Hopp til innhold
Kronikk

Kunsten å handle rett

Få plassar er det så lett å verte lurt som i daglegvarebutikken. Det er mykje som ikkje står på merkelappane til norske matvarer.

Tomater klase

Kronikkforfattaren lurer på korleis ein best mogleg kan merke matvarer. Og korleis veit ein at tomatar frå Finnøy kjem frå Finnøy? Dei veks i eit veksthus, i steinull, utan kontakt med jorda, skriv ho.

Foto: liz west (CC BY 2.0)

«Kva er mat?»

Er det eit frykteleg dumt eller skikkeleg viktig spørsmål? Etter eitt år med forsking på dette har eg hamna på det siste: Hyllene vi står mellom på butikken gjev oss tilsynelatande veldig mange val – og veldig dårleg grunnlag å velje ut frå.

Det er forskrifter for det meste i matvarebransjen. Vi har forskrifter for kor mykje luft det kan vere i is, kor mykje ost det må vere i smelteost og kva som er skilnaden på ei saft og ein sirup. Ikkje minst har vi forskrifter for korleis maten skal merkast.

Ein kan tenkje seg at all denne reguleringa og merkinga, og ikkje minst ropinga om meir merking og meir regulering, er noko desperat. Det er før ein oppdagar alt som ikkje står på merkelappane.

Mat kjem frå ei råvare

Kvart egg vi et er lagt av ei høne. Kvar mjølkeliter har kravd at ei ku har pumpa 500 liter blod gjennom juret sitt. Kvart norske eple du kjøper er plukka med hand av eit menneske og plassert forsiktig i ein lagerkasse, kvar lauk er sådd som frø ein vår, har brukt sin fyrste sumar på å vekse fram til ein liten lauk, blitt hausta, tørka og lagra som settelauk over vinteren, sett ut att i jorda om våren (ein heilt annan stad), brukt sin andre sumar på å vekse seg stor, for endeleg å bli hausta og tørka ein gong til før du til møter den i butikken.

Kor lange innhaldslister vil vi ha, liksom?

Siri Helle, forfattar og journalist

Dette er råvarene våre. Sjølv om dei er lette å kjenne att, fortel dei lite om seg sjølve. Tomaten frå Finnøy seier til dømes ingenting om at den har vakse opp i eit veksthus så sterilt at det ikkje har plass til jord, og at tomaten difor har vakse opp i steinull, plassert på bord, i trygg avstand til betonggolvet dei har lagt der det ein gong var matjord. Med regulert klima og innkjøpte næringsmidlar kan ein spørje kor mykje kor mykje det eigentleg er av Finnøy, eller Jæren, eller Noreg, i dei små tomateskene med norsk flagg på.

Isbergsalaten som har reist heile vegen frå USA snakkar ikkje høgt om at den har vore utsett for soppmiddelet ametoctradin, eller om at då grenseverdien for kor mykje ametoctradin den kan bere med seg vart dobla i fjor, var det for å hindre handelsbarrierar. Fordi amerikanske salatprodusentar må nytte stadig meir soppmiddel for å få det til å verke, må vi godta stadig meir reststoff i salaten vår.

Det heile er på mange vis ein finurleg leik med ord. I 6.000 år produserte vi mat utan kjemiske plantevernmiddel og kunstgjødsel. I alle dei åra var det jordbruk, og i dei aller fleste av dei var det meir enn godt nok. Så kom giftstoffa og kjemien – og plutseleg var dei jordbruket. Dei som ikkje ville vere med på utviklinga, fekk heller finne seg i å måtte kalle seg økologisk.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

avokado med skygge

Lyst på litt herleg guacamole (med heile to prosent avokado)?

Foto: Flickr / stefelix (CC BY-NC-SA 2.0)

Mat er eit produkt

Heller ikkje dei tilarbeida matvarene er særleg interesserte i å fortelje oss meir enn høgst naudsynt om kva dei inneheld eller kor dei kjem frå. I desember får vi ny forskrift for merking av mat. Forskrifta er laga for forbrukarar, ikkje for industrien: Det skal verte lettare å lese kva maten inneheld. Det kan det vere behov for. Dinside.no var lure nok til å gå på matvareindustrien sitt seminar om dei nye reglane, og møtte produsentar som humrar av kresne forbrukarar, klagar over for mykje informasjon og at tiltaka er lite salsfremjande. Kor lange innhaldslister vil vi ha, liksom?

Hadde produkta dei produserer vore tvers gjennom enkle og ærlege, hadde eg kanskje vurdert å vere einig med matvareindustrien. Men så lenge bringebærsaft utan bringebær, guacamole med to prosent avokado, vaniljesukker utan vanilje, norsk is produsert i Kroatia, skinke med åtte tilsetjingsstoff og bacon med 89 prosent kjøt berre er starten på ei nærast uendeleg liste over matvarer som tøyer, bøyer og brekk reglar og vanleg folkeskikk, er ikkje sympati det eg kjenner mest for å uttrykke.

Jordbær

Mmm: jordbær (kan ha vore sprøyta med plantevernmiddel inntil sju dagar før hausting).

Foto: John Watson (CC BY-NC 2.0)

Mat skal fordøyast

Kva er sunn mat? Ifylgje Helsedirektoratet og Mattilsynet er det til dømes ei halvgrov skive kveitebrød – eit korn avla for så mykje, så hardt gluten at stadig færre toler det. Gluten som let bakeindustrien pumpe brødet fullt av luft slik at det ser stort og lett ut, trass i at tilsetjingsstoffa gjer at det berre har heva ein halvtime.

Før hadde vi potetferie i åkeren og eit syskenbarn på Gjøvik som dreiv med mjølkeproduksjon. Slik er det ikkje lenger.

Siri Helle, forfattar og journalist

På brødet bør det ifylgje Nøkkelhol-merket vere lettmargarin – ikkje smør. Slik kan Vita hjertego lettmargarin med statleg velsigning kalle si innhaldsliste med 15 ingrediensar (kor seks er tilsetjingsstoff) for sunn. Smøret vi har ete i hundrevis av år, er derimot ikkje godt nok lenger.

Kanskje bør vi legge til nokre jordbær, som godt kan ha vore sprøyta med plantevernmiddel heilt fram til sju dagar før hausting. «Hugs å skylje bæra før du et dei», seier Mattilsynet, «så er det ingen problem». Har dei gløymt at fleire av plantevernmidla er systemiske, og har som oppgåve å trekke inn i bæra og planta?

Sårbar forbrukar

Styresmaktene våre heng etter. Biletet dei gjev oss er av ei ukritisk – nesten naiv – haldning til industrien sine ynskjer og innfall. Er det til å stole på?

At ikkje alt får plass på ein merkelapp er ikkje god nok orsaking.

Siri Helle, forfattar og journalist

Før hadde vi høner i bakgarden, potetferie i åkeren og eit syskenbarn på Gjøvik som dreiv med mjølkeproduksjon. Slik er det ikkje lenger. Eg er ein del av den fyrste generasjonen som har vakse opp utan å trenge å kome i nærkontakt med råvarene vi et. Det gjer meg ekstra sårbar for lure triks.

Det er ein sårbarheit eg ikkje er nøgd med. Eg har eit ansvar for å halde meg oppdatert på kva som står på merkelappane på maten min i butikken. Myndigheitene, produsentar og seljarar har eit ansvar for at den informasjonen er forståeleg. At ikkje alt får plass på ein merkelapp, er ikkje god nok orsaking til at ein vanleg forbrukar ikkje lenger klarer å halde oversikta over kva det eigentleg er han et.

Kronikken er basert på boka «Handle rett: Lure val i ein matbransje full av juks», som kjem ut i desse dagar.