Hopp til innhold
Kronikk

Bokdronninga

23. april i år fyller forfattaren Margit Sandemo 90 år. Skal vi gje henne litteratur-Norges største ære, Brages heiderspris?

Margit Sandemo

«I staden for å leite etter rigide og fastlåste litterære kvalitetsteikn: Kva har forfattarskapen til Margit Sandemo betydd for folk flest?» spør redaktør i Syn og Segn, Knut Aastad Bråten.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Med over 35.000.000 selde bøker – fordelte på ikring 200 titlar – står Margit Sandemo i dag godt plassert blant dei største forfattarane i Noreg – og er ein av dei største kommersielle suksessane: Ingen annan norsk forfattar kan syne til liknande opplagstal. Ein enorm litterær kapasitet. Er det på tide å gje henne ei utmerking? Ein takk for innsatsen?

Margit Sandemo ville vore ein utmerkt og vel fortent mottakar av Brages heiderspris. Brageprisen er i dag ein av dei viktigaste litterære prisane, som har som mål å heidre gode norske forfattarskapar, og å skapa interesse for norsk litteratur.

Margit Sandemo har definitivt vore med på å skapa interesse for norsk litteratur. Ho er elska av sine eigne – men også kritisert, ikkje minst frå det etablerte forfattarmiljøet, som har stempla bøkene hennar som plump lågkultur og naiv forteljarkunst. Kristenfolket har òg kritisert Sandemo for å rokke ved etablerte religiøse sanningar, for å leike med mørkets fyrste. Har ho vore ein trussel mot det etablerte Bok-Noreg? Mot statskyrkja?

SJÅ OGSÅ: Margit Sandemo intervjua om skriveyrket på Bokprogrammet.

Traktekaffi og napoleonskake

I 1964 debuterte ho i Norsk Ukeblad med romanen De tre frierne. I 1982 gav ho ut fyrste bind av Sagaen om Isfolket – ein bokserie med i alt 47 bøker. Sidan då har Margit Sandemo vore ei av dei mest kjende, lesne og omtalte forfattarane i Noreg.

Ein enorm litterær kapasitet. Er det på tide å gje henne ei utmerking? Ein takk for innsatsen?

Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og segn

Sjølv vart eg kjend med Margit Sandemo i vaksen alder då ho budde i Valdres. Eg var med henne som musikalsk fylgje på nokre tilstellingar: Ho fortalde om haugafolk, medan eg spelte langeleik.

Eg hugsar henne òg frå barndomen. Ho vanka på i dag nedlagde Siesta Café på Fagernes. På bordet låg ei stor notatbok, kan eg minnast, og ved sida stod ei halveten napoleonskake og ein kopp med traktekaffi – slik kaffien brukte å vera før i tida, før caffè latte vart in.

Kva slags tankar hadde ho om den litterære framtida si, tru?

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Trongt om plassen

Det evige spørsmålet: Kva er eigentleg god litteratur? Kva er litterære kvalitetar? Og kor går skiljet mellom underhaldningslitteratur og skjønnlitteratur? Debatten om kiosklitteraturen sin plass i det etablerte litterære selskapet er ikkje av ny dato, men har pågått i mange, mange tiår. Eg kjenner ikkje til kvalitetskriteria som utvalsmedlemmene for litteratur i Norsk kulturråd jobbar etter. Eller diskusjonane på 60-talet eller 80-talet om skiljet og grensegangen mellom akseptert skjønnlitteratur og såkalla kiosklitteratur.

Har ho vore ein trussel mot det etablerte Bok-Noreg? Mot statskyrkja?

Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og segn

Men eg kjenner haldningane og fordomane som dei enno møter, kiosklitteraturens forfattarar – i 2014. Er det på tide å ta kiosklitteraturen meir på alvor? Er det på tide å sjå kiosklitteratur som meir enn kaffi og smågodt i kioskar og på Coop? Er det mogleg å sjå kiosklitteratur som likeverdig litteratur med all annan litteratur? Kiosklitteratur er fyrst og fremst litteratur, er det ikkje?

I 2012 kom det ut ikring 7.500 titlar i Noreg. Mange av bøkene får merksemd i avisene. Dei blir melde, og dei blir diskuterte i dei viktige kulturkanalane på NRK. Men sjeldan eller aldri les eg ei seriøs og god melding av kiosklitteraturen. Tabloide portrettintervju i VG og vekeblad, ja visst. Men ingen analyse, inga melding. Det er definitivt trongt om plassen – på kultursidene i dei store avisene, og i det litterære miljøet.

Heksemesteren
Foto: Schibsted forlag

Fastlåste kvalitetsteikn

Smakspolitiet trykker ikkje Sandemo til brystet sitt, nei vel. Det gjer derimot lesarane – som let seg fascinere og begeistre av dei sandemoske forteljingane om underjordiske, om paranormale krefter, om kyrkja sitt maktovergrep, om kvardagsliv, om samliv, om kampen mellom det gode og det vonde, om einsemd, om å vera hata av omverda, – og om den store og mørke kjærleiken. Universelle tema – innpakka i fiktive, historiske rammer, men samstundes relevante og aktuelle for menneska i vår tid.

Er det på tide å ta kiosklitteraturen meir på alvor?

Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og segn

I staden for å leite etter rigide og fastlåste litterære kvalitetsteikn: Kva har forfattarskapen til Margit Sandemo betydd for folk flest?

Margit Sandemo har vore ein viktig døropnar inn i ei litterær verd for mange nye lesegrupper – menneske som kanskje aldri tidlegare har brydd seg om litteratur i det heile. I Sandemo-verda har dei derimot funne meining og stor leseglede. Lidenskapeleg leseglede. Kanskje var Sandemo-bøkene den litterære lesedebuten deira? Og kanskje var det nettopp Sandemo-bøkene som fekk dei til å utforske floraen av bøker? Margit Sandemo skriv forståeleg og ukomplisert: Her er ingen overkommelege og usynlege litterære barrierar. Bøkene er enkle å lesa. Enkle å like.

Ansvar for å formidle arven

Eg gløymer ikkje ungjentene på ungdomsskulen. Ja, det var flest jenter som let seg rive med av Margit Sandemo sine skikkelsar, av heltane, intrigane. Og erotikken, sjølvsagt. «Hun kysset ømt det hånden knapt kunne omslutte.» På kanten? Setningane sit klistra. Margit Sandemo serverte erotiske fantasiar vi sjeldan tidlegare hadde lese.

Margit Sandemo er framleis ein mykje lesen forfattar. Rettnok er ho enno ikkje medlem i Den norske Forfatterforening, men i biblioteket på Fagernes og i mange andre bibliotek landet rundt står bøkene hennar synleg plasserte i hyllene. Og dei blir lånte.

Smakspolitiet trykker ikkje Sandemo til brystet sitt, nei vel. Men det gjer lesarane.

Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og segn

Korkje Margit Sandemo eller andre store forfattarar fortener å hamne i gløymeboka. Vi har alle eit ansvar for å formidle arven frå så vel lokale som nasjonale forfattarar og kunstnarar vidare til nye generasjonar. Og vi har mange vi kan markere og heidre. Margit Sandemo, til dømes.

Denne kronikken er ein omarbeidd versjon av leiarartikkelen i siste nummer av Syn og segn.