Hopp til innhold

Grønlands issmelting har liten effekt på havnivå i Noreg

Smeltevatnet frå Grønland vil gi høgare havstand andre deler av verda enn i Noreg. – Når vi tar omsyn til endring i gravitasjon, vil havnivået langs norskekysten bli lågare enn det vi tidlegare sa, fortel klimaforskar.

Birthday Canyon, Grønland

Vatnet frå Grønlands smeltande isbrear vil gi havstiging i andre deler av verda, ikkje i Noreg, ifølgje klimaforskarar.

Foto: James Balog / NTB Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Issmeltinga på Grønland vil ha mindre å seie for havstiging i Noreg enn det klimaforskarane tidlegare har trudd.

Mens ein tidlegare meinte at havet kunne stige så mykje som 60-110 centimeter i løpet av dette århundret, snakkar forskarane no om heilt andre storleikar for havstiging i Noreg.

Dette kjem fram i ei oppdatert framskriving av havnivået frå Bjerknessenteret for klimaforskning.

– Kor mykje havet vil stige i Noreg kjem an på kor rask klimaendring vi får. Men vi kan seie ein stad mellom 25-35 centimeter i løpet av dette århundret, på grunn av denne effekten, seier klimaforskar Helge Drange ved Bjerknessenteret til NRK Schrödingers katt.

Sjå innslaget i Schrödingers katt her:

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Tok ikkje med endring i tyngdekraft

Issmelting på Grønland gir lågare havnivå

På same måte som månens tyngdekraft trekker vatnet på jorda til seg, trekker også store landmasser på havvatn. Når Grønland blir lettare på grunn av smelta is, trekker landmassene i den enorme øya dermed også mindre på det omkringliggjande vatnet. Resultatet blir lågare lavstand nær Grønland.

Foto: Illustrasjon: Tuva Tagseth

Isbreane på Grønland smeltar med faretruande fart i eit stadig varmare globalt klima, dette er forskarar einige om.

Nyleg har forskarane Andreas Born og Kerim Nisancioglu ved Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen også publisert resultat som viser at isbreane nord på den enorme øya vil smelte raskare enn isbreane i sør, noko som overraskar klimaforskarar.

Men den smelta isen vil først og fremst føre til at havnivået i området rundt Grønland vil bli fleire titals meter lågare, ikkje stige. Årsaka er at eit lettare Grønland har mindre tyngdekraft, og såleis trekk mindre på havmassene.

Klimaforskar Helge Drange fortel at tidlegare prognosar tok med bidraget frå smelteis frå Grønland, men ikkje endringa i tyngdekraft.

– No tar vi omsyn til endring i gravitasjon, og det betyr at havnivået langs norskekysten vil bli lågare enn det vi tidlegare sa, fortel Drange.

– Smeltevatnet frå Grønland vil vere lenger sør

– Det ekstra smeltevatnet frå Grønland vil vi finne att lenger sør på kloden, ikkje nær Grønland. Og vi er nær nok Grønland til at det ikkje stig hos oss, forklarer istidsforskar Jan Mangerud ved Universitetet i Bergen.

Lågtliggjande øystatar og deltaområde som Bangladeshdeltaet og Nilendeltaet på motsatt side av jorda vil derimot oppleve auka havstand som følgje av smeltevatn frå Grønland, ifølgje Helge Drange.

Smelting i Antarktis vil i staden gå ut over oss på den nordlege halvkula, sidan tyngekrafta då blir mindre i sør, og vi får det meste av vatnet.

– Skulle heile Antarktis smelte, ville havnivået stige 60 til 70 meter, men det behøver vi ikkje å bekymre oss for på ein million år, skriv Mangerud i ein artikkel i tidsskriftet Klima.

Landheving

Ny kunnskap om kor mykje landet hever seg etter istida, har også innverknad på estimat for havnivået. I nokre deler av landet vil havnivået faktisk synke i løpet av ein hundreårsperiode, ifølgje forskarar i Kartverket.

Heile Noreg hever seg litt, men Austlandet og Midt-Noreg hever seg meir enn andre deler av landet fordi desse områda låg nærast der breen var tjukkast.

– Der isen var tjukkast, i Bottenviken i Sverige, stig landet framleis med ein meter per hundre år. I Oslo stig landet med ein 33-34 centimeter på hundre år, fortel Mangerud.

Ifølgje Kartverket vil kombinasjonen av landheving og havstiging derfor føre til at havnivået i Oslo og Trondheim vil bli 10 cm lågare i løpet av århundret, mens Tromsø, Bergen, Stavanger og Kristiansand vil få mellom 20 og 30 cm høgare havnivå.

Landheving

Dei raude og gule områda på kartet har liten landheving og vil oppleve havstiging. Områda som er farga blå har større landheving og vil dermed oppleve mindre havstiging.

Foto: Illustrasjon Tuva Tagseth

– Vil få litt betre tid

Desse berekningane er usikre og litt optimistiske, ifølgje Bjerknessenteret.

I deira oppdaterte framskriving estimerer dei at havnivået for Oslo om hundre år kan vere frå 10 centimeter under dagens nivå, til 50 cm over dagens nivå.

– Trondheim og Oslo får litt betre tid når det gjeld havstiging, seier Helge Drange ved Bjerknessenteret, men minner om at havstiginga vil vare ved, i hundre og kanskje tusen år fram i tid.

– Eg vil nesten seie at vi dessverre slepp unna, fordi det er jo vi i den vestlege verda som har slept ut CO2 og gir den varme jord, seier Jan Mangerud.

Sjå Schrödingers katt torsdagar kl. 19.45 på NRK1 eller i nett-TV

Denne artikkelen vart endra 9/11 kl. 10.10.