Hopp til innhold
Kronikk

Eit angrep på den norske rettsstaten

Dei tilsette i Statspolitiet visste godt kva dei var del av. Difor er det mindre problematisk å publisere namna deira, skriv Øystein Hetland, doktorgradstipendiat ved Holocaust-senteret.

Boka "Statspolitiet" av Eirik Veum

Fra boka 'Statspolitiet' av Eirik Veum, som navngir de nordmenn som jobbet for statspolitiet under andre verdenskrig.

Foto: NRK

Eirik Veum namngir i boka «Nådeløse nordmenn» dei som var med på å avrette og torturere norske motstandsfolk under krigen. Det har fått fleire til å reagere, utifrå argument om tilleggsstraff og omsyn til familie. Men dersom ein ser på den historiske bakgrunnen og kva Statspolitiet dreiv med, er det lettare å argumentere for offentleggjering.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Summen av kritikk står i fare for å skapa eit vindskeivt bilete av krigen, der ein mistar av syne kva fare okkupasjonsregimet og deira støttespelarar i NS representerte for det norske samfunnet.

Øystein Hetland, doktorgradsstipendiat

Diskusjonen om den norske okkupasjonshistoria har det siste tiåret har vore prega av ei rekke bidrag som har prøvd å nyansera «det offisielle» biletet av krigen. Verk etter verk har teke opp problematiske sider ved landssviksoppgjeret og norske elitars aktivitetar under og etter okkupasjonen, saman med forsøk på å differensiera biletet av NS. Slike kritiske spørsmål er sjølvsagt viktige og naudsynte. Men summen av kritikk står i fare for å skapa eit vindskeivt bilete av krigen, der ein mistar av syne kva fare okkupasjonsregimet og deira støttespelarar i NS representerte for det norske samfunnet.

Det som gjekk i gløymeboka

Nokre har òg teke steget ut i full bagatellisering av kva det i siste instans sto om under krigen. Påstanden i Arvid Brynes bok «Vi sloss for Norge», om at frontkjempar Bjørn Østring og motstandsmann Svein Blindheim i grunnen begge var krigsheltar, kan stå som døme på denne tendensen. I ein slik samanheng kan Eirik Veums bok om Statspolitiet (Stapo) vera til stor hjelp for å friska opp vårt kollektive minne.

Lite av det han kjem med ville vera nytt for krigsgenerasjonen. Landssvikssakene som utgjer store delar av kjeldegrunnlaget hans vart refererte i avisene, og skildringane av tortur dukkar opp i svært mange av bøkene som vart skrivne i tida rett etter krigen. Men for seinare generasjonar, som er avhengige av kva som blir formidla i deira eiga samtid, er Veums katalog over brotsverk og brutalitet ei nyttig påminning.

Forakt for lover

Stapo representerte ei stor fare mot norsk rettsstatleg og demokratisk tradisjon. Dette blir best illustrert av eit rundskriv Stapo-sjef Karl Marthinsen sendte til mennene sine i 1942, kor han legg fram grunnleggande prinsipp for Stapo-menn. For Marthinsen er det «bedre å ta en uskyldig i forvaring enn å la en skyldig rømme», og han seier til mennene sine at «vi trenger ingen lovbestemmelser for å gripe inn mot samfunnets fiender».

Forakta for lover og grenser bar i seg eit ibuande brutaliserande potensial, som slo ut i fullt monn etter kvart som stillinga for nazistane vart verre mot slutten av krigen

Øystein Hetland, doktorgradsstipendiat

Stapo hadde dermed det same grenseoverskridande mandatet som sitt tyske førebilete Gestapo. Ein skulle gjera det som «trongst» for å verna «samfunnet» mot alle som regimet oppfatta som fiendar av den nazistiske nyordninga.

Denne forakta for lover og grenser bar i seg eit ibuande brutaliserande potensial, som slo ut i fullt monn etter kvart som stillinga for nazistane vart verre mot slutten av krigen. Om og om igjen slo Stapo til mot vanlege nordmenn som gjorde motstand i smått eller stort, ofte etter ordre frå eller i samarbeid med Gestapo. For mange nordmenn resulterte dette i fengsling og skarpe avhøyr. Og for nokre enda det i tortur og død.

LES OGSÅ: Upopulære fremmedkrigere i Syria

Fullt ut nazifisert institusjon

Stapos fienderegister inkluderte ikkje berre dei som aktivt dreiv motstand mot okkupasjonsregimet. Nazistane sitt rasebaserte fiendebilete peika ut dei norske jødane som «objektive» og «evige» fiendar av den nye norske staten, og det vart difor Statspolitiets oppgåve å utføra den tyske ordren om å arrestera alle jødar i Noreg, fullstendig uavhengig av handlingane deira.

Leiande Stapo-menn viste her stor nidkjærheit i tenesta, og Karl Marthinsen avviste systematisk bøner om lauslating av arresterte jødar. Lokale politimeistrar vart instruerte til å «nøye» undersøka om det endå fanst jødar i deira distrikt, og å «straks» arrestera slike.

Statspolitiet var ein fullt ut nazifisert institusjon, både når det gjaldt mandat, sjølvforståing og personell.

Øystein Hetland, doktorgradsstipendiat

Statspolitiet var ein fullt ut nazifisert institusjon, både når det gjaldt mandat, sjølvforståing og personell. Marthinsen hadde sjølv understreka at politisk innstilling skulle vera det aller viktigaste kriteriet ved tilsetting av nye Stapo-folk.

Det er på denne bakgrunnen ein må diskutera Veums avgjerd om å publisera namnet på alle landssvikdømte tilsette i Stapo.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Pådrivar for nazifisering

Med tanke på dei klare premissa for tenesta Marthinsen hadde lagt ned, Stapos rykte i befolkninga og dei aksjonane Stapo-menn uunngåeleg måtte ta del i, må Stapo-folk raskt ha forstått at jobben deira sette dei i opposisjon til prinsippa bak den norske rettsstaten. Å bli verande i Stapo innebar, med mindre ein dreiv med aktivt motstandsarbeid, å vera ein pådrivar for ei nazifisering av Noreg.

Stapos unike karakter gjer det langt mindre problematisk å publisera samtlege namn – så lenge ein fortel kven som var torturisten og kven som var sekretæren. For òg i Stapo var det grader av skuld.

Forfatter Eirik Veum er ansatt i NRK, red. anm.