Vi er samde i at Latin-Amerika godt kunne fått breiare dekning i norske medium. Men det er heldigvis ikkje så heilsvart som Latin-Amerikagruppene hevdar. Andre medium får svare for seg; her er litt statistikk frå NRK:
Tre reportasjar same dag
Dagen før klagen frå Latin-Amerikagruppene blei publisert, sende NRKs Urix På Lørdag to lange reportasjar frå Latin-Amerika. Ei reportasje frå Rio de Janeiro om demonstrasjonar i Brasil, og ei reportasje frå Mexico om studentane som blei bortført for eit år sidan.
Og same dag tematiserte NRK Ukeslutt narkotrafikken i Colombia.
Ikke svart hol
Statistikken frå Urix sine TV-program siste sesong viser at det var 14 reportasjar frå Latin-Amerika, 13 frå USA, 19 frå Asia og 25 frå Afrika. 42 reportasjar omhandla ulike land i Midtausten, mens Europa – inkludert Ukraina og Russland – dominerte med 94.
Igjen – vi skulle gjerne hatt meir, men det er ikkje slik at Latin-Amerika er eit stort svart hol i dekninga.
650 saker frå Latin-Amerika
Ein av NRKs mest erfarne medarbeidarar, Arnt Stefansen, bur i Rio de Janeiro i Brasil på tiande året. Han er frilansar på fast kontrakt med NRK, og har levert 650 innslag frå dei fleste land på kontinentet. Til no har Stefansen vore delar av året i Europa, men etter korrespondentutvidinga i NRK i vår, blir han no permanent stasjonert i Latin-Amerika.
Eigne reporterar på plass
Historier vi burde dekka blir liggande. I Latin-Amerika og mange andre delar av verda. Men når det blir hevda at dekninga av Latin-Amerika er prega av "notisar henta frå store nyhetsbyråer som Reuters og NTB", meiner vi altså at det er grunnlag for å nyansere litt.
I tillegg til reportasjane frå Arnt Stefansen, har NRK hatt eigne reporterar på reportasjereiser i Mexico, Cuba, Colombia og Venezuela. Og Stefansen er denne veka på veg til Argentina for NRK.
Rituelt klagemål
Det er noko rituelt over klagemålet til Latin-Amerikagruppene. Vi er også usikre på om analysen treff så godt. Det er neppe manglande nærvær som er problemet (måten vi lønnar vår medarbeidar i Latin-Amerika kan ikkje vere det avgjerande).
Problemet er snarare den samla ressursbruken. Latin-Amerika er ikkje øvst i nyheitsbunken for tida, og det er ikkje noko særnorsk fenomen.
Europa og Midtausten dominerer nyheitssendingane
For svært mykje har handla om Europa dei siste åra. Det er nok å nemne stikkord som Eurokrise, flyktningar og Ukraina. Og i Midtausten har vi framveksten av IS og krigen i Syria. Derfor styrkar vi korrespondentnettet med Istanbul og Berlin. Men i tillegg får vi altså ein medarbeidar permanent i Latin-Amerika.
For heilt gløymd er Latin-Amerika ikkje, sjølv om Latin-Amerikagruppene hevdar det.