Hopp til innhold

Apple slår Microsoft-rekord

Verdien til Apple steig måndag til 623 milliardar amerikanske dollar, noko som gjer selskapet til det mest verdifulle nokosinne.

Apple

Apple-medarbeidere ved ein butikk i Tyskland i mars, då ny iPad vart lansert.

Foto: Martin Meissner / Ap

Apple Inc. slo måndag rekorden for total marknadsverdi sett av Microsoft Corp. i 1999.

Det vil seia at Apple er det mest verdifulle selskapet nokosinne.

Reknar ikkje med inflasjon

Samanlikninga med Microsoft tek atterhald om at tala ikkje er justerte for inflasjon, skriv nyhendebyrået AP.

Om ein gjer det, var Microsoft verdt 850 milliardar dollar 30. desember 1999, altså meir enn Apple i dag.

I 1999 var Microsoft verdt 620.58 milliardar dollar. I dag er selskapet verdt 257 milliardar dollar.

Dobbelt så stor

Apple har vore det mest verdifulle selskapet i verda sidan i fjor, og er no verdt meir enn 50 prosent meir enn andremann på lista, Exxon Mobil Corp.

Den siste tida har Apple-aksja nådd nye høgder grunna trua på at selskapet snart skal lansere mobiltelefonen iPhone 5, og kanskje også eit mindre og billegare nettbrett, også kjent som iPad.

Apple

Inngangen til Apple Inc. i Cupertino, California.

Foto: Ryan Anson / Afp