Hopp til innhold

Google lager 3D-kart med spionfly

Smil til spionkameraet. Google skal oppgradere kartsystemet sitt, og lage tredimensjonale kart som kan vise objekt heilt ned til 10 centimeter i storleik.

Google Maps

Slik ser San Francisco ut i 3D. I framtida kan du sjå eit slikt bilete av Oslo også.

Foto: Google Maps / Ap

Google vil lage eit fotobasert kart over heile verda og skal ta i bruk spionfly for å lage svært detaljerte kart, skriv avisa Daily Mail.

Brukarane skal få «zoome» inn og ut av kartet som om dei var i sitt eige private helikopter, og dei fyrste karta kjem før utgangen av året, skriv avisa.

Oppgraderingsplanane kjem like før Apple melder seg på i kartkappløpet med sitt eige kartsystem.

I fjor kjøpte Apple det svenske kartselskapet C3 Technologies, og i sitt nye operativsystem iOS6 har dei kutta ut karttenesta til Google for å satse på sitt eige.

Kjem til Norge

Snart kan også byar og folk i Norge bli tekne bilete av. Men sjef for Google i Norge, Jan Grønbech, prøver å roe folk med at dei ikkje kjem til å bli kjende att.

– Flya har ikkje vore i Norge enno. Me må vente på tur. Dette blir gjort for å gjere karta betre. Mange stader i Norge ser ut som grøn ertersuppe, og me er berre interessert i å få betre kvalitet, seier han til VG.

– Ingen vil bli kjent igjen. Alle kjem til å bli sladda i samsvar med reglane, seier Grønbech.

Datatilsynet følgjer med

Ove Skåra

Ove Skåra i Datatilsynet følgjer med på kartutviklinga.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Utfordringa blir at bileta får betre og betre kvalitet, og om dei blir oppdaterte ofte nok, med til dømes dato, så byrjar det å bli farleg presist for å kunne tidfeste hendingar, seier informasjonsdirektør i Datatilsynet, Over Skåra, til VG.

– På denne måten kan ein til dømes følgje med på om folk har vore der dei seier at dei har vore, seier han.

Også britane er bekymra for privatlivets fred.

– Den nye typen kart tek oss over hagegjerdet, seier Nick Pickles, direktør i Big Brother Watch, til avisa The Sun.

– Snart kan du ikkje eingong sole deg i hagen utan å måtte bekymre deg for eit fly frå Google eller Apple over hovudet ditt, seier han.