Hopp til innhold
Kronikk

Den store talentjakta

Næringslivets «talentelite» har namngitt seg sjølv, og spinn vidare på si eventyrforteljing. Kampen om «dei beste hovuda» er ekskluderande og ein hån mot kunnskapsøkonomien.

Talent

Slik blir dei ofte framstilt, 'dei beste hovuda', 'talenteliten' i næringslivet. Men når vart talent synonymt med karrierebevisste personar med ambisjonar om å jobbe i næringslivet?

Foto: Colourbox.com

Næringslivet er på jakt etter talent. Bedriftene må ut på tokt for å jakte ned «dei beste hovuda». Talentjakta har opphav i ein mindre sympatisk amerikansk metafor. For å skildre den aukande konkurransen for å rekruttere og halde på talentfulle tilsette, lanserte konsulentselskapet McKinsey omgrepet «talentkrig».

I dag har Dagens Næringsliv ein utdanningsseksjon som berre heiter «Talent». Der kan vi til dømes lese at etterspurnaden etter talent har gjort talentkrigen til ei verdsomspennande konflikt. Når blei omgrepet «talent» plutseleg synonymt med «karrierebevisste personar med ambisjonar om å jobbe i næringslivet»?

Kunnskapsøkonomiens idéhistorie

Ideen om at talentfulle tilsette er essensielle for bedrifters suksess, kom i kjølvatnet av ideen om ein kunnskapsøkonomi. Menneskelege evner står for verdiskapinga i større grad enn før. Den nye økonomien er prega av rask teknologisk utvikling og informasjonsflyt, samt hardare konkurranse. Det er tankekraft som driv kunnskapsøkonomien framover. La oss kalle individ med høg førekomst av tankekraft for «talent».

Når blei omgrepet «talent» plutseleg synonymt med «karrierebevisste personar med ambisjonar om å jobbe i næringslivet»?

Preben Sørheim, filosofistudent

Eventyret om den store talentjakta passar fint inn i denne forteljinga. Talent er ikkje likt fordelt utover befolkninga; nokon har meir enn andre. Det kan dessutan foredlast gjennom utdanning.

Kunsten å definere talent

Omtrent slik har talent blitt verdas mest ettertrakta ressurs. Men vent litt, eg har gløymt ein ting: kva er det vi eigentleg kallar talent? Det er lite handfast i McKinseys eigen definisjon: «A certain part of talent elude description: You simply know it when you see it». Det blir vidare hevda å vere ein kombinasjon av eit strategisk tankesett, leiareigenskapar, kommunikasjonsevner, entreprenørinstinkt og resultatlevering.

Men talent kan sjølvsagt ikkje vere desse eigenskapane, i tillegg til å vere uforklarleg. Det liknar heller ikkje på måten vi snakkar om talent i daglegtalen, som ibuande kunstnariske, sportslege eller intellektuelle føresetnader. Problemet er ikkje berre teoretisk, definisjonen er også ubrukeleg i praksis. Ingen kan sjå eit menneske inn i auga og finne det der.

Næringslivets talentomgrep er kanskje avsondra frå daglegtalen, men eg mistenker at dei har eitt fellestrekk: begge er håplaust generelle omgrep utan reelt innhald, slik at det kan brukast om akkurat den ein vil.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Prinsessa ingen kunne måle

Problemet med dårlege definisjonar er at objektet blir vanskeleg å måle. Det er alltid vanskeleg å finne noko, når ein ikkje veit kva det er. Vitskaplege studiar av næringslivets talentomgrep viser at ideen støttar seg på mangelfull, villeiande og ofte feilaktig empiri.

Sentrale aktørar i kunnskapsøkonomien jaktar iherdig på ein kvalitet dei ikkje klarer å definere eller måle.

Preben Sørheim, filosofistudent

Sentrale aktørar i kunnskapsøkonomien jaktar iherdig på ein kvalitet dei ikkje klarer å definere eller måle. Som dei dessutan hevdar det er for lite av. Men det er ikkje nødvendigvis tilfelle, talent går tidvis under eit anna namn – kompetanse. Akkurat som før blir kompetanse målt i kvalifikasjonar. Spørsmålet er kva som endra seg etter at talentjakta byrja.

Det narsissistiske næringslivet

Det er ikkje alltid heldig å lyfte fram eit fåtal talentfulle stjerner innanfor eit system. Jeffrey Pfeffer, ein professor ved Stanfords Graduate School of Business, argumenterer til dømes for at det evinnelege fokuset på talent undergrev lagarbeid og oppmuntrar arroganse: «Bedriftene som får det for seg at dei vinn talentkrigen, trur dei er så fulle av smarte folk at dei veit alt!» Den siste setninga får meg til å tenke på Enron, eit amerikansk selskap med tette band til McKinsey, som knakk nakken under vekta av store ego og manglande moral.

Det er ingenting som tydar på at «den store talentjakta» skildrar verkelege forhold.

Preben Sørheim, filosofistudent

Det er éin ting korleis ein snakkar om seg sjølv blant sine eigne, korleis ein gjer det i offentlegheita er ein annan. Omfattande studiar viser at leiarlønningar har auka meir enn lønningane til dei tilsette i nyare tid, og lønningane i næringslivet aukar meir enn elles. Dette blir lettare å rettferdiggjere når ein hevdar verdiskapinga i hovudsak skuldast eit fåtal stjerner.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Eit falskt meritokrati

«Talentjakta» er først og fremst ein vellukka rekrutteringsstrategi for næringslivet. Alle likar å høyre at dei er smarte. Men det er mange talentfulle menneske i samfunnet som fortener sin dag i sola. Problemet med næringslivets talentomgrep er at det lagar vinnarar og taparar på ein tydelegare måte enn før. Media refererer ukritisk historier der eit fåtal blir valt føre fleire tusen andre søkjarar. Bedriftene får promotert seg som attraktive arbeidsplassar, og dei som fekk jobben får talentstempelet når dei blir googla av framtidige arbeidsgjevarar.

Kunnskapsøkonomien blir spådd å føre til ein meritokratisk arbeidsmarknad – der vi blir lønna berre basert på våre prestasjonar og kompetanse. Enkelte ønskjer ikkje denne utviklinga velkomen, ikkje berre fordi det kan føre til større økonomisk ulikskap, men også fordi ulikskapen blir akseptert når den oppstår på grunn av evner. Men «talenteliten» på toppen av dagens lønnsstige har namngitt seg sjølv, og på sviktande vitskapleg grunnlag spinn dei vidare med denne eventyrforteljinga.

Omgrepa vi skildrar verda med må vere meiningsfulle og ha rot i røynda. Det er ingenting som tyder på at «den store talentjakta» skildrar verkelege forhold. Bedriftene konkurrerer kanskje om kompetanse i større grad enn før, men noko vitskapleg grunnlag til å kalle det «talent» eksisterer ikkje.