Hopp til innhold
Replikk

Den misforståtte digitale kompetansen

Om vi skal vere heilt ærlege treng elevane digital kompetanse. Og det er ikkje det same som at elevar skal bruke PC til ei kvar oppgåve.

Broadband In Schools Ella Russell

Ein skuleelev brukar iPad til å løyse oppgåver i mattetimen.

Foto: Jacquelyn Martin / Ap

Denne replikken er eit svar på «Den opphausede digitale kompetansen» av Trond Wingård.

Mange vil hevde at vi lev i, og vert forma av, eit teknologideterministisk samfunn der teknologiske nyvinningar set dagsordenen. Til dømes at skulane må ta i bruk IKT fordi arbeidslivet krev det. Det høyrest gjerne fatalistisk ut, men dersom dette er sant, så krev det elevar som i større grad tileignar seg digital kompetanse. Spørsmålet vert ikkje «bør born bruke digitale verktøy?», men i staden, «kva er digital kompetanse og kvifor er den så viktig?»

Lære for å lære

Snarare enn å oppmode om meir bruk av IKT i skulen, bør ein sjå på kva kompetanseomgrepet inneber. Ein vanleg definisjon av omgrepet er at kompetanse er summen av kunnskapar, ferdigheiter, evner og haldningar som ein person nyttar seg av til eit spesifikt føremål. Kompetanse er altså meir enn elementære ferdigheiter, meir enn til dømes å bruke eit nettbrett. Marc Prensky introduserte tidleg på 2000-talet uttrykket «digitalt innfødde», altså at born i dag er fødde inn i ei teknologirik verd, og difor skal ha ein medfødd, intuitiv digital kompetanse.

Sosial bakgrunn kan forsterke digitale klasseskilje

Øystein Olav Skaar, vitskapeleg assistent

Denne hypotesen finn lite empirisk støtte, og sjølv om elevar jamt over har god digital kompetanse, så ser ein at kompetansen minkar dess høgare krav det vert stilt til fagleg bruk. Elevane har gjerne god elementær kompetanse (lært å bruke), men sviktande grunnleggande kompetanse (lært for å lære). Dette viser seg ved at elevane gjerne mestrar digitale verktøy til personleg bruk i uformelle og sosiale situasjonar, men i mindre grad maktar å nytte desse i ein skulekontekst meint for læring.

FØLG DEBATTEN: NRK ytring på Facebook.

Lettare å bruke

Trond Wingård skriv i si kronikk, «en av de tydeligste trendene gjennom den moderne datahistorien, er at programmer og dingser blir mer og mer brukervennlige – de blir mer intuitive, mer lettbrukte, og målet er å gjøre det mulig å bruke dem fullstendig uten bruksanvisning». Dette er fullstendig riktig, men det ber samstundes med seg ei utfordring. Dersom ein ikkje har innsikt i korleis informasjon vert brukt, kva program (app) som har tilgang på kva, så mistar ein kontroll over sin eigen digitale kvardag. Dette krev kompetanse, det krev digital danning og kritisk refleksjon. Kva informasjon er det greitt at [sett inn leverandør] veit om meg?

Så om vi skal vere heilt ærlege, så treng elevar digital kompetanse. Dersom vi lev i eit teknologideterministisk samfunn, så er denne kompetansen ein premissleverandør for å vere ein demokratisk deltakar og ikkje ein passiv mottakar. Det er eit uttalt mål at skulen skal kunne motverke sosiale forskjellar, men dessverre ser ein at sosial bakgrunn kan forsterke digitale klasseskilje.

Skuleleiing og lærar lyt difor leggje til rette for faglege tiltak for utsette elevgrupper, og samstundes vurdere i kva grad ein treng digital kompetanseheving hjå lærarar og elevar. Det er ikkje det same som at elevar skal bruke digitale verktøy til ei kvar tid, til alle oppgåver – det er til dømes lov å ta seg ein joggetur.