Hopp til innhold

Her jublar elevane over samfunnsfagprøven

Norskutvikla dataspel til bruk i timen lar elevane delta med eigne smarttelefonar og nettbrett.

Elevar testar dataspel

Sjuandeklassingar ved Buvik skole under testing av dataspelet Lecture Quiz.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Tre gutar sprintar inn i klasserommet og fiskar opp iPad og smarttelefon frå sekken. Det er stor entusiasme i klasserommet når elevane i 7. trinn ved Buvik skole kjem tilbake etter friminuttet.

I denne timen er det nemleg fritt fram for å bruke nettbrett, pc eller mobil når elevane skal teste ut dataspelet Lecture Quiz som er utvikla av professor i spelteknologi Alf Inge Wang og masterstudentar ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap på NTNU.

– Det er ein fordel om alle som spelar brukar sitt eige utstyr, fordi då veit dei korleis dei skal bruke det og korleis dei skal komme seg på nett, seier Wang.

Høgt engasjement

Professor Alf Inge Wang med elevar på Buvik skole

Professor Alf Inge Wang hjelper elevar i gang.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Spelprofessoren har rigga seg opp på sida av klasserommet, og har lagt klar ein quiz som skal teste elevane i det siste pensumet i samfunnsfag.

Dei fleste elevane har med eigne duppedittar med nettilgang, men NTNU-professoren har også med smarttelefonar og iPod touch til dei som ikkje har med sine eigne hjelpemiddel.

Wang og lærarane Unni Gimse og Lars Ustad må hjelpe ein del elevar med å komme inn på riktig nettstad, men så har alle 40 registrert eit namn og er klare til å starte testen.

Unni Gimse og Lars Ustad

Lærarane Unni Gimse og Lars Ustad sjekkar dataspelet før timen.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Kva for ein verdsdel er den største? Afrika, Europa, Brasil eller Asia, spør quizen.

Det er høgt engasjement i klassen, og elevane trykkar i veg på smarttelefonar og iPad-ar. Resultatet og tida eleven bruker på å svare blir registrert av lærarpc-en, som leverer ei oversikt over kor mange som svarte på dei ulike alternativa. Så er det i gang med eit nytt spørsmål.

– Å nei, eg trykte på feil svar, kjem det frå ein elev som var for snar på labben.

Dei mest ivrige ropar entusiastisk ut poengsummen sin så snart han dukkar opp på skjermen. Akkurat det er kanskje ikkje er heilt i tråd med Wangs visjon for dataspelet.

– Medverke til engasjement og sosialisering

– Bakgrunnen for å lage dette dataspelet var å medverke til engasjement, sosialisering og læring hos elevane, fortel Wang.

– Tanken er at alle elevane skal kunne delta på lik linje, også dei elevane som ikkje tør å rekke opp handa.

Wang fortel at han og studentane hans har utvikla fire versjonar av dette systemet før dei var nøgd med korleis det fungerte.

– Men teknologien som ligg bak er ganske enkel, fortel han.– Alt du treng er trådlaust nett og nettlesar.

Lærarpc’en fungerer som ein webservar som koplar seg opp til elevane sine smarttelefonar, pc-ar og ulike nettbrett. Så sender den ut ei nettside for kvar elev, der eleven ser namnet sitt og poengsumma sine. Når dei trykker på eit svaralternativ registrerer læremaskina kva dei har trykt på og gir dei poeng.

– Mange har laga responssystem, men det er ikkje så mange som har tenkt på å ta spel inn i klasserommet. Det er mogleg at det er litt motførestellingar mot å gjere det, trur han.

– Fancy samfunnsfagtime

Emilie Caitlin Daquilante

Emilie Caitlin, Heidi og Thea ved Buvik skole testar dataspel i samfunnsfagtimen.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

– Dette var ein test som var svært annleis frå det vi bruker å ha, seier elev Emilie Caitlin Daquilante som brukte iPad under testen. Ho vil gjerne ha meir dataspel i timen.

Lærarduoen Gimse og Ustad er også nøgd etter testen.

– Artig, oppsummerer lærar Unni Gimse. Dette var ein litt meir fancy samfunnsfagtime enn elevane er vant til.

Ho syntest dataspelet gav eit godt bilete av kor mykje detaljar elevane hugsa frå stoffet, og var nøgd med klassens prestasjon.

Gimse er klar på at dette ikkje kan erstatte den vanlege prøven når ein skal teste kunnskap, men at dataspel kan vere bra som ein variasjon i undervisinga.

Finpuss

På læraranes spørsmål svarar elevane i klassen eit høgt og unisont ja til å ha slike testar fleire gongar.

Og med det svaret klingande i øyret kan Alf Inge Wang seie seg nøgd når han pakkar saman utstyret og dreg tilbake til universitetet for å finpusse på spelplatformen.

Etter kvart kjem spelet kanskje til ein skule nær deg, det er i alle fall siktemålet til spelprofessoren.

– Håper er at så mange som mogleg skal kunne bruke Lecture Quiz til undervising og underhaldning utanom læringsarenaer, seier han.

Testar dataspel i timen

Mobil i timen er lov når elevar skal teste kunnskapen sin gjennom spelplatformen Lecture Quiz.

Foto: Unni Eikeseth, NRK