Hopp til innhold

Svart hol blir kasta ut heimanfrå

Astronomar har truleg oppdaga eit svart hol i ferd med å bli kasta ut av galaksen sin med ein fart på mange millionar kilometer i timen. – Nok ei fjør i Einsteins hatt, seier norsk astrofysikar.

A Black Hole Slingshot? A source in the Cosmic Evolution Survey field thought to be at a distance of almost 4 billion light years.

Biletet viser galaksen CID-42 der eit supermassivt svart hol ser ut til å vere i ferd med å bli kasta ut.

Foto: Chandra X-ray Observatory Center / X-ray: NASA/CXC/SAO/F.Civano et

Nye observasjonar frå NASAs røntgenobservatorium Chandra gir astronomar sterke bevis for at eit massivt svart hol er i ferd med å bli kasta ut galaksen sin med ein fart på fleire millionar kilometer i timen.

Rekyleffekt

Ei forskargruppe leia av Francesca Civano ved Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics meiner observasjonane tyder på at det svarte holet har kollidert med og smelta saman med eit anna svart hol.

Deretter har det skjedd ein liknande rekyleffekt som når ein kanon avfyrer ei kule og kanonen samtidig blir dytta bakover.

Dei kolliderande svarte hola har dytta ut enorme mengder gravitasjonsbølgjer i ei retning, og har samtidig blitt dytta av stad i motsett retning sjølv.

Oppdagingane vart gjort i eit system kalla CID-42 i midten av ein galakse som ligg om lag 4 milliardar lysår unna jorda. Studien vil bli publisert i tidsskriftet The Astrophysical Journal.

– Det er vanskeleg å forstå at eit supermassivt svart hol som veg millionar gongar massen av sola vår kan bli rokka ved i det heile tatt, og endå verre er det å forstå at det kan bli sparka ut av ein galakse med enorm fart. Men desse nye data støttar opp under ideen om at gravitasjonsbølgjer kan utøve ekstremt stor kraft, seier Francesca Civano.

Sjå video frå NASA om dette:

– Fjør i hatten

– Gravitasjonsbølgjer er bølgjer av tid og rom, forklarar astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Ifølgje Einsteins generelle relativitetsteori oppstår det vi kjenner som tyngdekrefter ved at materie og energi krummar tid og rom, det vi kallar tidrommet. Tyngdekrefter er noko vi føler når vi beveger seg gjennom eit slikt krumt tidrom. Og gravitasjonsbølgjer er altså krusingar i dette tidrommet.

Riiser Kristiansen fortel at forskarane enno ikkje har klart å måle strekkeeffekten av gravitasjonsbølgjer, men at ein likevel er temmeleg sikre på at dei finst.

– Verken svarte hol eller gravitasjonsbølgjer er nokon gong observert direkte, sjølv om vi har svært gode grunnar til å tru at begge delar finst. Denne studien er nok eit teikn på at desse fenomena faktisk eksisterer og oppfører seg omtrent slik som teorien seier, seier Riiser Kristiansen.

– Ein teori utvikla med blyant og papir her på jorda kan brukast til å skildre galaktiske kollisjonar i andre delar av universet. Nok ei fjør i Einsteins allereie veldekorerte hatt.

Forskarane presiserer at det finst andre moglege forklaringar på observasjonane, men scenariet med eit svart hol som bli kasta ut ser ut til å vere den mest sannsynlege forklaringa.

The galaxy at the center of this image contains an X-ray source, CID-42, with exceptional properties.

Hovudbiletet viser galaksen CID-42 og området omkring den. I boksane er objektet vist i røntgenlys og optisk lys, og i ein kombinasjon av desse. Bileta frå Chandra viser at røntgenstrålinga kjem frå berre ei kjelde.

Foto: NASA/CXC/SAO/F.Civano et al

Svarte hol på vandring

Forskarane trur at slike hendingar må vere svært sjeldne i universet, men om dei er verkelege har dei ein litt urovekkjande konsekvens.

– Desse svarte hola vil vere usynlege for oss, fordi dei har slukt all omkringliggjande gass etter at dei vart kasta ut av deira heimlege galakse, seier medforfattar Laura Blecha.

– Viss det stemmer at supermassive svarte hol kan kastast ut av galaksar, vil det bety at det finst mange slike utstøtte svarte hol på vandring i mørket mellom galaksane, seier Riiser Kristiansen.