Hopp til innhold
Kommentar

Eit lite stykke Kina?

Bak demonstrasjonane i Hongkong ligg ei frykt for at den gamle britiske kolonien berre skal bli enda ein kinesisk by. Med alt det inneber.

Hongkong

Hongkongs finansdistrikt har heile veka vore okkupert av demonstrantar. I dag er det spesielt stort oppmøte, på Kinas nasjonaldagsfeiring.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

I dag kler Hongkong seg i gult for demokratiet, fargen som er blitt eit symbol på motrørsla. Det blir rekna med at opp mot 100.000 er i gatene for å protestere. Også Macau, den tidlegare portugisiske enklaven som ligg ein time unna, har varsla at dei vil demonstrere i dag. Samtidig feirar Kina sin nasjonaldag.

Dei skulle eigentleg ikkje starte før i dag, demonstrasjonane. Men då politiet i Hongkong arresterte tre studentleiarar 26. september, etter at dei hadde protestert mot avgjerda om å ikkje la Hongkong fritt velje sin neste leiar, tok store folkemengder til gatene.

Bak denne uroa ligg det ei lang historie om mistru mellom to naboar, innskrenka rettar og kulturforskjellar.

Ein av verdas tryggaste byar

Det er ikkje uvanleg å sjå demonstrasjonar i Hongkong. Dei er stort sett fredelege, og demonstrantane ryddar opp etter seg. At Hongkong er rekna for å vere byen med 3. lågast drapstal i verda, og at innbyggjarane er svært lovlydige, gjer at bileta av tåregass og hordar med politi blir så ekstra sterke og sinnet mot politiet så stort. Nokre seier at det først var då dei såg politiets handtering av studentane at dei engasjerte seg.

Bak denne uroa ligg det ei lang historie om mistru mellom to naboar, innskrenka rettar og kulturforskjellar.

Maren Kvamme Hagen, journalist

Sidan Hongkong blei tilbakelevert til Kina i 1997 av Storbritannia, har innbyggjarane hatt større fridom enn sine fastlandsnaboar, eigne politistyrkar, eigen valuta og delvis sjølvstyre under den politiske fana «Eit land, to system». Men ein ting har mangla: frie val.

Kontroversiell leiar

Under leiarvalet i 2012 var det også demonstrasjonar, om enn i mindre skala. Striden stod om det same: Demonstrantane ville fritt kunne stemme på den kandidaten dei ville, ikkje velje mellom handplukka kandidatar godkjent av Beijing. Det måtte dei sjå langt etter. C Y Leung vant til slutt, i det mest kontroversielle leiarvalet sidan 1997. Ingen leiar før han har vunne med færre stemmer.

Lovnaden som roa ned innbyggjarane den gong, var at i 2017 skulle det bli full autonomi: Hongkong skulle få frie direkte val.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Ikkje som oss

Omtrent på same tid byrja ordskiftet mellom Hongkong og fastlandet stadig å bli verre. I eit demonstrasjonstog eg observerte i 2012 marsjerte folk bak banneret «No mainland babies». Dei var lei av det dei kalla fødselsturistar frå Kina. Kinesiske mødrer reiste til Hongkong for å føde, for å omgå eittbarnsregelen eller få betre pleie, og tok dermed opp sjukehusplassar.

Det handlar om forståinga mange har av at Hongkong er noko anna enn Kina.

Maren Kvamme Hagen, journalist

I tillegg var det misnøye med dei andre fastlandsturistane som flokka til Hongkong. Ein såg fleire dømer på at lokale innbyggjarar filma kinesiske turistar som gjorde upassande ting på t-bana eller liknande, la det ut på Youtube, og med det trakk slutninga: Dei er ikkje som oss. Ei gruppe sette til og med inn ei annonse i den lokale avisa Apple Daily, med bilete av eit stort insekt som skulle illustrere fastlandsturistane som forsynte seg av Hongkong.

Det handlar om forståinga mange har av at Hongkong er noko anna enn Kina. Fleire fortalde meg den gong at dei var redde for at Hongkong berre skulle bli enda ein kinesisk by, med alt det inneber.

Rettar under press

Det er ei krevjande øving å ta frå folk rettar som dei er vant til å ha. Innbyggjarane i Hongkong kan surfe fritt på nettet, dei har stor ytringsfridom, kan logge seg på Facebook og Instagram og lese relativt uavhengige aviser, i motsetnad til sine fastlandsnaboar. (I går blei Instagram blokkert i Kina, på grunn av alle bileta frå Hongkong).

I tillegg har Hongkong ei svært internasjonal befolkning og mange vestlege selskap held til her. Kunstnarar, journalistar og entreprenørar, til dømes, er avhengig av fri tilgang til Internett for å kunne jobbe i byen. Dei siste åra har desse rettane vore under press, blant anna har det vore døme på vald mot journalistar.

Difor kan denne demokratirørsla bli så viktig. Ho er ein test på om dei kinesiske myndigheitene klarer å halde kontrollen over eit land, to system.

Maren Kvamme Hagen, journalist

SJÅ: Bilete frå Hongkong-demonstrasjonane

Gul sløyfe

Delar av finanseliten støttar ikkje demonstrasjonen. Fleire bankar har måtte stenge, og det er store summar som er i spel. Det finst sjølvsagt også andre innbyggjarar som ikkje identifiserer seg med studentane. Men dei siste dagane har det vore teikn på at demonstrasjonen har nådd breiare ut. På sosiale media har mange uttrykt si støtte ved å endre profilbilete til den gule sløyfa, som lenge har vore eit symbol for stemmerettsforkjemparar.

Myndigheitene har foreløpig sagt at dei ikkje vil gå vidare inn med makt. Dilemmaet er: Dersom dei slår ned på uroa i Hongkong, underminerer dei den gjeldande politiske ordninga. Dersom dei ikkje går inn, kan Macau, Taiwan og ikkje minst kinesiske byar vere neste. Kvifor skal Hongkong ha rettar som dei ikkje har?

Difor kan denne demokratirørsla bli så viktig. Ho er ein test på om dei kinesiske myndigheitene klarer å halde kontrollen over eit land, to system.