Hopp til innhold
Kronikk

Glasurgenerasjonen surnar

Er det verkeleg vår generasjons store traume at me slit med å vise oss fram som perfekte nok på Facebook, spør Ingebjørn Bleie, turnuslege.

Facebook

'Toppen av denne traumatiserande kransekaka er visstnok at ein må visa seg fram som vellukka i sosiale media i tillegg, noko som er ei syltynn unnskyldning for å klaga si nød', skriv Ingebjørn Bleie. Han er ikkje einig i at det er eit stort problem at unge slit med utbrentheit.

Foto: ALAIN JOCARD / Afp

Det er etter kvart mange verdige trengande i Norge, som har behov for omsut og terapeutisk hjelp frå storsamfunnet. I jakta på neste forsømde gruppe set NRK Ytring fokus på «dei unge slitne» i sin serie om «Flinkisungdommen» og skyt tidvis godt over mål.

Etter kvart som dei som levde under krigen byrja å forlata oss, har ein gått nedover generasjonane i tur og orden for å finna ut kven som no har behov for medfølande blikk. Våre giktplaga besteforeldre som aldri rakk anna enn å bygga landet, våre gammalmiddelaldrande foreldre som vert pressa ut av arbeidslivet for tidleg, våre komande born som får klimakrisa i hovudet. Alle har på sitt vis blitt karakterisert som offer for samfunnsutviklinga.

Utmattande slit

Til og med dagens unge vaksne, tjue-tredveåringane med all si grenselause livskraft og sine fancy utdanningar, fekk snikt til seg litt offerstatus når dei innimellom gjekk på veggen og krasja i det veldige forventningspresset som tydelegvis oppstår når ein har mogelegheit til å leva nett det livet ein vil.

Etter kvart som dei som levde under krigen byrja å forlata oss, har ein gått nedover generasjonane i tur og orden for å finna ut kven som no har behov for medfølande blikk.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Då skulle ein vel ha dekka over dei fleste, eller? Nei.

På NRK Ytring den 26.11 slår Ingrid Linde Bakken, journaliststudent ved Universitetet i Bergen, eit slag for dei som ikkje møter veggen. For dei som «er for rasjonelle til å få et skikkelig sammenbrudd». Det finst ifølgje ho mange flinke jenter og gutar der ute som lever eit intenst liv med jobb og utdanning og trening og vener og fritidsaktivitetar og born, men som likevel ikkje knekk saman. Men mange av dei har det vondt, fordi: «Det er slitsomt å være så flink. Det kan faktisk være helt utmattende».

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Topp referanse

Viss du blir heilt utmatta av å vera flink, vel, då er du kanskje ikkje fullt så flink likevel. Det som er viktig då, er å erkjenna at dette er heilt greitt, og justera referansepunkt og ambisjonar deretter. Linde Bakken sine referansar er ein norsk småbarnsfar som har blitt beste student i sitt kull på den mest prestisjefylte businesskulen i Europa. Når det gjeld fysisk form vel ho seg deltakarane i «71 grader nord», og det er ikkje kontorrotter me snakkar om. I år deltek mellom anna ein brannmann, ei politidame, ein jagarpilot og ein dagleg leiar i Den Norske Turistforening.

Viss du blir heilt utmatta av å vera flink, vel, då er du kanskje ikkje fullt så flink likevel.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Det er ikkje noko nytt at samfunnet dyrkar einarane. Ein kan dra ein tydeleg raud tråd gjennom alt som finst av mainstream kulturuttrykk, frå dagens Teen Magazine tilbake til Snorre, og sjå at det meste handlar om dei sterke, vakre, smarte og vellukka.

LES OGSÅ: Finnes det en grense for unges vellykkethet?

Legg frå deg glansbileta

Det er lov å oppleva dette som angstframkallande og øydeleggjande for sjølvkjensle og sjeleliv når du er tenåring. Når du bikkar tjue, har ein ex.phil. i beltet og begynnande bachelorgrad i sekken, då er det på tide å legga det av seg og sjå glansbileta for det dei er for dei aller fleste av oss: Falske ideal og uoppnåelege draumar. Viss ein, som Linde Bakken skriv, «pepres med artikler om supermat, superkropp og supermennesker», er det kanskje på tide å velja seg nokre andre aviser.

Toppen av denne traumatiserande kransekaka er visstnok at ein må visa seg fram som vellukka i sosiale media i tillegg, noko som er ei syltynn unnskyldning for å klaga si nød.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Toppen av denne traumatiserande kransekaka er visstnok at ein må visa seg fram som vellukka i sosiale media i tillegg, noko som er ei syltynn unnskyldning for å klaga si nød. Når den tyske forsvarsministeren klarte å få godkjent ein doktorgrad som inneheldt store mengder reint plagiat, kan det ikkje vera så vanskeleg for den jamne ungdom å forfalska ein moteblogg og nokre overdrivne positive statusoppdateringar.

HØYR: Debatt om flinkisungdommen i Ekko P2

Overproblematisering

Alt er ikkje enkelt for dagens unge vaksne, men me bur trass alt i eit hysterisk rikt og unikt velfungerande samfunn. Me er rikare, betre utdanna og har meir fritid enn nokon sinne. Samtidig har me fått ein vaklande velferdsstat, ein halvtom kontinentalsokkel og ei tikkande klimabombe i arv. Det er nok å ta tak i.

At NRK Ytring innimellom verdsproblema har ein kronikkserie om dei unge slitne kan sikkert til ein viss grad ha sin funksjon. Det er mykje diffuse smerteproblem ute og går på norske legekontor, og andelen unge uføre er ein tragedie for det norske samfunnet. Men som lege Kari Løvendahl Mogstad skriv i eit anna innlegg på NRK Ytring: «Her må man faktisk være ærlige med seg selv og se på om det er noe man kan prioritere, og da gjerne prioritere bort». Overproblematisering hjelper ingen.

Linde Bakken sin kronikk står fram som eit rop om hjelp til ei svært privilegert gruppe som slett ikkje har bedt om hjelp.

Ingebjørn Bleie, turnuslege

Linde Bakken sin kronikk står fram som eit rop om hjelp til ei svært privilegert gruppe som slett ikkje har bedt om hjelp. Ho slår nærmast i hel sitt eige argument avslutningsvis med følgjande avsnitt: «Kanskje føler de ikke at de har rett til å knekke sammen heller, de som kommer fra et godt hjem, med god oppdragelse, og uten traumatiske opplevelser i barndommen. For hvem er de til å komme her og bryte sammen når det er så mange andre der ute som har det verre?»

Nettopp.