Hopp til innhold
Kronikk

Eit nytt Noregsvelde?

Island og Shetland drøymer om Noreg. Er vi elska? Eller ligg det andre grunnar bak desse ønska?

Lerwock, Shetland

To damer tar bilde av seg selv foran et skilt i Lerwick på Shetland. Mange shetlendere ser på Skottlands uavhengighets-avstemming som en mulighet til å få en større del av inntektene fra oljen i Nordsjøen.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

«Island har alle moglegheiter til å vere eit slags skandinavisk Shangri-La» skreiv Haukur S. Magnùsson i ein kronikk førre veke. Han er ein av dei som har meldt seg inn i partiet som jobbar for å gjere Island til det 20.fylket i Noreg.

I vår, samtidig med at Skottland førebudde folkerøysting om tilknytinga til Det sameinte kongedøme (UK), ønskte ei gruppe shetlendarar å halde folkerøysting om si tilknyting til Skottland. Målet var ei lausriving for igjen å binda seg til Noreg.

Tapte Grønland

Det kan verke som om desse vil tilbake til det gamle Noregsvelde - eit nordsjørike basert på sjøfartsteknologi, intrikat handelssamband og våpenmakt.

Kan det bli ein ny æra no? Det er vanskeleg å tru på.

Jørn Øyrehagen Sunde

Men det er lenge sidan. Dei irske områda kom ut av norsk kontroll i 1103, Isle of Man og Hebridane vart skotske i 1266, og Orknøyane og Shetland vart pantsett til Skottland i 1478 og 1479. Island, Grønland og Færøyane vart verande på hendene til den danske kongen då Noreg fyrst vart fritt og så svensk i 1814. I 2003 kunne vi eigentleg ha feira 900 år med norsk nedgang.

Kan det bli ein ny æra no? Det er vanskeleg å tru på, tatt i betraktning dei tidlegare mislukka forsøka på å ta tilbake desse landområda. I 1931-33 okkuperte ei gruppe nordmenn Aust-Grønland, og regjeringa peika ut ein norsk sysselmann. Men Noreg tapte for den internasjonale domstolen i Haag, og Grønland er framleis dansk.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Norsk sjølvkjensle

I 1951 var Noreg på ny part i ei sak i Haag, denne gongen mot England. Striden stod om retten til å fiska langs den norske kysten. Stortingsrepresentant Carl Joachim Hambro, som var sentral i førebuinga av den såkalla Fiskerigrensesaka, sa i eit lukka strategimøte at ein kanskje skulle vurdera å gjera krav på Orknøyane og Shetland. Men det vart ikkje meir enn laust prat.

Verken Aust-Grønland eller øyane i vest vart norske igjen. Likevel førte begge hendingane noko godt med seg.

Vi er alt sjølvgode og rike, og no er vi òg elska!

Jørn Øyrehagen Sunde

Jens Evensen var ein av dei som førebudde Fiskerigrensesaka og ein av arkitektane bak prinsippet om korleis trekkja opp landegrenser til havs, noko som sikra norske fiskeressursar. Han var også med på innføringa av kontinentalsokkel-prinsippet, som sikra Noreg kontroll over store olje- og gassressursar i Nordsjøen. Og han var sentral i samband med innføringa av ei 200 mils økonomisk sone og ved forhandlingane om delingslinja i Barentshavet, som gav Noreg store fiskeressursar.

LES OGSÅ: Det er eit skotsk eventyr

I pose og sekk?

Dette utvida norsk sjølvkjensle og økonomisk handlingsevne. Begge delar langt viktigare enn Aust-Grønland, Orknøyane og Shetland til saman. Men no kan vi altså få i pose og sekk – no kan vi få tilbake Island og Shetland på toppen av det heile. Vi er alt sjølvgode og rike, og no er vi òg elska!

No var det ikkje kjærleik som haldt saman Norgesvelde, men makt. Og det er heller ikkje kjærleik, men makt som er det dagsaktuelle tema på Island og Shetland. Eller rettare sagt: frustrasjon over måten makta vert forvalta på. Mange held seg politisk oppdatert og stemmer ved val, men føler at ikkje noko endrar seg. Eller endrar seg til det verre.

Avmakt

Mistanken vert retta mot byråkratiet, næringslivet, medieeigarar – det er dei som sit med og utøver den verkeleg samfunnsmakta. Men etter Berlinmuren sitt fall i 1989 veit ein at eit demokrati med alvorlege manglar likevel er betre enn kommunisme.

Det er i ein slik situasjon at nokon kan finna på å drøyma seg bort frå Edinburgh og Reykjavík til Noreg.

Jørn Øyrehagen Sunde

Nokre få drøymer om kalifatet, medan dei fleste ikkje ser andre alternativ enn dagens ordning. Kva gjer ein då når ein ikkje får den til å harmonera med idealet om at makta spring ut av folket?

Det er i ein slik situasjon at nokon kan finna på å drøyma seg bort frå Edinburgh og Reykjavík til Noreg.

Vi er ikkje elska, vi er ei luftspegling i audemarka som ein søkjer når ein oppdagar at alle aksjane i gullkalven alt er på andre sine hender.