Hopp til innhold

Er kvinnekroppar mindre verd?

I surrogatidebatten strekker vi dei etiske normene våre av di det angår oss sjølve. Som så mange gongar før kan ein få inntrykk av at kvinnekroppar, særleg i andre land, er mindre verdt, skriv gynekolog Mette Løkeland.

Mette Marit vennesla

Kronprinsesse Mette-Marit fekk mykje kritikk for hennar handtering av surrogatisaken denne veka. Det at vi har nytte og glede av surrogati legitimerer ikkje bruken av det, skriv gynekolog Mette Løkeland i denne kronikken.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Kronikkvignett Ytring

Det er ingenting som er så vakkert og rørande som når eit barn vert født og at folk vert foreldre. Spesielt rørande er det når det er nokon ein kjenner og er glad i som står midt i denne lukkerusen. Ynskjet om å få barn er grunnleggjande for mange menneske i tillegg til at det er store forventningar frå samfunnet og folk rundt ein om å stifta familie og få barn.

Eg har stor forståing for at ein reiser og bruker metodar som framleis ikkje er godkjende i Noreg, men vi kan ikkje ha andre standardar for korleis vi meiner at kvinner skal behandlast i andre land enn dei vi har i Noreg. Og viss ein tenkjer over dei medisinske farane for kvinnene, blir det fort klart at dette er uetisk.

Vi kan ikkje ha andre standardar for korleis vi meiner at kvinner skal behandlast i andre land enn dei vi har i Noreg.

Mette Løkeland, gynekolog

Strekker dei etiske normene våre

Grensene for kva som er lovleg i Noreg vil ofte sprengast og endrast på bakgrunn av utviklinga i andre land og det nordmenn nyttar seg av og aksepterer. Bioteknologilova er oppe for revisjon, og det er von om at ein kan få endringar som mellom anna sidestiller eggdonasjon og sæddonasjon i tillegg til å opna opp for eit donasjonstilbod til single.

Det er ikkje nødvendigvis slik at sjølv om noko er tilgjengeleg og lovleg i andre land så er det eit gode og noko vi skal tillata og applaudera.

Mette Løkeland, gynekolog

Korkje sivil status, seksuell legning eller genetiske band til barnet avgjer om ein vert ein god forelder eller ikkje. Men det er ikkje nødvendigvis slik at sjølv om noko er tilgjengeleg og lovleg i andre land så er det eit gode og noko vi skal tillata og applaudera.

I surrogatidebatten som i andre etiske debattar strekker vi dei etiske normene våre dersom det angår oss sjølve eller nokon som står oss nær. Vi er straks meir villige til å akseptera surrogati dersom det har ført til noko godt for dei menneska vi bryr oss om og som vi kjenner som gode menneske.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Surrogatibrukarar er ei ressurssterk gruppe

Dei som vil legitimera og sjølve har brukt surrogati er ei ressurssterk gruppe menneske med ressurssterke vener langt inn i kongehuset og regjeringa. Eg har sjølv gledd meg både over innsatsviljen til å få barn som homofile og andre har vist via surrogati, og dei barna dei faktisk fikk.

I surrogatidebatten som i andre etiske debattar strekker vi dei etiske normene våre dersom det angår oss sjølve eller nokon som står oss nær.

Mette Løkeland, gynekolog

Men med auka kunnskap om kommersiell surrogati framstår praksisen i større og større grad som problematisk og uetisk. Det at vi har nytte og glede av surrogati legitimerer ikkje bruken av det.

Kvifor er surrogati problematisk?

Sjølv om det er naturleg å vera gravid og føda så er det ikkje udelt ufarleg. Det veit sjølv mange norske kvinner og ikkje minst er det synleg i dei internasjonale data over mødredød.

Med auka kunnskap om kommersiell surrogati framstår praksisen i større og større grad som problematisk og uetisk.

Mette Løkeland, gynekolog

Det er til samanlikning farlegare å vere gravid enn å donera nyrer – og vi tillet ikkje kommersiell donasjon av nyrer. Dette er høgrisikosvangerskap. Kvinnene har ofte diabetes, svangerskapsforgiftning og meir enn eitt barn i magen.

Å vera gravid med meir enn eitt barn er ein risiko i seg sjølv, men auker også risikoen for andre svangerskapskomplikasjonar. Det er ein av grunnane til at det er konsensus i fertilitetsbehandlinga i Europa om at ein ynskjer å redusera talet på tvillinggraviditetar, og ein har difor gått over til å setja inn berre eitt embryo.

Det at vi har nytte og glede av surrogati legitimerer ikkje bruken av det.

Mette Løkeland, gynekolog

Kvinner som går gravide ved surrogati får oftare tvillinggraviditetar. I India estimerer dei at cirka 40 prosent av surrogata er gravide med tvillingar. Dette gir meir pengar til surrogatmora og mindre pengar å betala per barn for dei ventande foreldra.

LES OGSÅ: Mette Marit: – To små barn var alene.

Nesten alle forløysast med keisarsnitt

I tillegg vert nesten alle surrogatbarn forløyst med keisarsnitt. Som oftast ikkje av di det er medisinsk nødvendig for kvinna si helse. Ifølgje indiske legar grunna både spesielt verdfulle babyar og at det er høgrisikosvangerskap som til dømes diabetes, svangerskapsforgifting og fleirlingar. Keisarsnitt forenklar også logistikken for helsepersonell, organisatorar og ventande foreldre.

Men keisarsnitt inneber ein risiko for kvinna. Det er ein operasjon, med dei risikoar det innehar, og i tillegg fører det til ein risiko i dei framtidige svangerskapa hennar. Kvinna er altså i denne industrien mindre verd enn barna ho går gravid med.

Det er farlegare å vere gravid enn å donera nyrer – og vi tillet ikkje kommersiell donasjon av nyrer.

Mette Løkeland, gynekolog

Ho får mellom anna ein auka sjanse for at livmora revnar under fødselen og for at morkaka skal leggja seg framfor fødselsutgangen med dødeleg utgang for mor og barn dersom det ikkje vert behandla.

I neste svangerskap er ho truleg ikkje under like kyndige, godt betalte medisinske hender som då det var kommersielle interesser bak. Kven skal då betala dersom ho treng keisarsnitt? Dei fleste av desse risikoane er uavhengig av kvar i verda ho er.

Kvinner med livet som innsats

Det er sikkert mogleg å finna menneske som har donert organ for pengar som kan fortelja om korleis dette har endra livet deira, gitt dei eit hus, ungane skulegang og som vil seia; «korleis kan de nekta meg dette når eg sjølv vel å gjera det». Dei fleste vil likevel tykkja at kommersiell organdonasjon er uetisk. Dersom vi tillet surrogati skal vi då også opna for kommersiell nyredonasjon?

Påfallande mange aksepterer og forsvarer at desse surrogatmødrene skal kunna pressa kroppane sine til å yta med livet som innsats for andres nytte mot ein skjerv med pengar.

Mette Løkeland, gynekolog

Som så mange gongar før kan ein få inntrykk av at kvinnekroppar er mindre verdt enn menns. Påfallande mange aksepterer og forsvarer at desse surrogatmødrene skal kunna pressa kroppane sine til å yta med livet som innsats for andres nytte mot ein skjerv med pengar.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Alle kvinner og barn er like mykje verd

Dei som kjøper surrogati vil gjerne definera sine eigne handlingar som gode av di desse kvinnene får ein betra økonomisk situasjon. Det er derimot usikkert i kva grad dei får eit varig økonomisk løft som fører til statusendring. Dette er ikkje u-hjelp, men heller i-hjelp.

Dette er ikkje u-hjelp, men heller i-hjelp.

Mette Løkeland, gynekolog

Det er mange forsvararar av surrogati som meiner at ei regulering er det som skal til for å gjera tilbodet stovereint. Ei auka regulering av denne industrien vil ikkje føra til mindre risiko for kvinnene, og truleg heller ei innskjerping i konservativ lei i forhold til kven som kan nytta tilbodet.

Alle barn er like mykje verd. Det er også kvinner. Menneske skal ikkje vera varer eller vera eit middel for andre.