Hopp til innhold
Kronikk

Blatter, kongen av motvind

Sepp Blatter er utskjelt og populær om kvarandre. Nøkkelen til suksess er at han får maksimalt ut av begge posisjonane.

FIFA-president Sepp Blatter i Zurich 2011, då han blei valt til president nok ein gong

Sepp Blatter er ein av dei mest utskjelte personane i verda, men står likevel støtt, på toppen av fotballfjellet. Biletet er tatt i 2011 i Zurich, der han blei valt som president for 4.gong på rad.

Foto: ARND WIEGMANN / Reuters

Valkamp i FIFA er synonymt med løgn, bakvasking, skittent spel og tjuvtriks. Denne veka vart 14 FIFA-representantar sikta for korrupsjon, fullstendig i tråd med manus.

Midt i dette står Sepp Blatter, FIFA-president sidan 1998.

Blatter er ikkje direkte involvert i den nye skandalesaka, men han har opplevd så mange skitstormar i løpet av sitt 17-årige regime at det halve kunne vore nok til å velte mannen. Han er ein av dei mest utskjelte personane i verda, men står likevel støtt, på toppen av fotballfjellet.

Noko må han altså vere god på – men kva?

Best i motvind

Den mest opplagde kvaliteten til Blatter er den utrulege evna hans til å vere best når det bles som verst. Den norske syklisten Thor Hushovd var kjend for å vere best i slak oppoverbakke, i lett motvind. Blatter er best i ekstrem oppoverbakke, i kraftig motvind. Han kallar seg fjellgeita, og det med rette.

Han har opplevd så mange skitstormar i løpet av sitt 17-årige regime at det halve kunne vore nok til å velte mannen.

Even Smith Wergeland

I valkampen har han møtt motstand frå prominente personar som Michel Platini og Luis Figo. Sistnemnde var sjølv presidentkandidat inntil nyleg. Då han trakk kandidaturet, samanlikna han Blatter si regjeringstid med eit diktatur. I samband med Brasil-VM i fjor vart Blatter omtalt som «ein korrupt røvar» av den gamle stjernespelaren Romario.

LES OGSÅ: Omdal: – No må Blatter gå av

Mannen som slåst mot vindmølla

Men slikt prellar berre av på Blatter, som absorberer kritikken og kjem styrka ut, som ein mutasjon av vrang vilje og nytt pågangsmot. Blatter er mannen som slåst mot vindmølla, og vann – gong etter gong.

Det siste trumfkortet til Blatter er at han ikkje stemte for tildeling av VM 2022 til Qatar.

Even Smith Wergeland

Eit av mange gode døme er tvisten med FIFA-delegat Jack Warner, som fleire gonger skulda Blatter for korrupsjon og underslag. I 2011 vart Warner suspendert for nettopp slik verksemd. Snakk om å slå tilbake med same mynt.

FØLG DEBATTEN: Facebook

No skal det seiast at Warner neppe er eit uskuldig offer for Blatter si mektige hand. Namnet hans figurerer blant dei nyleg arresterte FIFA-representantane.

Vener eller fiendar?

Warner-saka vitnar om ei personalpolitisk spissfindigheit utanom det vanleg. Éin ting er å kvitte seg med fiendar, som han gjorde med Warner. Noko anna er å veksle mellom å fryse folk ut og ta dei inn i varmen. På det området er Blatter ein sann meister.

LES: Idrettene vi elsker, sportslederne vi hater

Hans motkandidat ved FIFA-valet i 2002, svensken Lennart Johansson, var arg på Blatter i etterkant. Men dette endra seg då dei begge var på besøk i Russland hos ein felles FIFA-kjenning året etter. Ifølgje rykta vart dei to rivalane låst inne på eit hotellrom med ei flaske vodka. Då dei kom ut att, sa Johansson at det ikkje lenger var noko problem mellom dei. I seinare år har Johansson vorte kritisk igjen, men episoden vitnar om visse diplomatiske nådegåver hos Blatter.

Blatter er best i ekstrem oppoverbakke, i kraftig motvind.

Even Smith Wergeland

Noko liknande skjedde med Jérôme Valcke, som var marknadsdirektør i FIFA fram til han fekk sparken i 2006, for å ha brote FIFA sine retningslinjer for sponsorforhandling. Året etter var han tilbake i FIFA, som generalsekretær. Blatter var sentral i sparkinga så vel som tilsetjinga. Han er bøddel og forsonande kraft på same tid, og haustar fordelar av begge posisjonane.

Med kløkt skal verda vinnast

Blatter er ikkje berre ein intrige-sjonglør, han er også ein strategisk rev. Etter 17 år som president kjenner han kvar krinkelkrok av FIFA-systemet, og han speler det som ei pipe.

Det er blant anna derfor han har lukkast så godt i FIFA-vala, der alle nasjonar er likestilte i stemmegjevinga. Blatter har profittert på stønad frå dei mindre nasjonane. Ifølgje Bloomberg har FIFA tildelt to millionar dollar i året til Caymanøyane dei siste 13 åra, for å nemne eit døme.

Blatter er ikkje berre ein intrige-sjonglør, han er også ein strategisk rev.

Even Smith Wergeland

Det siste trumfkortet til Blatter er at han ikkje stemte for tildeling av VM 2022 til Qatar. Dette har både gitt han goodwill og ei sjanse til å distansere seg frå dei talrike skandalane denne tildelinga har medført.

Han veit dessutan å snu kappa etter vinden. Er han i England, lovpriser han den engelske fotballkulturen. Er han andre stader, kan han finne på å kritisere den grenselause pengebruken i Premier League.

Gubben over alle gubbar

Den rådande gubbekulturen i FIFA er også ei forklaring på kvifor ein type som Blatter kan hevde seg. Organisasjonen er ein oppsamlingsanstalt for menn med utrangerte haldningar, med Blatter som ivrig talerøyr.

Vi snakkar trass alt om mannen som vart president i World Society of Friends of Suspenders, ein lobbyorganisasjon som arbeidde for at kvinner ikkje skulle skifte frå klassiske strømpehaldarar til moderne strømpebukser.

Even Smith Wergeland

I 2004 sat Blatter mange sinn i kok då han oppmoda kvinnelege fotballspelarar til å spele i hot-pants. I same periode bannlyste FIFA eit kvart forsøk på å innføre kroppsnære herredrakter, deriblant dei herleg frekke trikotane som Kamerun brukte i Afrikameisterskapen i 2002.

LES: – Blatter bør gå av

Bakgrunnen hans forklarer slike utspel. Vi snakkar trass alt om mannen som i 1971 vart president i World Society of Friends of Suspenders, ein lobbyorganisasjon som arbeidde for at kvinner ikkje skulle skifte frå klassiske strømpehaldarar til moderne strømpebukser. Konservatismen lenge leve.

Eit nytt FIFA

Gamle gubbar er som kjend vonde å vende. Ved FIFA-valet i 2011 lova Blatter å trekke seg etter den aktuelle perioden. Så mykje for den lovnaden og alt snakket om ein organisasjon i endring, om eit nytt, progressivt FIFA, med fleire yngre krefter. Viss vi no får fire nye år med Blatter, vert det høgst sannsynleg meir av det same: korrupsjon, konservatisme og krisemaksimering.