Hopp til innhold
Kronikk

Ein eigen valuta for skeptikarar

Den virtuelle valutaen Bitcoin har blitt svært verdifull dei siste vekene. Er det anarkistiske, anti-autoritære prosjektet ein vellykka valuta?

Valutakurser

Den virtuelle valutaen Bitcoin har stege veldig i verdi den siste tida. Biletet er frå Oslo Børs 1959, ei god stund før Bitcoin var påtenkt.

Foto: Storløkken, Aage / NTB scanpix

I januar i fjor kjøpte eg Bitcoin (BTC) for 150 kroner. Med den veldige kursstigninga den siste tida er mine 3,70 BTC i skrivande stund verdt rundt 2900 kroner! Ei ganske god investering med andre ord.

Men det var ikkje med tanke på valutaspekulasjon eg kjøpte Bitcoin, men på grunn av fascinasjon for teknologien og den alternative måten å tenkja valutasystem på.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Fenomenet Bitcoin

Bitcoin vart offisielt lansert 1. januar 2009 av ein person som kalla seg Satoshi Nakamoto. Ingen veit kven som står bak pseudonymet, om det er ein person eller ei gruppe.

Bitcoin er eit ekte hackerprosjekt og eit anarkistisk system konstruert for å fungera utan autoritetar.

Svein Ølnes, Vestlandsforskning

Valutaen Bitcoin er heildigital og konstruert på ein sinnrik måte. Bitcoin blir delte ut i blokker etter eit skjema som gjer at i løpet av år 2140 skal det vera produsert cirka 21 millionar BTC, som er det endelege talet. Men skjemaet er laga slik at mesteparten vil vera produserte den nærmaste tida. Innan 2020 vil over 85 prosent av Bitcoin-mengda vera frigjort.

Når digitale blokker av Bitcoin blir frigjorde, blir dei «gravne» fram ved hjelp av tunge rekneprosessar som inneber løysing av kryptografiske problem. Det er rett og slett ei form for digital gullgraving.

Ingen sentralbank

Bitcoin er eit ekte hackerprosjekt og eit anarkistisk system konstruert for å fungera utan autoritetar. Digitale myntar blir gravne fram av entusiastar, og transaksjonar blir verifiserte ved hjelp av digitale signaturar og «proof-of-work»-system, eit system som hindrar at same personen kan bruka pengane fleire gonger. Systemet er basert på fri programvare («open source»).

Du kjøper Bitcoin av nett-tenester som tilbyr dette, som til dømes MtGox.com, og oppbevarer dei i di eiga digitale lommebok. Bruken av Bitcoin er deretter like enkel som å bruka nettbanken, men han krev sjølvsagt at seljaren aksepterer valutaen. Det finst mange kjelder på nettet med oversikt over kven som aksepterer Bitcoin som valuta for varer og tenester. Sidan Bitcoin er ein heildigital valuta, må handelen skje med utgangspunkt i programvare, frå ein pc, nettbrett eller smarttelefon.

Bitcoin og finanskrisa

Bitcoin må forståast i lys av finanskrisa og den svekka tilliten til finansinstitusjonar og det globale finanssystemet generelt. Der dollarsetelen er utstyrt med «In God We Trust», er mottoet for Bitcoin «In No One We Trust».

Bitcoin må forståast i lys av finanskrisa og den svekka tilliten til finansinstitusjonar og det globale finanssystemet generelt.

Svein Ølnes, Vestlandsforskning

Satoshi Nakamotos eigen omtale av Bitcoin ved lanseringa i 2009 er talande:

The root problem with conventional currency is all the trust that's required to make it work. The central bank must be trusted not to debase the currency, but the history of fiat currencies is full of breaches of that trust. Banks must be trusted to hold our money and transfer it electronically, but they lend it out in waves of credit bubbles with barely a fraction in reserve. We have to trust them with our privacy, trust them not to let identity thieves drain our accounts.

«Sikkert som banken» er i ferd med å bli eit tomt slagord.

Men eit valutasystem som omgår det etablerte finanssystemet fullstendig, verkar lokkande på mange. At alle transaksjonar er anonyme og ikkje sporbare betyr at det også vil vera perfekt for dei som har ein del å skjula. Det er som med det meste av banebrytande teknologi; den kan brukast både på ein god og ein dårleg måte.

Vanleg valuta også digital

Også den vanlege valutaen vår er for det meste digital. Vi bruker kontantar i stadig mindre grad, og pengane våre er stort sett representerte med 0 og 1 akkurat som Bitcoin. Abstraksjonsnivået er dermed om lag det same. For dagens unge vil ikkje bruk av ein valuta som Bitcoin fortona seg veldig ulik bruk av norske kroner eller euro.

Sentral kontroll eller ingen kontroll

Skilnaden mellom Bitcoin og vanleg valuta ligg først og fremst på kontrollsida. Vanleg valuta er styrt av eit system med ein sentralbank på toppen. Sentralbanken styrer pengemengda i eit land ved hjelp av ulike tiltak, og valutaen kan berre brukast gjennom det etablerte finanssystemet med tilhøyrande strukturar.

For dagens unge vil ikkje bruk av ein valuta som Bitcoin fortona seg veldig ulik bruk av norske kroner eller euro.

Svein Ølnes, Vestlandsforskning

Bitcoin har ingen sentralbank og det er eit deterministisk system der pengemengda er endeleg bestemt. På det viset minner Bitcoin om gull. Det er ein endeleg ressurs og vil få verdi på grunn av underskot. Som gull kan Bitcoin heller ikkje bli produsert av myndigheiter og slik bli påverka.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Er Bitcoin ein vellukka valuta?

Ein valuta utan sentral kontroll kan bli offer for spekulasjon. Dette er eit argument mot Bitcoin, men kursutviklinga sidan 2011 viser ein relativt stabil auke med unnatak av ein topp i juni 2011. Mykje tyder på at den kraftige oppgangen den siste tida også vil bli korrigert.

Kursen på dei første Bitcoin var 0,2-0,3 cent per BTC medan dagens kurs er rundt USD 135. Det representerer ein auke på opp mot 70.000 prosent! Men det er ikkje eit mål på suksess. Føremålet med pengar er å gjera det muleg å handla. Stadig fleire tilbyr Bitcoin som muleg valuta for kjøp av varer og tenester, det er det beste målet på suksess. I tillegg har valutaen vist at den kan veksa og fungera, og feil som blir funne vert retta opp utan alvorlege konsekvensar.

Så langt er det teikn på at Bitcoin kan vera eit fungerande alternativ for dei som har mista all tillit til det etablerte finanssystemet. Til slutt er det også verdt å nemna at det enno er veldig få som brukar valutaen. Den store interessa og medieomtalen må sjåast på bakgrunn av det radikale alternativet valutaen representerer, saman med den enorme kursauken den siste tida.