Hopp til innhold
Kronikk

Mellom to stolar

Det er fullt mogleg å leve som heterofil eller homofil, og samstundes definere seg som biseksuell. Problemet er imidlertid at mange forventar at dei bifile skal ta eit val, skriv Sigrun Sæbø Åland.

Mideast Israel Gay Pride Parade

Bifile kan seiast å vere ein minoritet innanfor minoriteten. At bifili ikkje vert diskutert, meiner eg er ein indikasjon på at bifile ikkje vert tekne på alvor, skriv Sigrun Sæbø Åland. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: Oded Balilty / Ap

Heterofile vil ha det til at bifili berre er ei eksperimentell fase. Homofile hevdar gjerne at bifile ikkje tør å komme heilt ut av skapet. I det skeive miljøet florerer det skrekkhistorier om bifile som tilslutt stikk av med nokon av motsatt kjønn, og enkelte feministar vil ha det til at bifile kvinner glorifiserer pornofiserte fantasiar og kun er opptekne av det mannlege blikket.

SE OGSÅ: P3-dokumentar om bifile

Får lite merksemd

23 september vert bi-synlegheitsdagen markert internasjonalt. I samband med dette er det på høg tid å sette bifili på agendaen.

Enkelte feministar vil ha det til at bifile kvinner glorifiserer pornofiserte fantasiar.

Sigrun Sæbø Åland, skribent

Samanlikna med andre saker under LHBT-paraplyen får bifili lite merksemd i det skeive miljøet. Temaet vert i høg grad oversett både politisk og akademisk. Bifile kan dermed seiast å vere ein minoritet innanfor minoriteten. At bifili ikkje vert diskutert, meiner eg er ein indikasjon på at bifile ikkje vert tekne på alvor.

Forventer eit val

I norsk samanheng finnast det eit språkleg skilje mellom biseksualitet og bifili. Medan omgrepet biseksualitet viser til tenningsmønster og seksualpraksis, viser omgrepet bifili til romantiske preferansar og partnerpreferansar i tillegg til tenningsmønster og seksualpraksis.

Det er med andre ord fullt mogleg å leve som heterofil eller homofil, og samstundes definere seg som biseksuell. Problemet er imidlertid at mange forventar at dei bifile skal ta eit val.

LES OGSÅ INTERVJU MED ÅLAND: Legning udefinert

Vert definert av alle andre

Vi menneske er glade i å systematisere. Mellom anna plasserer vi kvarandre i definerte seksualitetsbåsar, kontrollert av stabile normer og reglar. Dei fleste har ei avklara meining om kva homofil eller heterofil betyr, og dermed også om kven som passar inn under definisjonane.

Begge båsane er tillagt sosiale forventingar og speglar kollektive identitetar. Den bifile båsen derimot, vert ikkje sett på som like stabil. Men det er ikkje dermed sagt at bifile er komfortable med å bli slusa inn i hetero eller homobåsen, alt etter kva som passar best.

Det er fullt mogleg å leve som heterofil eller homofil, og samstundes definere seg som biseksuell. Problemet er imidlertid at mange forventar at dei bifile skal ta eit val.

Sigrun Sæbø Åland, skribent

Bifile vert møtt av mange fordommar både innanfor og utanfor det skeive miljøet. Mangel på kollektiv identitet kan vere ein av forklaringane på dette. Sidan bifile stort sett vert definert av alle andre enn seg sjølve, hamnar dei også mellom to stolar. Ein typisk fordom er at bifile er ustabile eller upålitelege. Dette kjem sjølvsagt av at bifile stiller seg utanfor homo-heterodikotomien, noko som gjer dei vanskelegare å båssetje. Andre fordommar, som dei nemnd øvst i denne teksten, grunnar også i same problemstilling.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ganske pinleg

Det heile er eigentleg ganske pinleg, og det er på høg tid at vi legg til eit ekstra alternativ i hjernekartoteket.

Dette gjeld både kjønn og seksualitet. Om ein person ynskjer å definere seg utanfor dei dikotomiske båsane, bør dette bli møtt med aksept. Bifile som lev i monogame forhold er framleis bifile, ikkje homo- eller heterofile. Personleg trur eg både kjønn og seksualitet er flytande. Identitet er noko som utviklar seg over tid, og kan dermed ikkje seiast å vere særskilt stabilt. Om ein utvidar rammene for korleis ein snakkar om seksualitet kan ein kanskje drepe nokre av dei latterlege fordommane i same slengen.