Hopp til innhold
Kronikk

Når er det tynt nok?

Det er ingenting spesielt med Cubus-modellen. Ho er berre ein drope i det tynne havet som moten seglar på.

LIFESTYLE-BRITAIN-US-FASHION-VICTORIA’S SECRET

Nyleg viste undertøysmerket Victoria’s Secret sin siste kolleksjon. Desse kroppane dukka også opp på reklameplakatane med slagordet «The perfect ’body’».

Foto: LEON NEAL / Afp

« Det var noe med modellene og klærne som minnet om skulpturer. »
Sosialantropolog og trendanalytikar Gunn Helen Øye undra seg over Acne Studios’ siste visning under moteveka i Paris.

«Det er fryktelig trist at man lager en kolleksjon hvor betingelsen for å gå med plaggene er at man er tynn,» sa Øye.

Ein kolleksjon tilpassa tynne kroppar? Jau då, Acne-modellane var altfor knoklete. Munnvikane peikte nedover. Dei såg ut som om dei hadde selt smør utan å få betaling.

Ryggmargen i moten

Blant alle kragebeina er det lett å gløyma at den slanke, og rett ut magre, kroppen er ryggmargen i moten. Moten er avhengig av å presentera plagga sine på sjablongar; dei tynne, symboltunge kroppane. Desse fungerer som kleshengarar, eit ubleika lerret klare for kunstnarisk fridom. Modellane tar lite merksemd frå plagga. Dei er muser i ei lukka verd med lågt blodsukker.

Modellane tar lite merksemd frå plagga. Dei er muser i ei lukka verd med lågt blodsukker.

Hanna Maria van Zijp

Dei er ikkje nødvendigvis typisk kvinnelege, med høgd som ein gjennomsnittsmann, smale hofter og breie skuldrer. Dei representerer ein hard type eksklusivitet. Denne kroppen osar av kontroll i overflodssamfunnet, noko me respekterer djupt. Men av og til blir det for lite av det gode. Det tynne kan bli for tynt.

Tynn illusjon

Det viser seg i kortvarige forbrukaropprør. Nyleg fjerna Cubus eit bilete av ein modell som artist Marthe Valle meinte var for mager for augo våre. Fleire hengde seg på kritikken og var sjokkerte over at Cubus kunne bruke ein slik modell.

Også motebladet Costume har fått kvass kroppskritikk. Modell Siri Tollerød, som dekte litt av framsida på aprilutgåva, var så smal. Reaksjonane var sterke. Var ikkje dette anoreksiforherlegande, såkalla tynnspirasjon? Posituren hennar skapte ein enda tynnare illusjon.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Twitter

Det er ingenting spesielt med Tollerød, Cubus-kvinna eller dei triste Acne-modellane i Paris. Dei er berre dropar i det tynne havet moten seglar på. Men kvifor ser me ikkje heilskapen lenger? Fordi det tynne er overalt. Det tynne blir berre tynnare.

Idealet har vore tynt i mange år. Dei ulike måtane å vera tynn på starta for alvor med den sunne kroppen og nye sosiale lag etter industrialiseringa. Meir fritid gav rom for meir systematisk mosjon. Ein sunn kropp var smal og klar for eit slag tennis.

Me ser ikkje heilskapen

Den surrealistiske designaren Elsa Schiaparelli var ein av dei første til å bruka tynne modellar på 1930-talet. Dei etterfølgjande tiåra var idealet organisert rundt meir-å-ta-i-prinsippet, men var framleis korsettsmalt rundt midja. Twiggy sitt gjennombrot på sekstitalet sørgde for at det androgyne og ungdommelege dominerte moten.

Det tynne blir berre tynnare.

Hanna Maria van Zijp

Åttitalet sine aerobic-armar og helsedyrking blei seinare avløyst av eit mindre sunt ideal, heroine chic, på nittitalet, med førstekvinne Kate Moss. Moss er framleis ei lysande stjerne på motehimmelen.

Med nokre unntak har ikkje idealet lagt på seg mange kilo. Det finst eksempel på rekrutteringsforsøk utanfor ein anoreksiklinikk i Stockholm. Den tynne kulturhistoria har normalisert det tynne. Som anorektisk blei bloggar Linnea Myhre kåra til Noregs mest sexy kvinne av mannebladet Mann i 2011.

Det tynne er altså delvis positivt. Me har hylla tynne kroppar lenge, heilt til begeret blir fullt. Når det tynne kryssar ei grense, kjem sterke reaksjonar. Plutseleg kan det bli for tynt, som Acne. Biletet kan stå for nær oss, som på Cubus. Ein tekst under biletet kan avsløra kor smalt det smale idealet er.

LES OGSÅ: «En tynnspirerende boble»

A body for every body

Nyleg viste underklesmerket Victoria’s Secret sin siste kolleksjon. Glamour Magazine konkluderte med at visninga bogna av «blunking, kyss mot kameraet og FANTASTISKE kroppar». Mellom alle krystallane, englevengene og Taylor Swift kunne ein – ikkje overraskande – skimta heilt like kroppar.

Folk som har kontroll på kroppen sin, har nemleg kontroll på livet sitt.

Hanna Maria van Zijp

Desse kroppane dukka også opp på reklameplakatane med slagordet «The perfect ’body’». Då var det tynne ikkje så kjekt lenger. Teksten blei endra til «A body for every body» etter ein underskriftskampanje med 33.000 underskrifter.

Det tynne et seg stadig inn i liva våre. Nå førebur avisene oss på jula. Korleis unngå januarsmellen? Ikkje den økonomiske, men den kroppslege. Media kartlegg kaloribombene, spreidd som revefeller i kvart familieselskap. Ikkje et for mykje saus. Et litt seinare. Behersk deg. Forsyn deg sparsamt, for så å instragramma det.

Folk som har kontroll på kroppen sin, har nemleg kontroll på livet sitt. Dei får til alt. I eit grenselaust samfunn krev det meir å avgrensa seg sjølv. Me elskar denne kroppskontrollen. Derfor reagerer me berre når nokon har mista kontrollen, når tynne har blitt for tynt.