Hopp til innhold

Tjue år sidan verdas første tekstmelding

– Sms har hatt enorm betydning og revolusjonert måten vi kommuniserer på, seier forskar. Men i sitt tjuande år opplever tekstmeldinga dalande popularitet.

God jul

3. desember 1992 vart verdas første sms sendt, og bodskapen var ønske om god jul.

Foto: Colourbox

Måndag er det 20 år sidan verdas første tekstmelding vart sendt.

Det var ingeniøren Neil Papworth i Vodafone som stod bak den historiske meldinga, og han var tydelegvis i julestemning då han sende sms-en med ordlyden «Merry Christmas» til sine kollegaer i Vodafone den 3. desember 1992.

Tjue år etter år etter er vi oppe i heile 6,4 milliardar sende meldingar i Noreg, og kommunikasjonsmåten var brukt av 67 prosent av alle nordmenn, ifølgje tal frå Post og teletilsynet.

– Sms har hatt enorm betydning og revolusjonert måten vi kommuniserer på, seier forskar Petter Bae Brandtzæg i SINTEF til NRK.no.

– Unikt og viktig

Men den nye kommunikasjonsmåten brukte lang tid på å bli allemannseige. I Noreg tok ikkje tekstmeldinga av før mot slutten av nittitalet.

Det finst ingen tal på sende sms før 1999, men i dette året vart det registrert 515 millionar sende tekstmeldingar. Den korte og personlege tekstmeldinga kom til å få stor innverknad på oss.

– Det har vore eit svært effektivt, uformelt medium som har brakt oss nærare kvarandre, og som koordineringsverktøy til å gjere avtalar har det vore unikt og viktig, seier Brandtzæg.

Mange har også reflektert over at sms-en har gjort oss ute av stand til å gjere avtalar lang tid i forvegen. Med telefonen med oss over alt, har vi kunne gjort avtalar om møtetidspunkt og stad i siste liten.

Meir flørting

Sms-flørt

Flørting blei enklare då tekstmeldinga kom.

Foto: Eric Audras / Colourbox

Tekstmeldinga har også med sin uformelle omgangsform medverka til at det har blitt lettare å flørte.

– Sms har ført til meir kontakt mellom gutar og jenter fordi terskelen for å sende sms har vore lågare enn kontakt ansikt til ansikt, seier Brandtzæg.

Mange vil kanskje blant anna huske Jon Arne Riises berømte sms-flørt i 2005 der han sende same likelydande date-invitasjon til mange av Noregs kjendiskvinner.

Om flørting har blitt enklare på sms, har kommunikasjonsmetoden også gjort det enklare å gjere slutt på eit forhold.

I ei undersøking av mobilvanar utført av førsteamanuensis Berit Skog ved NTNU i 2012 svarte 12 prosent av deltakarane at dei hadde slått opp med kjærasten på sms.

Av kjente personar som har nytta metoden er blant anna Britney Spears som skal ha annonsert skilsmissa for ektemannen Kevin Federline over ein sms.

Gaza-sms

Sms har også gjort det mogleg å nå mange med ein bodskap på ein gong, slik blant anna Mads Gilbert gjorde då han sende ut melding frå Gaza under krigen i 2009.

De bombet det sentrale grønnsaksmarkedet i Gaza by for to timer siden. 80 skadde, 20 drept, alt kom hit til Shifa. Hades! Vi vasser i død, blod og amputater. Masse barn. Gravid kvinne. Jeg har aldri opplevd noe så fryktelig. Nå hører vi tanks. Fortell videre, send videre, rop det videre. Alt. GJØR NOE! GJØR MER! Vi lever i historieboka nå, alle. Mads G. 3.1.09 13.50, Gaza, Palestina.

Ifølgje Thomas Hylland Eriksen medverka denne tekstmeldinga til å auke den norske motstanden mot Israels krigføring.

Mads Gilbert

Mads Gilbert vekte engasjement med augeskildring frå Gaza i 2009.

Foto: Hatem Moussa / Ap

– Facebook den nye sms-en

I sitt tjuande år ser det ut til at tekstmeldinga har dalande popularitet, i alle fall her i Noreg. Inntoget av sosiale medium har blitt ein ny arena for å sende korte tekstmeldingar til andre.

– Facebook blir nytta av 2,7 millionar og er på mange måtar i ferd med å bli den nye sms-en, seier Brandtzæg.

I 2010 var første gong sidan sms-ens inntog at det vart sendt færre tekstmeldingar på julekvelden enn året før.

Tekstmelding trua av gratistenester på smarttelefon

Modell viser fram chat på mobilen. I dag er sms-en trua av gratis meldingstenester på smarttelefonen, og telefonoperatørar må finne nye inntektskjelder.

Foto: ROSLAN RAHMAN / NTB Scanpix

– No ser vi at Facebook tar over mange av rollene SMS har hatt, frå orientering om personlege nyheiter og heilt ned til koordineringsnivå med meldingar av typen« Kan du kjøpe mjølk?», seier Brandtzæg.

Han trur likevel ikkje at sms-en vil forsvinne med den første.

– Det er svært praktisk når ein-til-ein kommunikasjon er fokus og ein også skal ta omsyn til personvern, seier han.

Trur du sms-en vil leve vidare? Del dine synspunkt i kommentarfeltet.