Hopp til innhold
Kronikk

Kjønn i skyttargravene

Er det verkeleg ein viktig likestillingskamp å tvinge jenter til å gjennomføre førstegongsteneste? Kan vi ikkje heller slutte å tvinge gutane?, spør Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn.

Kvinnelig verneplikt

Over 200 offiserar frå alle forsvarsgreiner deltok på årsmøte i Nettverk for kvinneleg befal tidlegare i vinter. – Vi treng ikkje kjønnsnøytral verneplikt, men kjønnsnøytral profesjonalisering av Forsvaret, skriv leiar i Unge Venstre Sveinung Rotevatn.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Her om dagen hadde eg besøk av to skuleklassar på Venstres Hus. Ei jente spurte meg om Unge Venstre er for kjønnsnøytral verneplikt. Eg spurte tilbake: «Kor mange av de jenter kunne tenkje dykk å gjennomføre førstegongsteneste?». Tre av drøyt 25 jenter rakk opp handa. Så spurte eg: «Kor mange vil at eg skal tvinge resten?». Ikkje éi jente rakk opp handa.

Likevel har somme fått det for seg at vår tids store likestillingskamp er å tvinge jenter inn i uniform. Både i Arbeidarpartiet og Senterpartiet går diskusjonen for fullt fram mot landsmøta, og dei respektive ungdomspartia har flagga kjønnsnøytral verneplikt som kampsak.

Først og fremst soldat

Lat éin ting vere klart: Sjølvsagt er det diskriminerande at berre gutar er tvungne til å avtene førstegongsteneste. Og sjølvsagt kan jenter vere like dyktige soldatar som gutar. Eg avtente sjølv førstegongsteneste i ein tropp der 13 av 52 soldatar var jenter, og eg har berre godt å seie om alle mine medsoldatar. I Forsvaret er ein først og fremst soldat, ikkje først og fremst kvinne eller mann.

Når Anniken Huitfeldt argumenterer mot kjønnsnøytral verneplikt med at «vi trenger ikke flere soldater», har ho faktisk heilt rett.

Leiar i Unge Venstre Sveinung Rotevatn

Etter tjue år med jamn profesjonalisering av Forsvaret er likevel ikkje det mest relevante spørsmålet om verneplikta skal utvidast. Det er om ho skal avviklast.

For når Anniken Huitfeldt argumenterer mot kjønnsnøytral verneplikt med at «vi trenger ikke flere soldater», har ho faktisk heilt rett. Ikkje at dette i seg sjølv er eit argument for å oppretthalde ei kjønnsdiskriminerande ordning, men det peikar på ein viktig realitet: Forsvarets største utfordring er ikkje kvantitet, det er kvalitet.

Etisk tvilsomt

I fjor lanserte Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) rapporten «Veivalg mot en landmakt i balanse». I tre år har våre tyngste forskarar sett på om det er mogleg å halde Noreg med nok kampklare bakkestyrkar slik Forsvaret utviklar seg. Svaret er nei.

Årsaka er ganske enkelt at Forsvaret i dag brukar store ressursar på å utdanne soldatar dei har lite eller inga glede av. Svært lang opptreningstid i bruk av stadig meir avanserte våpensystem, kombinert med operative avdelingar som samstundes skal fungere som skular, gjer at vi går mot ein kritisk mangel på operative bakkestyrkar. FFI tilrår ei fullstendig omlegging til eit reint yrkesforsvar, der halvparten av Hæren er fulltidstilsette og halvparten mobiliseringsklare soldatar og offiserar. Alle med solid og regelmessig trening.

Forsvaret brukar i dag store ressursar på å utdanne soldatar dei har lite eller inga glede av.

Leiar i Unge Venstre Sveinung Rotevatn

Også tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen har ved fleire høve uttalt seg kritisk om dagens vernepliktsmodell, fordi den etter hans syn er «økonomisk meningsløs og uegnet for vår beredskap, og derfor etisk meget tvilsom». I eit intervju i Morgenbladet utdjupa generalen sitt syn på verneplikta slik ho fungerer i dag: «Ni måneder er opplæring, og tre måneder er nyttetid. Resultatet er lange perioder uten reell beredskap på viktige område. I verste fall vil politikerne måtte sende soldater ut i krig, selv om de erkjenner at styrkene er utilstrekkelig trent. Det er etter min vurdering etisk meget tvilsomt.»

Dei mest motiverte søkjer

Forsvaret sjølv har heldigvis tatt konsekvensen av denne utviklinga for lenge sidan, i motsetnad til det politiske miljøet. Våre væpna styrkar har difor blitt jamt meir profesjonalisert. Dei siste 10 åra har talet på nordmenn som gjennomfører førstegongsteneste sunke frå 11.991 til 7.836 (av eit årskull på 63.367). I fjor vart siviltenesta også avvikla, noko som vil seie at alle som søkjer fritak av samvitsgrunnar slepp å tenestegjere. Det er med andre ord stort sett dei mest motiverte som søkjer seg til teneste, sannsynlegvis mange av dei same som ville verva seg til profesjonell teneste uansett. Skilnaden er berre at dei ville fått skikkeleg betalt, og Forsvaret ville fått nytte av kompetansen deira i meir enn 12 månader.

Vi kan berre ha eitt einaste mål med forsvarspolitikken: Eit best mogleg forsvar. Difor er det relevante spørsmålet følgjande: Er eit vernepliktsbasert forsvar det som gjev oss størst mogleg tryggleik per brukte krone? Mitt svar – og svaret til Forsvarets forskingsinstitutt – er nei.

Kald krig-modellen

Under Den kalde krigen kunne ein argumentere rasjonelt for eit vernepliktsbasert forsvar. Tilgangen på nok mannskap var viktig, det var relativt kort opptreningstid og det mobiliseringsbaserte totalforsvaret vart vurdert som best eigna til å møte det mest aktuelle scenarioet: Ein massiv, sovjetisk invasjon av norsk territorium.

Er eit vernepliktsbasert forsvar det som gjev oss størst mogleg tryggleik per brukte krone? Mitt svar er nei.

Leiar i Unge Venstre Sveinung Rotevatn

Det norske forsvaret i 2013 jobbar under heilt andre rammevilkår. Dei mest sannsynlege scenarioa ein trenar på, det vere seg suverenitetshevding i Nordområda, terrorisme på norsk jord eller fredsopprettande oppdrag ved bruk av ekspedisjonsstyrkar, har éin ting til felles: Ståande og topptrente styrkar er nødvendige, og avanserte våpensystem – med tilsvarande lang opptreningstid – er avgjerande. Då er ikkje vernepliktige mannskap og 12 månader førstegongsteneste svaret. Svaret er frivillige mannskap, som får skikkeleg løn, og som ikkje reiser heim når dei omsider har meistra oppgåvene.

Kjønnsnøytral profesjonalisering

Så er det rett nok slik at for ein del oppgåver i Forsvaret kan det moglegvis vere rasjonelt å nytte vernepliktige mannskap. Det gjeld særleg for konge-, grense- og kystvakta. Men då er spørsmålet: Kor få kan vi eigentleg kalle inn med tvang før det moralske aspektet ved forskjellsbehandlinga ikkje lenger er akseptabelt? Er det greitt at 18 av 20 frå avgangsklassa kan byrje å studere, medan to trekk taparloddet?

Kor få kan vi eigentleg kalle inn med tvang før det moralske aspektet ved forskjellsbehandlinga ikkje lenger er akseptabelt?

Leiar i Unge Venstre Sveinung Rotevatn

Og er verkeleg den viktigaste politiske slutninga vi kan trekkje frå dette at dei to utvalde i det minste bør ha ulikt kjønn?

Eit moderne forsvar krev profesjonalisering. Det har Forsvarets forskingsinstitutt forstått, det har eit overveldande fleirtal av våre NATO-allierte forstått, og eg håpar dette snart kan bli ein reell debatt i Noreg.

Det viktigaste vi kan gjere for å styrke forsvarsevna i Noreg er nemleg ikkje å gå inn for kjønnsnøytral verneplikt. Det er å gå inn for kjønnsnøytral profesjonalisering.