Hopp til innhold
Replikk

Verda treng norske elevar

Det er nok egoisme i norsk skule. Det er minst like viktig at skulen formidlar kunnskap om vår urettferdige verd som kunnskap om matte og kjemi.

Vaksinering i Tanzania

Berre vaksinetiltaka frå vaksinealliansen GAVI har bidratt til å hindre over 5 millionar dødsfall, skriv kronikkforfattaren. Biletet viser vaksinering i Tanzania.

Foto: KAREL PRINSLOO / Afp

Dette er et svar til kronikken «Operasjon Dagsverk – 50 år er nok!», red.anm.

La meg presentere det følgjande resonnementet: Viss alle elevar i norsk skule veit at over 1,8 milliardar menneske lever i ekstrem fattigdom, og elevane samtidig veit korleis denne fattigdommen kan utryddast, så skulle det berre mangle at dei også gjorde noko for å utrydde nettopp fattigdommen.

Likevel er vi i år vitne til at den dagen i året – OD-dagen – som skal rette blikket til elevane mot urettferda i verd, vert nedprioritert som følgje av streiken tidlegare i haust. Det er trist, fordi det kan få varige konsekvensar for elevane sitt syn på uretten i verda og korleis vi kan kjempe mot han.

Helsebistanden er blant dei viktigaste årsakene til at malaria som epidemi vil vere under kontroll hos neste generasjon afrikanarar.

Emil André Erstad

Lektor Sven Røgeberg ser nesten ut til å vere fornøgd med at dette skjer, og skriv følgjande i sin kronikk på NRK Ytring: «Operasjon Dagsverk formidler ungdommer fortellingen om norsk godhet. Men bistand virker ikke, og det bør ikke være skolens oppgåve å halde oppe illusjonen om at den gjør det.»

LES: Operasjon dagsverk – 50 år er nok

Grovt unyansert ytring

Det kan i beste fall karakteriserast som ei grovt unyansert ytring i bistands- og utviklingsdebatten, og i verste fall eit destruktivt angrep på elevane sitt viktige engasjement for å forandre ei urettferdig verd.

For det første gir det nesten ikkje meining å kritisere noko som hamnar under ein så brei emneknagg som «norsk bistand», utan å samstundes sjå på kva som verkar.

Siktar Røgeberg til bistand retta mot helsetiltak? I så fall er det verd å nemne at helsebistanden er blant dei viktigaste årsakene til at malaria som epidemi vil vere under kontroll hos neste generasjon afrikanarar, og at berre vaksinetiltaka frå vaksinealliansen GAVI har bidratt til å hindre over 5 millionar dødsfall.

Eller siktar Røgeberg til bistand retta mot utdanning? Når fleire barn enn nokon gong tidlegare går på skule, skjer det som eit resultat av mellom anna bistand. I dag startar ni av ti barn på skulen, i tillegg til at jentene si deltaking på skulen er auka og forskjellane mellom gutar og jenter sin tilgang på skule nesten er utjamna på verdsbasis. Alle – kanskje utanom Røgeberg – er einige om at utdanningsbistanden har bidratt til dette.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook

Bistand gir ei meir rettferdig verd

Utviklingspolitikk er meir enn bistand, og mange former for bistand er ein viktig del av verktøykassa for å lage ei meir rettferdig verd.

Emil André Erstad

Røgeberg skriv i kronikken sin at «bistand har ingen effekt på økonomisk vekst», men let vere å nemne at i underkant av ti prosent av bistanden har vore retta mot nettopp økonomisk vekst. Røgeberg sin kritikk blir nesten det same som å kritisere engelskundervisninga i skulen fordi den ikkje har effekt på mattekunnskapane. Med andre ord; fullstendig malplassert.

For det andre er det sjølvsagt at skulen bør formidle kunnskap om ei urettferdig verd. Eg håpar den kunnskapen er meir nyansert og kunnskapsbasert enn det biletet lektor Røgeberg teiknar i sin kronikk.

Eg håpar den får fram at utviklingspolitikk er meir enn bistand, og at mange former for bistand er ein viktig del av verktøykassa for å lage ei meir rettferdig verd.

Kunnskap er ein del av OD-dagen

Eg håpar elevane lærer at utviklingsland kvart år tapar over 6800 milliardar kroner fordi multinasjonale selskap lurer unna pengar og let vere å betale skatt. Eller at utviklingsland brukar dobbelt så mange kroner på å betale gjeld, som rike land brukar på bistand. Eller at over 8 millionar barn døyr årleg av sjukdommar som enkelt kunne ha blitt kurert, slik som lungebetennelse, diaré eller tetting av øvre luftvegar.

Det faktum at tusenvis av elevar i Norge vel å bruke ein dag av utdanninga si på å bidra til ei litt betre verd for menneske som treng det, gir meg håp for framtida.

André Emil Erstad

Eller at 8 prosent av verdas innbyggarar kontrollerer 80 prosent av verdas formue. Det er ikkje sant som Røgeberg skriv at denne kunnskapen ikkje er ein del av OD-dagen.

Det faktum at tusenvis av elevar på over 650 skular i Norge vel å bruke ein dag av utdanninga si på å bidra til ei litt betre verd for menneske som treng det, gir meg håp for framtida. Det gir meg grunn til å tru at den ekstreme fattigdommen faktisk kan utryddast i vår generasjon – fordi kunnskapen og viljen til å handle er til stades.

Akkurat slik elevane skal få kunnskap om å løyse vanskelege formlar i matematikk og kjemi, bør dei få kunnskap om reiskapen som brukast til å redusere og utrydde den globale fattigdommen. Derfor er OD-dagen livsviktig.