsentar av fossil energi over heile verda ser at framtida er fornybar, og ønskjer sjølvsagt å hente opp mest mogleg fossile ressursar og selje dei på marknaden før produkta deira blir prisa ut av CO2-avgifter og fornybar energi.

Det er rett og slett allmenningens tragedie vi ser utspele seg – i all si gru og håpløyse.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Det er rett og slett allmenningens tragedie vi ser utspele seg – i all si gru og håpløyse. For alle aktørane er det rasjonelt nok å sikre seg sjølv ein størst mogleg bit av kaka her og no, men resultatet blir globale klimaendringar vi ikkje kan leve med på sikt.

Slike klimaendringar trur då også Statoil at vi kjem til å oppleve. Selskapet legg til grunn ei vurdering av energiutviklinga fram mot 2040 som peikar mot fire gradar oppvarming. Altså eit utsleppsnivå langt utover det vitskapen fortel oss at klimaet på jordkloden vil tole.

Kanskje nokon på scena i Operahuset burde spurt Jens Stoltenberg korleis han opplever å vere største eigar av eit selskap som legg til grunn at politikarane vil mislukkast i klimapolitikken.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Kanskje nokon på scena i Operahuset burde spurt Jens Stoltenberg korleis han opplever å vere største eigar av eit selskap som legg til grunn at politikarane vil mislukkast i klimapolitikken.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Vi må vise vilje

Den ideelle løysinga på problemet er sjølvsagt ein global CO2-pris, som kan sørgje for at rein energi vil lønne seg bedriftsøkonomisk. Men dei siste åra med klimaforhandlingar har diverre vist oss at dette er vanskeleg å oppnå.

Nokon må ta ansvaret for å setje på bremsene.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Betyr dette at Statoil berre skal køyre på med petroleumsutvinning i mellomtida, og at amerikanarane skal brenne av kolet sitt? Nei. Nokon må ta ansvaret for å setje på bremsene. Det er ikkje minst naudsynt for å få i land ein global klimaavtale.

Dei landa som historisk har stått for dei største utsleppa, må nemleg vise vilje til å stå for dei største kutta. Det er den einaste måten vi kan overbevise utviklingslanda om at også dei må vere med på å dra lasset. Så får vi heller sjå om vi klarer å leve med at den vesle mengda fossil energi vi faktisk kan utvinne, i hovudsak blir utvunne i verdas fattigaste land.

Vern LoVe og Jan Mayen

Borten Moe og Stoltenberg skrytte av korleis Noreg jobbar for utvinning rundt Jan Mayen, samstundes som Klima- og forurensingsdirektoratet seier miljørisikoen er alt for stor, og frårår opning.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

At bremsene må på, tyder ikkje at ein stoppar all petroleumsutvinning på norsk sokkel. Men det bør i det minste tyde at vi let vere å utnytte dei aller mest sårbare områda.

Både Borten Moe og Stoltenberg skrytte av korleis Noreg no jobbar for utvinning rundt Jan Mayen. Dette skjer samstundes som Klima- og forurensingsdirektoratet meiner miljørisikoen ved utvinning 1.000 kilometer frå norskekysten er alt for stor, og frårår opning.

For ikkje å snakke om Lofoten og Vesterålen, vårt viktigaste matfat, som statsminister Stoltenberg gjekk langt i å antyde burde opnast for petroleumsindustrien.

Ordlegginga til Statoil-sjefen seier alt om kva ei 'konsekvensutgreiing' eigentleg er for noko.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Eller som Statoil-sjef Helge Lund sa det: «Vi har kunnskap nok om Lofoten og Vesterålen. Så nå vil vi ha konsekvensutredning». Ordlegginga til Statoil-sjefen seier alt om kva ei «konsekvensutgreiing» eigentleg er for noko.

LES OGSÅ: LO-sjefen: – Ikke aktuelt med utenlandskabler

Ei fornybar framtid

Men endå viktigare enn å verne sårbare område er det at vi i langt større grad bør bruke politiske verkemiddel slik at petroleumsindustrien, med all sin kompetanse, vert brukt strategisk som eit springbrett til ei satsing på ei fornybar framtid.

For er det éin ting NHO har rett i, så er det at potensialet for Noreg som fornybarnasjon er enormt. Vi har gigantiske energiressursar i vind og vatn, og kan fungere som Europas grøne batteri. Det fordrar meir overføringskapasitet i Noreg – og meir overføringskapasitet til utlandet. Vi må møte framtida offensivt, og styre ressursane, kompetansen, investeringsmidlane og innovasjonsapparatet inn mot det fornybare.

Verda brukte totalt 409 milliardar dollar på å subsidiere fossile brennstoff i 2010. Fornybarsektoren, på si side, vart understøtta med 66 milliardar dollar. Det er til å grine av.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Mange går med eit inntrykk av at fornybarnæringane er subsidierte av skattepengar opp over pipa, medan petroleumsnæringa er ei pengemaskin. Dette er langt frå sanninga. I følgje Det internasjonale energibyrået brukte verda totalt 409 milliardar dollar på å subsidiere fossile brennstoff i 2010. Fornybarsektoren, på si side, vart understøtta med 66 milliardar dollar. Det er til å grine av.

'Tusen takk, begge deler' fungerte for Ole Brumm, men som styrande prinsipp for å hindre menneskeskapte klimaendringar er det ikkje berre naivt. Det er farleg.

Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre

Kort sagt: Vi må slutte å subsidiere og utvinne energi som skadar jorda vår. Og vi må byrje å satse langt, langt tyngre på fornybar energi. «Tusen takk, begge deler» fungerte for Ole Brumm, men som styrande prinsipp for å hindre menneskeskapte klimaendringar er det ikkje berre naivt. Det er farleg.