Hopp til innhold

Klesspray utvikla av forskarar

Forskarar ved Imperial College London har utvikla ein flytande klesspray som størknar på kroppen og blir til eit klesplagg du kan bruke om att


Om du har sølt på blusen eller strømpebuksa di har rakna, er det ikkje lenger eit problem dersom du har ein klesspray i veska.

Dette kan kanskje snart bli verkelegheit, for sprayen eksisterer allereie no på laboratoriet, skriv den britiske avisa Telegraph.

Forskarane Manel Torres og Paul Luckham ved Imperial College London har utvikla ein spray som inneheld små fibrar som er blanda med polymerar for å halde desse saman.

Eit løysemiddel sørgjer for at stoffet held seg i flytande form på boksen.

Løysemiddelet fordampar umiddelbart i det sprayen treff ei overflate, og det blir danna eit glatt klesmateriale som toler vask og kan brukast om att.

I tillegg til å lage klede, ser forskarane for seg at sprayen kan brukast til å lage uniformer for helsepersonell, og til å lage trekk til møblar.