Hopp til innhold
Kronikk

Kunne me gjort meir for våre eldre?

Pårørande kan avhjelpa mange vanskar ved eldreboomen, men regjeringa gjer minimalt for å få familien til å yta i større grad.

Eldre kvinne sitter alene på eldrehjem

'Eg kunne ha gjort meir, men lenge var eg ikkje villig til å gje avkall på fridommane i mitt eige liv. Nettopp denne norske sjølvrealiseringsnorma gjer det ømtolig å utfordra dei pårørande som kan yta meir,' skriv Noralv Pedersen i denne kronikken. (Illustrasjonsfoto)

Foto: colourbox.com

Pappa hadde fylt 76 år då han fekk eit alvorleg hjerneslag. Brått blei ein arbeidsam mann lam og trong hjelp til det meste. Eg budde i byen to og ein halv time unna heimbygda og venta mitt andre barn då livet til pappa – og mamma – blei snudd opp ned.

Eg ønskte å hjelpa foreldra mine, men skulle samstundes meistra jobben og livet som småbarnspappa. Lenge nølte eg med å støtta pappa og avlasta mamma så mykje som eg visste at dei hadde bruk for.

LES: – Kanskje du må dusje moren din selv

100.000 årsverk

Mi historie er på ingen måte unik. Etter at eg i boka «Når far treng meg» skildra dilemmaa som eg stridde med, har mange pårørande fortalt meg at dei har hatt det på same måte. Dei ville òg gi meir omsorg, visste at det ville ha vore det beste for ei sjuk mor eller ein pleietrengande far, men heller ikkje dei fekk det til.

Lenge nølte eg med å støtta pappa og avlasta mamma så mykje som eg visste at dei hadde bruk for.

Noralv Pedersen

I dei fire åra pappa levde etter slaget, slo det meg kor fråverande pårørande er i eldreomsorgsdebatten. Gratisarbeidet frå familie, vener og naboar blir knapt registrert i statistikkar eller utgreiingar, sjølv om det er rekna ut til å utgjera 100.000 årsverk. Det er eit nesten like stort arbeid som det i dei kommunale omsorgstenestene. Pårørande legg med andre ord ned ein formidabel innsats, men det har ikkje politikarane snakka om i dei 50 åra det har teke å byggja opp den eldreomsorga me har i dag.

Mindre familieomsorg enn før

Sjølv om familieomsorga sparar det offentlege for store summar, har dei folkevalde teke desse omsorgsarbeidarane for gitt. Men i dag er denne ulønte innsatsen under press.

SJÅ OVERSIKT: Her svikter Norge

Forskingsrapportar tyder på at nordmenn yter mindre familieomsorg enn før. Ei slik utvikling er uheldig med tanke på dei vanskane eldreomsorga står føre: Om 25 år er me over ein million nordmenn over 70. Det er dobbelt så mange som i dag. Skal talet på helsearbeidarar auka tilsvarande, må kvar tredje ungdom velja omsorgsyrket i framtida. Det er verken sannsynleg eller ønskjeleg.

Gratisarbeidet frå familie, vener og naboar blir knapt registrert, sjølv om det er rekna ut til å utgjera 100.000 årsverk.

Noralv Pedersen

Sjukedagar per forelder

Ei mobilisering av pårørande er difor trekt fram som éi løysing på den såkalla «omsorgskrisa». I fjor sommar utfordra eg difor Ap, Høgre og Frp til å løfta pårørandeperspektivet inn i den framtidige valkampen. Dette skal me snakka om, svara dåverande helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre. Men det gjorde verken han, Jens, Erna eller Siv.

LES OGSÅ: – Eg ville gjere meir

Slik sett er det ikkje overraskande, men like fullt skuffande, at regjeringa med statsbudsjettet sitt nok ein gong fortel folket at meir pengar til nye sjukeheimar er det som er løysinga på eldreboomen. Nok institusjonsplassar er viktig, men eg skulle gjerne ha høyrt folkevalde som, i tillegg til å telja sjukeheimsrom, innførte ordningar som kunne gjera det lettare å kombinera arbeid og omsorg. Eit tiltak kunne vera å gi pårørande eit visst tal sjukedagar per gamal forelder, slik at han eller ho kan få fri med løn når mora bryt lårhalsen. Dette er innført i private verksemder, som Storebrand, med hell.

Eg kunne ha gjort meir, men lenge var eg ikkje villig til å gje avkall på fridommane i mitt eige liv.

Noralv Pedersen

I dag går omsorgsplikter ut over arbeidet for mange – og omvendt. Nokre opplever å svikta både på jobb, heimebane og som pårørande. Når det i framtida blir mangel både på arbeidsfolk og frivillige som skal hjelpa stadig fleire eldre, er det på høg tid med ein ny pårørandepolitikk som kan løysa opp i den tidsklemma mange står i.

Alvorsord

Kvifor er politikarane tause om denne problematikken? Det kan vera at dei er redde for å skubba veljarar frå seg ved å seia at dei må ta større ansvar i eldreomsorga. Frå helsebyråkratar har derimot slike alvorsord kome, med bakgrunn i harske realitetar i tronge budsjett: «No må familiane trå til meir,» sa helsebyråd Hilde Onarheim i Bergen til Bergens Tidende 30.september i år. Og i Kvam kommune har rådmannen ymta om at folk må ta seg meir av sine gamle slektningar.

Det kan vera at dei er redde for å skubba veljarar frå seg ved å seia at dei må ta større ansvar i eldreomsorga.

Noralv Pedersen

Men slike administrative varsku fører truleg ikkje til folkedugnadar. Etter ei årelang ørkenvandring av utgreiingar skal Helsedirektoratet dei næraste månadane foreslå ei ny innretning på omsorgsløna. Regjeringa bør då innføra ei rausare ordning som gjer det lettare for fleire pårørande å yta meir. I tillegg må helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) byggja ut mange fleire dagplassar til personar med demens, eit arbeid som har gått med sniglefart, sjølv om slike tilbod gir betre livskvalitet både for den sjuke og den pårørande som treng avlasting.

LES OGSÅ: – Tilsette i eldreomsorga gret når dei skal gå heim

Gjer du nok?

Endeleg skulle eg ønska at statsråden heldt opp med å lata som om den institusjonelle eldreomsorga er svaret åleine og elles hevda at pårørande stiller opp så mykje som dei kan.

Mi erfaring er at den siste påstanden ikkje er dekkande: Eg kunne ha gjort meir, men lenge var eg ikkje villig til å gje avkall på fridommar i mitt eige liv og flytta heim, som var løysinga i vårt tilfelle. Nettopp denne sjølvrealiseringsnorma gjer det ømtolig å utfordra dei av oss pårørande som kan yta meir. Men politikk er å vilja: Tek du debatten, Høie?

Kronikkforfattaren er tilsett i NRK Sogn og Fjordane, men skriv denne kronikken som forfattar og privatperson.