Hopp til innhold

Spor etter romersk legion funne under motorveg

Engelske arkeologar kan ha funne nye spor etter den niande romerske legionen som forsvann sporlaust ca 117 år etter Kristus.

Slik kan det romerske fortet ved Healam Bridge i North Yorkshire ha sett ut.

Ein kunstnars tolking av det 2000 år gamle fortet ved Healam bridge i England som kan ha vore heimstaden til den niande legion. Fortet har truleg blitt forsynt frå det nyleg oppdaga romerske 'industriområdet' under vegen A1.

Foto: Alan Marshall of Heron Recreatio / PA Wire/Press Association Images

Under utgravingar i samband med oppgradering av motorvegen A1 i North Yorkshire i England har arkeologar funne eit romersk "industriområde" som kan ha levert forsyningar til den romerske niande legionen .

Utgravingsstaden ved motorvegen A1.

Funnstaden ved motorvegen A1 i North Yorkshire.

Foto: Highways Agency / PA Wire/Press Association Images

Funnstaden som ligg like ved eit 2000 år gammalt fort som vart bygd av romarane. Fortet utgjorde den gongen ytterkanten av det romerske imperiet.

Fortet kan ha vore heimen til niande legion, som var med på invasjonen av Storbrittania i år 43 etter Kristus. Den niande legionen grunnla byen Eboracum , som i dag heiter York.

Ein gong i det andre århundret etter Kristus forsvinn alle spor etter niande legion, og dette forsvinningsnummeret har gitt inspirasjon til blant anna filmen Centurion . Sjå klipp nedst i artikkelen.

- Vi veit mykje om romerske fort, desse er grundig studert, men å grave fram eit industriområde med ei mølle er verkeleg spennade, seier utgravingsleiar Blaise Vyner til Mail online .

Arkeologane trur at industriområdet som nyleg er avdekt har forsynt det nærliggjande fortet med mat og varer.

På utgravingsstaden er det blant anna funne restar av ei vassdriven mølle, klede, mat, graver og keramikk.

–Vi håper det kan fortelje oss meir om korleis slike miliærte utpostar fekk stilt sine behov, ettersom det var viktig å vere sjølvforsynt , seier Vyner.

Filmen «Centurion» er inspirert av den niande legion:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.