Hopp til innhold
Kronikk

Eit oljefond for verda

Tør vi forvente at Siv Jensen blir den finansministeren som lar etikken, klimaet og verdas fattige vere dei fremste omsyna til Oljefondet? I så fall vil Frp-aren gå inn i historiebøkene som ein reformator større enn nokon av sine forgjengarar.

Siv Jensen med en modell av Draugen-plattformen
Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

I altfor lang tid har norske politikarar meint at det skal vere eit klart skilje mellom staten og det som vert kalla Statens pensjonsfond utland. I internasjonal samanheng er dette unormalt og oppsiktsvekkjande – og mange ting peikar i retning av at Oljefondet burde vere ein større del av norsk utanrikspolitikk. Fondet som ville fått Onkel Skrue til å bli grøn av misunning har akkurat passert 5000 milliardar kroner, og får bistandsbudsjettet til å sjå ut som eit mikroskopisk hushaldningsbudsjett med sine 30 milliardar kroner. At investeringane nesten berre er plassert i rike land og store beløp i fossil energi gir grunn til bekymring for framtida. Dei store manglane i den etiske forvaltninga burde òg bidra til søvnlause netter for nordmenn flest.

I løpet av våren har finansminister Siv Jensen varsla at det kjem ei stortingsmelding om forvaltninga av Oljefondet. Det vil sei at Finansdepartementet skal gå gjennom korleis dei investerer Oljefondet, kor dei investerer pengane, kven som passar på etikken av investeringane og mykje, mykje meir.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

To val

Siv Jensen har to val. Ho kan halde fram med den strukturkonservative forvaltninga som sosialdemokratane i Finansdepartementet gjorde før henne, og vi held fram med å tene store pengar. Eller så kan ho skru opp investeringane i fattige land, vri om investeringane frå fossil til fornybar energi og sikre at etikken alltid blir teke vare på. Det vil kanskje ikkje overraske nokon at eg tilrår henne å gå for det siste alternativet.

Dei store manglane i den etiske forvaltninga burde òg bidra til søvnlause netter for nordmenn flest.

Emil André Erstad, KrFU

Andre land ser på Oljefondet som ein del av Norge si rolle internasjonalt. Oljefondet er det desidert største avtrykket vi nordmenn set på verda – ja, kanskje utanom Ole Gunnar Solskjær, Magnus Carlsen og Ylvis. Vi eigde 1,2 prosent av verdas børsnoterte aksjar ved utgangen av 2012 – og talet er høgare no.

Seinast i desember fekk vi høyre triste nyheiter om at Etikkrådet hadde anbefalt at Oljefondet trakk seg ut av eit selskap som bygde ein røyrleidning i Myanmar. Til trass for at Etikkrådet varsla om stygge overgrep frå hæren i landet og at bygginga av røyrleidningen medførte menneskerettsbrot av verste sort, brukte Finansdepartementet likevel over to år på å behandle saka. Då Finansdepartementet omsider hadde somla seg til å behandle Etikkrådet si anbefaling, var bygginga ferdig. Det var ikkje lenger noko å trekkje seg ut av.

Det viser at Oljefondet i verste fall risikerer å tene pengar på tortur, valdtekt og drap – utan at Finansdepartementet reagerer med å trekkje fondet ut av dei aktuelle selskapa. Etikkrådet skal passe på, men har i dag altfor få tilsette og små økonomiske ressursar til rådvelde. Det største problemet er likevel at Finansdepartementet ikkje har ein tidsfrist for kor lenge dei kan trenere ei uttrekkanbefaling frå Etikkrådet. Dermed ender vi opp med saker som den frå Myanmar.

Verda treng jobbar

Vi veit at verda treng millionar av jobbar, samtidig som vi veit at Oljefondet ikkje har investeringar i dei fattigaste landa der verda for augneblinken opplever den største økonomiske veksten. Dette er jobbar som investeringar frå Oljefondet kan skape med ein gong. Jobbar som i første rekke trengst i dei fattigaste landa, der folk oftast manglar slike jobbar. Likevel har Oljefondet først og fremst konsentrert seg om å investere pengane i eigedom og aksjar i byar som Paris, London og New York. Det kler ikkje Norge.

Etikkrådet skal passe på, men har i dag altfor få tilsette og små økonomiske ressursar til rådvelde.

Emil André Erstad, KrFU

Heldigvis ser det ut til at norske politikarar har vakna litt. KrF bad for eit halvt år sidan i Stortinget om ei vurdering på konsekvensane ved å trekkje Oljefondet ut av investeringar i kull. Venstre, Ap, Senterpartiet, SV og MDG følgde etter. Konklusjonen deira var klar: Investeringsprofilen til Oljefondet held ikkje mål. Det er i det minste ein start.

LES OGSÅ: Kullsvarte norske sparefond

Ap var strukturkonservative

For det er eit av dei områda der den blå regjeringa til Erna Solberg kan ende opp med ein betydeleg betre politikk enn det Jens klarte. Det fortener klimaet, det fortener dei fattigaste menneska og det fortener menneska som vert utsett for brot på Oljefondet sitt etiske regelverk.

Medan Arbeidarpartiet stod fram som eit av dei mest strukturkonservative partia når det kom til korleis Oljefondet var investert, er Frp og Høgre einige med KrF og KrFU i at Oljefondet må investerast meir i grøn energi – og at ein mykje større del av investeringane må skje i utviklingsland. I april kjem meldinga frå Siv, og vi ventar i spenning.

Men uansett kva ho presenterer, så må stortingspolitikarane kjempe for at Oljefondet ikkje berre skal vere ein pengebinge som gjer verdas rikaste land endå rikare. Det må også brukast til klimavenleg utvikling – som også vil gjere oss endå rikare.

Siv, no har du sjansen.