Hopp til innhold
Kronikk

Kanye og dei nye slavane

Eg er så truverdig, innflytelsesrik og relevant at eg kjem til å forandre ting, seier Kanye West – som no har retta merksemda mot det amerikanske fengselsvesenet.

Kanye West

Private fengselsselskap som CCA samarbeider med amerikansk narkotikapoliti for å fylla opp cellene – og då spesielt med unge svarte menn – for så å utnytta dei innsette som billig arbeidskraft, påstår Kanye West i ein av sine nye songar.

Foto: Brad Barket / Ap

Spenninga må ha ligge tjukt i lufta i studioet til det amerikanske underhaldningsflaggskipet Saturday Night Live for ein knapp månad sidan. Laurdagskveldens musikalske gjest, som skulle framføra to låtar live på den direktesendte tv-sendinga, og som stod i kulissane medan ein keitete Ben Affleck leia resten av showet, var Kanye West – ein av vår tids mest suksessrike rapparar og genierklært produsent, med ein kjendisstatus som kan ta deg til dei ytste grensene av solsystemet og tilbake.

Med seg i bagasjen hadde han to låtar frå det albumet det truleg knyt seg mest forventingar til i heile år: Yeezus, Wests sjette soloalbum som kjem ut 18. juni. Det blir oppfølgjaren til meisterverket My Beautiful Dark Twisted Fantasy frå 2010.

LES P3 MUSIKKS ANMELDELSE AV YEEZUS: Dyster Yessias

Sterk personlegdom, svak impulskontroll

Dersom det var nokre av kveldens produsentar som var ein smule sveitte i nakken før West skulle gjera sin entré den kvelden, var det neppe nokon som klandra dei.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Kanye West er berykta for sine tendensar i retning stormannsgalskap, for ein tilsynelatande total mangel på impulskontroll og for ein god del beint fram eksentriske personlegdomstrekk.

Maria Horvei, musikkskribent

Om det er få som tør å trekkja Wests musikalske talent i tvil. Mannen har sidan debutalbumet The College Dropout frå 2004 markert seg som ei av dei mest markante og særeigne stemmene på den kommersielle hiphopscena, og har vore med på å omdefinera heile sjangerens grenser. Han er desto meir omstridt som person. West er berykta for sine tendensar i retning stormannsgalskap, for ein tilsynelatande total mangel på impulskontroll og for ein god del beint fram eksentriske personlegdomstrekk. Noko som, i kombinasjon med direktesendt fjernsyn, har ført til nokre særs minneverdige augeblikk opp gjennom åra.

Episoden i 2004, der West skulda president George W. Bush for å «ikkje bry seg om svarte folk» i etterkant av orkanen Katrina, er kanskje mest kjent – om då ikkje avbrytinga av takketalen til Taylor Swift under MTV Video Music Awards i 2009 stikk av med sigeren. Skulle ein få eit liknande augeblikk i kveld?

Nytt slaveri

Dei færraste trudde vel eigentleg ikkje det, og det heile vart også avvikla i temmeleg siviliserte former. Framføringa av både «Black Skinhead» og «New Slaves» var intens nok – med dramatisk lyssetjing og bilete av Ku Klux Klan og bjeffande hundar prosjektert i bakgrunnen – men det var ingenting som tyda på at West gjekk vekk frå dei planlagde rammene for framføringa.

På den andre sida bar låtane i seg sjølv bod om at artisten eigentleg ikkje er blitt så mykje meir danna sidan han tråkka i Bush-salaten for ni år sidan.

«Meanwhile the DEA / Teamed up with the CCA / They tryn'a lock niggas up / They tryn'a make new slaves / See that's that private owned prison / Get your piece today» snerrar han mot slutten av «New Slaves», med ope sikte til si seinaste skyteskive: det privatiserte amerikanske fengselsvesenet.

Begge delar kan lesast som nye, konspiratoriske utspel frå medieklovnen Kanye West, men det endrar ikkje den kjensgjerning at spørsmåla han tek opp, kan vera verdt å diskutera.

Maria Horvei, musikkskribent

«CCA» viser her til Correction Corporation of America, som med sine 60 fengsel er det største private fengselsselskapet i USA.

Skuldinga West legg fram, utan å pakka ho vidare inn, er at slike fengsel samarbeider med amerikansk narkotikapoliti for å fylla opp cellene – og då spesielt med unge svarte menn – for så å utnytta dei innsette som billig arbeidskraft. Nye slavar, med andre ord, i ein ny kommersiell marknad.

Ikkje redd for å snakka om strukturelle hinder

Tematikken er ikkje ny for West, som gjennom ei årrekkje har vist at han ikkje er redd for å snakka om strukturelle hinder i samband med hudfarge i USA – det vera seg gjennom å ytra ord mange allereie hadde tenkt om president Bush på fjernsyn (og rett nok beklaga dei etterpå), eller gjennom å hevda at han sjølv hadde vunne fleire Grammy-prisar om han ikkje var svart. Begge delar kan lesast som nye, konspiratoriske utspel frå medieklovnen Kanye West, men det endrar ikkje den kjensgjerning at spørsmåla han tek opp, kan vera verdt å diskutera.

I tilfellet «New Slaves» har dette også til ei viss grad skjedd. Natasha Lennard, assisterande nyheitsredaktør ved den amerikanske nettsida Salon, er blant dei som langt på veg skriv under på Wests påstandar:

«'The War on Drugs', støtta av og drivkraft for den private fengselsindustrien, sørgjer for tida for å setja tusenvis av svarte menn bak murane, der dei vert brukt som skitbillig arbeidskraft», skriv ho i artikkelen «The Truth in Kanye’s Anti-Prison Rap». «Ulike industriar – frå telefonsenter til våpenprodusentar til handelsselskap – reknar med arbeidskraft frå fengsla. Private fengsel betalar innsette så lite som 25 cent i timen.»

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Det amerikanske radioprosjektet Prison Time, som tek for seg kva konsekvensar strengare narkotikalovar har hatt på USA dei siste tiåra, understrekar på si side at det finst lite som tyder på at dagens lovar eksplisitt er ute etter å låse inn svarte menn, for så å gjera dei til «slavar». «Men etter kvart som fengsel har vorte økonomiske motorar – for hovudsakleg kvite byar, for selskap og for lokale og statlege styresmakter som bruker dei innsette som billeg arbeidskraft – har verkelegheita innan industrien vorte meir ubehageleg,» skriv journalist Brian Mann.

Paradoksal

Kanye West er ein artist kjenneteikna av paradoks, og heller ikkje dei fyrste smakebitane frå Yeezus er utan gnissingar.

Men så er det ikkje nødvendigvis den gjennomgåande analysa av ein situasjon Kanye West har sett seg som oppgåva å levera – å ta bladet frå munnen, i ein situasjon der alles auge er retta mot deg, ligg nærare hans forte.

Maria Horvei, musikkskribent

I fyrste del av «New Slaves» peikar han ut den vestlege konsumkulturen som endå ein moderne slavedrivar – og det kjem altså frå ein mann som har samarbeida med Nike om ein eigen joggesko, står bak eit par eigne kleslinjer, eig ei hamburgerkjede og på eit tidspunkt sendte tweeten «I specifically ordered persian rugs with cherub imagery!!! What do I have to do to get a simple persian rug with cherub imagery uuuugh» ut i verda. Vidare er ikkje valet å avslutta låta med ein seksuell valdsfantasi (som involverer rike amerikanske forstadsfruer) ei særleg overbevisande landing av eit poeng – om enn ikkje spesielt sjokkerande, heller.

Men så er det ikkje nødvendigvis den gjennomgåande analysen av ein situasjon Kanye West har sett seg som oppgåva å levera – å ta bladet frå munnen, i ein situasjon der alles auge er retta mot deg, ligg nærare hans forte.

Eller som han sjølv så ubeskjedent seier, i eit nyleg utgjeven intervju med The New York Times: «I am so credible and so influental and so relevant that I will change things».