Hopp til innhold
Kronikk

Det andre Tyskland

25 år etter at Berlinmuren fall er Tyskland framleis delt. Det er ikkje nødvendigvis eit problem.

Berlinmuren faller i 1989

11.november 1989: tusenvis av menneske klatra opp på muren ved Brandenburger Tor i Vest-Berlin for å feire murens fall. 25 år etter er Tyskland fortsatt delt, skriv Astrid Sverresdotter Dypvik i denne kronikken.

Foto: Moen, Jørn H. / SCANPIX

«No skal det som høyrer saman vekse saman», sa Willy Brandt i ein tale på trappa på Schöneberger Rathaus, det gamle rådhuset i Vest-Berlin om kvelden den 10. november 1989. Dagen før hadde byens innbyggjarar dansa oppå muren. Eller, Brandt sa faktisk ikkje dette i talen sin, men orda dukka opp i pressa, og har sidan blitt til eit slags motto for gjenforeininga. 25 år seinare kan avisa Die Zeit slå fast at Tyskland framleis ikkje har vokse saman.

Store forskjellar

Forskjellane mellom aust og vest i Tyskland er store og systematiske. I aust er arbeidsløysa høgare, gjennomsnittsinntekta lågare og innbyggjarane eldre. Folk i aust stemmer annleis. Partiet Die Linke, som spring ut av DDRs kommunistparti, er eit slags regionsparti for Aust-Tyskland. Enkelte stader stemmer ein tredjedel av veljarane på Die Linke. I vest ligg partiet like over sperregrensa. Aust-tyskarane drikk seg oftare i hel og dei sender oftare barna sine i barnehage enn sine landsmenn i vest.

Forskjellane mellom aust og vest i Tyskland er store og systematiske.

Astrid Sverresdotter Dypvik, historikar og forfattar

Nokre av dei systematiske forskjellane er svært negative for aust. Difor har diskusjonar om forskjellane ofte som eit underliggande utgangspunkt at problema er i aust, løysingane i vest. Forskjellane blir forstått som ein slags mangel ved aust-tyskarane.

Kva med nord og sør?

Forfattaren Jana Hensel, som sjølv har bakgrunn frå DDR, tar i boka ”Achtung Zone” til orde for at ein må slutte å ønske at Tyskland skal ”vekse saman”. Ho oppmodar i staden aust-tyskarane til å ta vare på sin eigenart. Det ho vil er ikkje at folk i aust skal halde fram med å vere fattige eller drikke seg i hel. Poenget hennar er at det er meir som samlar det tidlegare DDR-området enn dei negative statistikkane.

Det er lett å stire seg blind på forskjellane mellom aust og vest, og oftast vert desse oppfatta som eit problem. Men då kan ein gløyme at det alltid har vore, og framleis er store forskjellar mellom det katolske sør og det protestantiske nord. Sør-Tyskland er meir velståande enn nord. Arbeidsløysa er lågare og lønene høgare. Veljarane i sør stemmer meir konservativt enn resten av landet. Utan at dette stadig vert løfta opp og diskutert som eit nasjonalt problem.

Diskusjonar om forskjellane har ofte som eit underliggande utgangspunkt at problema er i aust, løysingane i vest.

Astrid Sverresdotter Dypvik, historikar og forfattar

DDR-tidas etterverknader

Så kvifor snakkar ein likevel så mykje om forskjellane mellom aust og vest? Det er fordi tyskarane framleis diskuterer kva DDR-tida hadde å seie for Tyskland og kva rivaliseringa mellom kommuniststatane og vesten har å seie for ettertida. Dei fleste er einige om at DDR var eit diktatur, styrt av eit eineveldig parti med hjelp av overvakingspolitiet Stasi og sovjetisk militærmakt. På eit reint teoretisk plan er dei fleste i også i stand til å skilje mellom DDR som politisk system og dei folka som budde der. Men i praksis er det ikkje alltid like lett å uttrykke det, verken for aust- eller vest-tyskarar.

Å skilje mellom folket og staten er vanskeleg i ein stat der alt var politisk. Staten og politikken trengte langt inn i privatsfæren, frå pionerorganisasjonen der dei fleste DDR-barna var med, til fagforeininga på jobben og Stasi som alltid følgde med. Livet i DDR var tett innvove i staten og politikken.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook

Kjenner seg mistenkeleggjort

I Tyskland blir DDR nokre gongar omtala som ”vårt andre diktatur”, Hitlertyskland er då det første. Mange tidlegare DDR-borgarar tolkar det som ei slags diskreditering av dei som budde der. For om DDR kan jamførast med Hitlertyskland, inneber det også ein anklage mot innbyggjarane. Viss dei levde i ein slik stat, kvifor gjorde dei ikkje noko med det? Dei aller fleste DDR borgarar var jo ikkje opposisjonelle.

Vi seier at Tyskland vart gjenforeint etter at muren fall. Ein kan også seie at DDR vart slukt av Vest-Tyskland. Med gjenforeininga vart DDR underlagt den vest-tyske grunnlova, og overtok det vest-tyske politiske systemet. Dei tidlegare DDR-borgarane vart ein minoritet i det nye landet sitt. Vest-Tyskland hadde 67 millionar innbyggjarar. DDR 16 millionar.

Det er meir som samlar det tidlegare DDR-området enn dei negative statistikkane.

Astrid Sverresdotter Dypvik, historikar og forfattar

Behov for aust-tysk gjenforeining

Jana Hensel skriv at det er vanskeleg å sette ord på DDR-borgarane sine erfaringar. Då landet deira forsvann, forsvann den kjente verda. Over natta vart ho erstatta av noko heilt anna. Ein som har prøvd å sette ord på det er Tysklands noverande president, Joachim Gauck. Han var sentral i kampen for demokrati i DDR på 1980-talet. I ein diskusjon om DDRs historie sa han ”Kvar kjem denne sorga eg kjenner etter å ha sigra frå? Vi vann alt. Likevel kjenner mange av oss ei djup sorg.

Sorga han snakka om er ei sorg over den han sjølv var, det livet han levde, dei draumane han hadde og dei sakene han brann for. Alt dette forsvann også med DDR. Men 25 år etter at muren fall er det kanskje på tide at aust-tyskarane igjen kan tore å kjenne på det aust-tyske fellesskapet. Utan at det skal vere noko problem.

SE NRKS REPORTASJE FRA MURENS FALL:

Video Berlinmuren i 1989