Hopp til innhold
Kronikk

Nelson Mandelas heilaggjering

Der Nelson Mandelas veg var innsikt og forsoning, agiterer norske kommentatorar for demonisering av meiningsmotstandarar.

MANDELA/ Helicopters fly past a 9-metre bronze statue of the Nelson Mandela after it was unveiled as part of the Day of Reconciliation Celebrations at the Union Buildings in Pretoria

Helikoptre flyr i parade forbi ein ni meter høg bronsestatue av Nelson Mandela i Pretoria.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

I desember var vi vitne til ei ikkje-kyrkjeleg heilaggjering. Nelson Mandelas gravferd var ikkje berre ei markering av ein stor statsmann, men av ein universell personlegdom. Utanriksdepartementet vedtok at alle statlege styresmakter, kommunar som fylkeskommunar, skulle flagge på halv stong under gravferda.

I meste laget, vil sume seia. Ja, men vi feira ein mann med sterk utstråling som i ein sjølvutslettande manøver mana til forsoning og ettergjeving av skuld. Det er juletid, og tidspunktet passar ikkje betre, Mandelas gravferd var ei profan himmelferd.

Fordeling av skuld

Det seier seg sjølv at det er freistande å ta ei slik kraft til inntekt for eit politisk syn. Jens Stoltenberg har nett vore i Sør-Afrika, der han oppsøkte minnesmerke etter Mandela og rapporterte om «pilgrimsferda» med fleire innlegg på Facebook, medan senior Stoltenberg, Thorvald, atterskapte måltidet han hadde då Mandela var på besøk hos han i 1994, og lét VG koma heim og fotografere «nattverden» – med tom stol, der den heilage mannen sat.

Mandelas gravferd var ei profan himmelferd.

Ronny Spaans, doktorgradskandidat i nederlandsk

Meir dramatisk var det for eit par veker sidan. Bård Vegar Solhjell frå Sosialistisk Venstreparti mana til sjølvransaking i norsk politikk. Sume i norsk politikk har større rett til å delta i markeringa enn andre, påstod han og viste til hendingar i den mørke fortida til høgresida, då Anders Lange forsvara apartheidpolitikken.

I Dagsavisen skreiv Vegard Bye, forskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt, om Castros tale ved gravferda: «Jeg tippet at Mandela føler seg mer bekvem med å ha han i sin gravferd enn Henry Kissinger.»

Mandelas favorisering av Castro over Kissinger kan vera så sann som berre det ut frå si tids kontekst, men dei bommar likevel på Mandelas hovudbodskap: Hans totale utsoning av skuld. Hos norske kommentatorar og politikarar har rørsla gått andre vegen; det galdt å fordele skuld.

Absolutt godt og vondt

Midtausten-forskar ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Lars Gule, er viljug til å tildele mennesket Nelson Mandela ein mytisk dimensjon. Men heller ikkje Gule innser den overmenneskelege, kristne forsoningsviljen hos sørafrikanaren. For Gule er Mandela er del av ein strid mellom det absolutt gode og det absolutt vonde.

For Lars Gule er Mandela er del av ein strid mellom det absolutt gode og det absolutt vonde.

Ronny Spaans, doktorgradskandidat i nederlandsk

I kommentaren «I blind tro» i Klassekampen, skriv han at «apartheids medløpere» utgjorde ein «tankeløshetens ondskap» som overgjekk «Adolf Eichmanns form for tankeløshet». I same artikkelen finn Gule same «tankeløshetens ondskap» att i holocaust, i antisemittismen, i Israels politikk, i den norske diskusjonen om romfolk osb. Mandela stig fram som eit fyrtårn i kampen mot «forbrytelser mot menneskeheten» – same kor denne kampen måtte gå føre seg i verda.

Ja, sjølvsagt er Mandela eit førebilete for oss alle. Men faren ved ei slik tilnærming er at samstundes som dei heilaggjer Mandela, demoniserer dei apartheid og folk som ikkje tydeleg nok tok avstand frå apartheid. Mandela er ljoset og rasjonaliteten, medan apartheid-tilhengjarar er irrasjonell vondskap. Dei er forblinda av «ondskapens banalitet».

Landsfaderen

Apartheidhistoria ligg langt unna i dag. Trass dei høgstemde lovtaler om Mandela – eller rettare, på grunn av desse talene – er det vanskeleg å øygne kva som gjorde Mandela så stor. Kva var eigenleg Mandelas genitrekk i kampen mot apartheid?
Då må vi til dei åra Mandela sat på Robben Island fengsel, i 1964–1982. Medan mange fangar nekta å tala med vaktene, freista Mandela å analysere situasjonen til afrikandarane – etterkomarane av nordvest-europearar, særleg nederlendarar og tyskarar, men òg franskmenn og skandinavar, som kom til Sør-Afrika på 1600-talet. Eit anna ord er boar, men det viser opphavleg til afrikandarar som forlét Kapp-provinsen og trekte inn i landet på 1800-talet.

Han innsåg at åtferda deira var styrd av ein otte for kva som ville skje dersom dei svarte kom til makta, nemleg hemnaksjonar og folkemord. Mandela nytta den lange tida han sat inne til å lære seg språket til vaktene, afrikaans, og setja seg inn i soga til dei kvite landsmennene. Dette gjorde han i stand til å forstå mentaliteten deira og gå i dialog.

Ein demoniserer apartheid og folk som ikkje tydeleg nok tok avstand frå apartheid.

Ronny Spaans, doktorgradskandidat i nederlandsk

Mange forhandlingsmøte mellom han og afrikandarar gjekk føre seg utan at ANC fekk vita om det. I motsetnad til ANC, som rekna okkupasjonen av Sør-Afrika av dei kvite som ein moderne versjon av europeisk kolonialisme, såg Mandela på afrikandarane som rettmessige innbyggjarar av Sør-Afrika.

Det er denne vendinga som ligg til grunn for Mandelas unike personlege utvikling og som gjorde han til landsfaderen for alle folk i Sør-Afrika, uavhengig av hudfarge og politisk bakgrunn. Det finst sjølvsagt ekstreme grupperingar som ikkje vedkjenner seg arven etter Mandela og slåst for eit kvitt Sør-Afrika, som Afrikaner Weerstandsbeweging, men innan den afrikaanstalande folkesetnaden er dei marginale.

Opphava til angsten

Når nordmenn no manar oss til historiske innsikter, burde dei ikkje ta det tiåret dei sjølve opplevde den politiske vekkinga i som startpunktet på historia, men gå lenger attende. Lær av Mandela! Han hadde eit større historisk utsyn.

Lars Gules politiske trusvedkjenning toppar seg i symbolord som «holocaust» og «ondskapens banalitet». I denne samanhengen må ein nemne eit av opphava til angsten åt afrikandarane. I det førre hundreårsskiftet rasa boarkrigen i Sør-Afrika. Denne gongen var geriljasoldatane ikkje samansett av medlemer av ANC, men kvite afrikandarar; dei stridde mot britisk herredøme i Afrika.

Arven etter Mandela er for radikal og universell til å fungere som talerøyr for eit bestemt politisk syn.

Ronny Spaans, doktorgradskandidat i nederlandsk

I Europa spreidde forteljingar om ugjerningane til britane seg som eld i turt gras. Det mest hårreisande var historiene om internering av kvinner og born i konsentrasjonsleirar. Om lag 26.000 boarkvinner og born omkom av svelt og sjukdom i desse leirane. Jamvel oldefaren min, ein enkel fiskarbonde frå Nord-Noreg, hadde ei bok om boarkrigen i ei elles skrinn bokhylle.

Ironisk nok stammar symbolordet «konsentrasjonsleir» òg frå dei kvite i Sør-Afrika – men frå ein annan røyndom enn symbolordet «apartheid». Den fyrste bruken av termen skriv seg frå desse britiske interneringsleirane for boarane. Boarkrigen vekte så stor oppøsing hjå nordmenn at mange idealistar reiste ned til Sør-Afrika for å slåst mot den britisk overmakta. Ei av dei mest heroiske geriljagruppene på boarsida heitte «Scandinavisch corps».

Klårtenkt Mandela

Men alt den gong var den politiske situasjonen komplisert; hendene til både britar og boarar var raude av zulublod. Det var kampen mot vestleg (i denne samanhengen, britisk) imperialisme som fekk forrang. Vi kjenner att idealismen frå vår eiga tid. I den heilage kampen mot det store, absolutte vonde er det ikkje plass til nyanserande innleving i motivasjonane til fienden. I dette perspektivet får Gules tittel «I blind tro» ei ny meining.

Mandela gjorde spørsmålet om fordeling av skuld irrelevant.

Ronny Spaans, doktorgradskandidat i nederlandsk

Men Mandela såg at vegen ut av konflikten var å heva seg over det blinde hatet. Arven etter Mandela er for radikal og universell til å fungere som talerøyr for eit bestemt politisk syn. Mandela gjorde nettopp spørsmålet om fordeling av skuld irrelevant. Utviklinga under fengselsopphaldet, frå militaristisk marxist til pragmatisk humanist, rydda veg for statusen til Mandela som heilag mann. Han vart ein openberring av forsoningspolitikken i det nye Sør-Afrika. Og paradoksalt nok er denne mytestatusen basert på Mandelas evne til klårtenkt politisk analyse, fri for demoniserande svartmåling av fiendane.